Litt um Maalet.

Naar nokon hev spurt meg um kvifyr seg er Maal-Mann - dette Maalet er so styggt og beintfram, segja dei so hev eg tidast svarat: Eg er Maalmann fyr det, at eg elskar dette Maalet, som dei synes er so styggt og beintfram. Eg synest det er fagert dette Maalet.
           
Det hev mang ein Gong gjort meg vondt aa høyra, at Folk, som talar dette Maalet, segja, det er styggt. Kor mykjet fagrare er no det danske? Spyr du ein liten Unge, som nyst hev tekjet paa aa lesa, um han synst dette Maale, som stend i Boki, er fagert, so svarar han: Uff, det er so leidt so! og so grev han seg bakum Øyrat og ynskjer, at baate ABC-Boki og Maalet ho er skrivet paa maatte fara til Bloksberg. Men kann ho Mor koma med eit Eventyr, so høyrer nok Ungen etter daa og endaa væl au, og inkje gløymar han so fort, det som vert fortald. Kvat er det daa, som kann gjera, at Ungen er so leid Boki og so glad i det, ho Mor fortele? Tru det inkje er Maalet? Eit Stykkje Bibelsoga kann au verta trøysam, naar ho Mor forteljar. Men skal Ungen lesa det i Boki, so synes han, det berre er nokot Skrap. Det fængslar han inkje. Men det Maalet, ho Mor talar, det fængslar. Det er nokot so undarlegt med dette Maalet. Det ligg ein so nært, so ein inkje godt kann skiljast fraa det -, ja det hev ein himmelsk Klang so klaar, som nokot i Verdi. Det synes eg, at alle som talar det, skulde kjende, men det er inkje mange, som vil vedkjende seg dette. Dei, som segjer, at Maalet deira er stygt, segjer med det sama, at dei er stygge sjølve, for Maalet vaart, det er paalag eit Stykkje av os sjølve. Og inkje er det Menneske til, som med god Samvit kann stiga fram og segja, at dei elskar seg sjølve, men at dei hatar Maalet, dei talar. At elska seg sjølv og inkje Maalet, ein talar, det gjeng inkje an. Elskar ein det eine, so lyt ein au elska det andre, for det heng saman det eine med det andre og kann inkje skiljast fraa kvarandre. Skal du tala med Vor-Herre, strakst lyt Maalet fram og inkje trur eg, du knotar daa. Um du gjorde det, so var det styggt av deg, for daa var inkje Bøni di slik, ho skulde vera. Um det vesle Barnet vert nokk so mykjet innprent med dansk i Skulen, so knotar det aldri aat Mor si, for Barnet kann inkje det; det fær inkje sagt, kvat Hjarta meinar paa dansk; so er det med Barnet, men det er likeeins med den Vaksne. Eg trur no inkje den norske Bonden finst, som kunde segja seg god fyr aa segja Meiningi si so godt paa dansk som paa norsk. Dansken kann aldri verta naturleg fyr os Normenn, og det kann no inkje vera aa undra seg yver. Den som inkje hev godt fyre aa tenkja seg dette, han fær taka paa aa lesa med Born, so lærer han snart, at det er Tilfelde.
           
Eg kann hugsa eingong, at Presten kom inn i Skulen til meg. Daa eg no hev gjort fraa meg Undervisningi, so skal no Presten vera lekker han au, maa vita, og so fortel han eit Eventyr, eit morosamt Eventyr. Dei største Borni lo, so dei mest seig av Krakken, og dei smaa lo dei med, men inkje aat det, Præsten fortalde, for det skynad dei mest inkje det halve av, nei dei lo fyrdi dei andre lo. Dette forstod no eg, men inkje Presten. Han tyktes hava gjort det rigtig godt han og gjekk nokk so vælnøgd sin Veg.
           
Den, som hev havt nokot med Born aa gjera, han følar dette, at Dansken er so framand, like framand fyr Barnet som eit annat framant Maal t. D. Tysk og Engelsk. Og den som skal ganga aa preike og trumpfa inn dette Maalet i Barnet, han følar dog støtt kor tungt og seigt det gjeng. Det gjeng endaa aa faa Barni til aa lesa det paa ein Maate, men aa skriva det, det er inkje so let det, og det kostar baade Arbeid og god Vilja hjaa Barnet likesovæl som hjaa Læraren.
           
Det maa ein vona, at Folk meir og meir maa koma til aa skyna, at meste Delen av den Tidi, Borni deira gjeng paa Skulen, gjeng burt til aa traake desse tungvinne danske Bøkerna igjenom. Og vidare maa me vona, at Folk meir og meir kjem til aa forstaa kor mykjet glattare det gjekk fyr Borni deira, ifald me fekk inn i Skulen det Maalet, me sjølve talar, det norske.
           
Idet me vonar, at den Tidi skal koma, at ingen norsk, fri Mann skal segja um Maalet sit, at det er styggt, um det enn er beintfram, held vi fram aa stræva fyre, at Nordmannen skal verta seg sjølv baate i Skule og Bok.
                                               
W.