Illske.

Dei klagar so myki yver all den Illsken, som hev komet upp no med Politiken og segjer, at det er reit raalaust.
           
Eg skal inkje her halda meg ved det, at det er Høgre som klagar, og at det er dei, som heve den beiskaste Illsken og, so at dei klagar dermed yver seg sjølv.
           
Men det eg vilde sagt var dette.
           
Vardetsoliktseg, det er inkje raalaust.
           
For med Illsken hev det seg samaleids som med Skjelten og Isingi gjenom Kroppen, naar ein skal lauga seg, og berre sting Tærne nedi Vatnet. Daa tykkjer han det er bitande kaldt. Og han hev tvo Raader, anten kann han draga Tærne uppatt og klæda paa seg med det sama, hell han kann føra heile Kroppen under Vatnet, daa kjenner ein inkje til Kulsingi det Slag meir.
           
Slik er det og med Illsken i Politiken, same Raadi vil eg gjeva dei som barmar seg der:
           
Drag deg anten utor Politiken reint hell slepp deg nedi heilt.
           
Men eg veit væl, at slik ei Raa inkje munar det Slag paa Høgremennerne, for skal dei gjera det paa den fyrste Maaten, so er det det sama som aa gjeva tapt paa Timen, og skal dei gjera det paa den andre Maaten aa sleppa seg nedi meir, so er det det same som aa ganga yver til Vinstre, for det er berre Vinstre, som verkeleg heve Politik, men naar Høgre skal leggja seg for myki frami, vert det utsjaa-ands som Katten, naar han er ute i Styggevedr, han vert vaat som ei Tøyse 1) .
           
Eg veit soleids det inkje monar aa gjeva slike Raader aat Høgre, dei vil inkje bruka dei korsom er. Det er likeins med de som med Bjørnen, daa
            han sat i Bakka nord,
            mangt so munde han hugsa.
            Skal eg symja den breie Fjor,
            vaate verte mi Buksa.
 
           
Men liberavi animam meam hell eg hev fengjet det or meg.
           
Vinstremenn vil eg daa i alle Fall leggja det paa Hjarta. Kjenner De, at Illsken held paa og vil koma paa Dykk, so legg ut i Politiken endaa meir, symje so Fossen sprutar. Naar Vatnet fløymer um deg heilt, og du berre stemnar beint fram mot andre Landet, so kann dei skvetta paa deg so myki dei vil, um dei og endaa naar deg, so kjenner du det inkje.
           
Ein vert leid paa Leidi aa sjaa nokre Folk standa langs Strenderne og skvetta Kaldvatten paa kvarandre og faae vil vaaga seg uti.
           
Lat oss symja ifraa dei, me vil inkje sjaa dei, me vil inkje vyrda dei, lat dei halda paa med Viprurne sine og standa gaula som dei vil. Naar ein kjem utpaa noko og fær kjenna det friske Vatnet, vert ein lett i Hugen og varm um Hjartat. Han ser seg um med ein Smil og berre ropar: Kome etter.
 
           
Dei radikale. Det var ein Prest her vestpaa, som skreiv under paa Uppropet imot det radikale Parti, endaa det finnst ingi slike i mi Bygd, sette han til, men han trudde daa det var av dei andre Stader.
           
Eg hev høyrt gjetet so mykje dette radikale Parti, at eg au nær haddetrutt det maatte finnast, naar det var so mykje Tale um det. Men der eg er heime viste eg inkje um nokon slik, det maa daa vera andre Stader daa dei held seg, tenkte eg, likasom denne Presten. Eg totte Moro reisa iveg og finna desse radikale og sjaa, korleids dei var laga. Og no hev eg faret mange Stader i Landet der eg venta, at slike Folk helst skulde halda seg, men alt det eg hev baate leita og spurt, so hev eg inkje endaa voret god til aa finna dei; berre støde, rolege og væltenkte Folk hev eg funnet all Stad. Tru dei daa skulde gjøyma seg burt nett naar eg kom? Eg tenkte daa inkje eg var slik Skræma hell. Det er noko heiltupp mystisk ved dette, er det, naar ingen kann faa sjaa dei. Men dei maa daa væl hava set dei, dei som skriv og sender ut Bøker mot dei, veit eg. Hell er det som med Huldefolket kanskje, at det skal ei serskilt Gaava til for aa faa sjaa dei, og ei viss tru paa at dei er til. Men eg hev daa havt Viljen til aa tru det ogso eg, berre eg haddefenget so mykje som ein Glytt av dei.
           
Kjære Dykk! Finnst det inkje ein einaste Prest hell Profet her no daa, som er so god i Boki, at han kann mana dei fram, um det var so berre ei ørende liti Stund. For det er det leide med det, naar Folk berre held paa og skriv og skriv um dei, men inkje kann syna dei, so trur ingen paa det meir enn paa eit Spøkje. Ja mange sluttar med aa tru paa slikt og, dei meiner at det verste som er av slikt, det er det, som spøkjer inne i Hausom paa Folk.
           
So trur eg det er med det radikale Parti, det er berre noko, som spøkjer inne i Hausom paa Folk.
           
Men daa er det heiltupp løglegt aa sjaa Prestar og lærde Menn fara lenger med slikt.                                        
n.
 
 
1) = bløytt Høy.