Greidleik,

det er nokot som her finnst litet av, men som eg vilde det skulde vera meir av all Staden. Det hev voret meint fyrr, at den norske Bonden er det inkje medfødt Greidleik, so at det difor inkje nyttar aa krevja slikt, ja snaudt aa tenkja paa aa ala det upp.
           
Men det trur inkje eg.
           
Det hev laga seg Ord um Bonden, som er tvert imot Greidleiken, naar deitalar um slikt som Bondefulskap, at ein maa stella seg fint med Bonden og fara varleg fram, inkje vera for braa og bein paa det, so han vert tykkjen.    
           
Ganga paa Revaklør, det er Ord, som dei meiner høver best paa Bondeskikken.
           
Slaa paa Skaaki, og meina Merri, det er og eit Ordtak paa same Vis.
           
Sviva som Katten um den varme Grauten, er og eit.
           
Aa bruka Umvegjer og Avsveipur i all sin Tale og Framferd og kjenna seg væl fyri med Innpaaleikingar, fyrr ein nemner noko beint fram, det vert reikna for Folkeskikk.
           
Og likeins aa bjoda av, naar nokon byd deg noko, vera var og forøven, og lata seg truga i lengste Laget, fyrr ein tek mot nokon Godviljes-Mun.
           
Ganga og furta aa vera sær baate Aar og Alder, aa taka seg ein Nagg, som inkje gjeng ut, berre av eit lite Ord, men vera lika blid, berre gjeva fraa seg eitkvart tvitydugt Ord ender og daa, so den som er gløgg kann skyna det og finna ut den Meiningi, som ligg under alt detta er av same Slaget.
           
Og so alle dei Løynde-Ting, som her finnst, Maalet yrer av slike Ord, mest i Telemarki og Sætesdalen, anten det er daa fordi, at det finnst mest av slikt der hell det er fordi, at Maalet er so godt uppøvt og uttøygt i alle Maatar, so det maa vera det um dette og. Der er det Løynde-Ord, Løynde-Smil, Løynde-Sukkar, Løynde-Taarir, Løynde-Lag, Løynde-Kveldar, og løynøygde Gjentur.
           
Etter alt dette hev Bonden og Livet hans vortet skildra, allvist i Forteljingarne hans Bjørnson.
           
Men eg trur inkje noko paa det, endaa um eg veit væl det finnst nok av det.
           
Eg trur slet inkje det høver med Naturen i Folket vaart dette ubeine og sveiputte, og du finn ogso mest ingen Ting av det i dei gamle Skrifter. Men det er noko, som hev sprengt seg inn i dei daude Tider, daa me inkje raaddeoss sjølve, daa vart det sett Ræddhuge og Stikk og Umannskap i Folk, og i det hev det Roti si dette Laget.     
           
Men hellest agtar eg det og paa sin maate, for det hev voret ei Form for Livet, som mangt vent og gjævt hev vakset upp i, soleids hev det allvist paa Austlandet fenget ei Feita og ei Luna med seg, som inkje er til aa mismæta, denne Skalkingi og Tvisyni, som Vinje skriv so mykje um, at kvart Auga kann hava sitt Lag, det eine kann lægja, meda det andre græt.
           
Men det høver inkje for vaar Tid, ho er for aalvorleg og hev for mykje aa gjera, alt maa ganga beintfram, og dette her Laget burde me hava vakset ut or, men det sit nok att for mykje endaa.
           
Eg skal undrast paa, um det nokor Tid vil ganga an aa faa full Greidleik paa Kvinna, hell um det finnst noko Land, der so er Tilfeldet. Eg held det for mest umogelegt, men var det nokon Stad det kunde verta, so trur eg likevæl det laut vera her uppe i Nordlandi. Han var ein Vælgjerar mot Samfundet, som kunde faa rett Greide med dei. Men eg tykkjest no tru, at det maatte ganga an ein Gong likavæl. Dei kann inkje vera stort meir ugreide enn Mennerne hellest; i Kjærleiksstellet er det ymist med dei. Daa er det sjeldan hell aldri det gjeng beint fram, men paa Løyning og Dyljing alt saman.
           
Det er so gamalt som alle Haugar slik Kjærleiksgreida, men endaa hev det inkje komet Greidleik i det. Men hellest er det no Mannfolki si Skuld mykje, for dei vil inkje hava nokon Greidleik i detta, dei tykkjer det er morosamast som det er.
           
Det er i Politiken, som no er den Grein av Livet, der den historiske Utvikling legg seg fram i Dagen, at ein skulde venta aa finna noko Greidleik. Men det er inkje myki greidt der hell. Det gjeng aldri væl an, naar ein treffer ein Kar aa spyrja beint fram: kva er du, Høgre hell Vinstre? Men vil ein vita noko um det, so skal han anten spyrja andre hell so lura det utav honom, finn ein so, at han hev det same Partiet som han sjølv, ja daa er det greidt, men hev han inkje det, so er det som ein Mur reist upp millom dei, det er som um det inkje var same Slaget, det er som um dei var Fiendar hell Ovundsmenn, som snaudt kann sjaa ærlegt paa kvarandre. Endaa um dei kann hava Liv i Politiken baade tvo, so held dei seg helst ifraa aa tala um honom, fordi dei fæler, at det vert berre Illhuge.
           
Istadenfor skulde ein venta, at det var so mykje Greidleik, at Folk kunde taka slikt med Ro.
           
Er han av eit anna Parti, so bør eg daa inkje tru, at det er for aa vera meg til Mein, men eg maa skoda paa honom, som eg skodar paa eit Tre hell ein Stein, som inkje sjølv kann flytja seg. Ein fullgreid Kar kunde jamvæl segja det, naar han var ihop med likandes Folk av det andre Slaget, at det hadde voret hugsamt, um han og hadde havt same Meiningi og kunnaarbeidt i Lag med dei utan at han treng aa vigla det Slag i sitt for det, og han slepper ingen Ting utav Hendarne for Saki si hell.
           
Det er berre, naar Motburden vert for stor, han maa faa Mannskap med seg og rulla til Sida liksom andre Naturhindringar, so at han kann koma fram.
           
Ein greid Kar vyrder inkje so mykje kva Slag Meiningar han hev, berre han veit, at dei er slike, som høver aat honom; han vyrder inkje hell so mykje kven som vinn anten hans Meining hell den andre, han liter paa, at det kjem daa ut det som Stordelen av Folk vert tent med, og daa maa han væl vera det han og. Hellest heng han inkje so fast i kvar Augneblinken nettupp, anna han veit, at ei Sak, som tykkjest honom vera illi fari, slett inkje er avgjort utan i det høgste for hans Livetid, men at det stend fritt for sidan aa vøla um det, han veit at Historia aldri læt seg binda men tek Faret sitt der ho vil.
           
Det er so mykje Juristing og Diplomatik, som Folk trur høyrer med til Politiken, men det er inkje Politik slikt, det er berre Vrangsida hans, og han vert inkje rett, for det kann verta full Greidleik.
           
I det religiøse er det verst. I Politiken hev daa Stordelen av Folk gjort seg ei Meining sjølve, men i det religiøse er det berre faae som hev det fullgreidt, anna dei gjeng etter gamal Sed og Skikk og er for likasæle um aa eiga Sjølvstende.
           
Um du vilde ganga andfares og spyrja Folk, um dei var kristne hell korleids, so vilde du sjeldan faa greidt ja og nei. Ein stor Del vilde vrida seg unda og slet inkje svara deg, sume vilde segja aa nei inkje som eg burde og skulde, andre vilde skjota til det, at det her er berre kristne Folk, so maa væl dei og vera det. Dei fleste vert vonde og vil finna paa, at det ligg noko under, som inkje er godt, naar ein kann spyrja slik.
           
Um det og er Folk, som hev det greidt for seg sjølv, so kann ein aldri spyrja soleids, at dei maa svara beint: Eg er kristen, hell: Eg er Fritenkjar, hell kva han no er. Men ein skal kjenna seg fram smaatt um Senn.
           
Mange kann vera varmhuga kristne, men hev inkje Illhugen til aa standa til det, og likeins med Fritenkjarne.
           
Nei i det religiøse er det slik Dyljing, at det er fæle Ting. Ein skulde tru, anten at det religiøse Livet var nokot faarlegt, som inkje burde koma for Dagen, hell at det var so smaasamt, at det inkje magtad aa skjota upp or det dulde, upp or Moldi.
           
Men det er mesto ein Folkeskikk, som hellest hev si Rot i Ræddhugen i Folket.
           
Eg, som er kristen, trur, at det vert inkje rett Lag paa Kristendomen, fyrr han kjem til aa stiga heilt fram og segja sitt Namn greidt og syna seg kven han er; eg meiner han er gamal nok til det.
           
Og eg meiner, at Kristendomen skulde hava Greidleiken ser um Lag, den Einfold, som Apostlarne skriv um, ber mykje inn paa det same.                                
 
c.