[Um Uppropet til "Kristendommens Venner"...]

Um Uppropet til Kristendommens Venner skriv ein Kyrkjeven i Nordm., at det kjem væl til aa gjera myket vondt fyre den norske Kyrkja, ifall det skal halda lenge paa, som det nohev teket til paa mange Stader. Dei meste Prestarne er som dei meste Embætsmenn Høgremenn, som fær sogodtsom all sin politiske Visdom fra Morgenbladet, Aftenposten og slike Kaksar; dei blæs aat Vinstrebladi og vil knapt sjaa deim, langt mindre lesa deim, og naar dei so Dag etter Dag og Aar etter Aar tek allt inn gjenom den eine Sida, so kann ein mest skyna, korleids det vert inni deim. Ogso kann det au no synast aa vera mindre faarlegt aa gjeva ifraa seg til andre desse morgonbladiske Høgrelærdomar jamvæl paa Prekstolen, naar teologiske Professorar, Bispar og andre høgvyrde Menn tek paa aa ropa, slikt som dei no hev gjort, og naar so desse Skrivekultarne sender ut Bøkerne sine um Den politiske Situasjon, um Det radikale Parti og Rigsretten o. s. v., daa kann ein inkje stort undrast paa, at Prestarne fær det ansamt med aa faa Folk til aa lesa aa taka imot den rette politiske Tru. So reiser Vinstremennerne seg. Mange av deim les baade Høgre- og Vinstreblad og kann betre greida baade den eine og andre Sida av Politikken enn sjølve Presten. Dei hev Størsteparten av Bygdafolket med seg fyrr og fær fleire og fleire, so Presten ingen Veg kjem med det nye Strævet sitt.
           
Allt detta vilde vera baade godt og væl, ifall det inkje drog nokot etter seg. Men just det, som kjem etter dragande, er det, som gjerer vondt. Folk tenkjer som so: Prestar hev me, fyr at dei skal arbeida fyre Kristentru og inkje fyre si politiske Stormannstru; men vil dei nytta Prestakjolen til Teneste fyre Novemberpolitikken, so fær me sjaa til aa løna deim deretter. I ei Tid, daa Folk tenkjer og talar so myket um Politikk, toler dei inkje myket av det Slaget, naar det kjem fraa Presten, især naar han stend paa Stolen. Der skal inkje mange politiske Ord til, fyrr Folk mindre søkjer Kyrkja. Tidt kann nokre Ord, som berre hev som ein liten Snev elder Bismak av Politikk, gjera det. At sovoret er galet, kann kver vita. Me gjeng inkje berre til Kyrkja fyr aa høyra Presten. Kyrkja er eit Bedehus, og me baade treng um og hev godt av aa vera der, um so Presten segjer mykjet, som burde vera usagt.
           
Men inkje nok med di, at Kyrkjorne tømest. Endaa mindre hev Folk Hug til aa betala Prestarne fyre politiske Smakebitar. Ja, det kann vera vondt nok fyr deim aa faa det, dei skal hava. Uvilje mot Prestarne hev so svært lett fyre aa gaa yver til Uvilje mot gamle gode Kyrkjeskikkar og mot Kristendomen i det heile, av di Folk rører og blandar ihop Person og Sak. Slikt finn ein longe no inkje so litet av utyver Bygdarne, og Gud gjeve, det inkje vart verre!