[Rettno skal Riksretten...]

Rettno skal Riksretten taka aat. Det vert til Gleda for alle fredelege Folk, at me no endeleg ei Gong skal faa ei Løysning og ei Endalykt paa alle desse Spursmaal, som hev sett Samfundet vaart i Uro og ført so mykje saar Strid med seg i dei siste Aar.
           
Folk stundar etter Fred.
           
Dei ventar, at den Regjeringi maa verta avløyst, som hev vanstelt Fridomen vaar so illa, at det Systemet maa verta avlyst, som hev ført oss frammi so mykje vondt, og at dermed den Flokken maa verta kraftlaus, som øser upp Folket, og set sine eigne Interessur høgre enn Landsens Framgang, og som lite hell inkje tykkjest vilja sky for aa fremja sine Fyremaal.
           
Me set all vaar Lit til denne Retten, allvist til dei folkekorne Menn.
           
Me vonar, at dei no i denne Fritidi dei hev havt, hev fenget kveikt upp att sitt Inntrykk av Stemningi millom Folk, so dei kann ganga til sitt Yrkje med Aalvor og Kraft, som høver, og med det fulle Andsvar, at det her er dyre Eignaluter for oss alle, som det gjeld um.
           
Me vonar, at alle vil standa der trygge og fasta og fara fram beint ettersitt Samvit og beste Skyn, utan aa lata seg rugga anten av godt hell vondt, anten av Bønder hell Trugslur, anten av Ræddhuge hell Veikleike, anten av Kunster hell Knip hell Raaer.