["Gift" er Namnet paa siste Boki hans Alexander Kielland.]

Gift er Namnet paa siste Boki hans Alexander Kielland. Ho fortel, korleids Smaaguten kann hava det heime og paa Skulen.
           
I denne Boki fær ein sjaa, korleids Embættsmennerne vaare fær si fyrste Utvikling; naar ein hev leset henne, vil ein inkje undrast paa, at dei er slike, som me veit dei er.
           
Han fylgjer oss til Latinskulen, opnar Dørerne, set oss midt i Klassen og let oss faa høyra paa Læringi og sjaa paa Livet, korleids all Ting gjeng for seg. Det er mange underlege Sellar desse Lærararne, skal De tru; han gjer dei no verre enn dei er dei fleste, daa i nyare Tider, men det er daa likt seg i det heile.
           
Han er kavende vill paa Latindaningi og den Skulegreida, som dermed fylgjer; ho fær sagte kjenna Svipesnertarne hans.   
           
Det er tvo Gutar, me fær høyra um noko serskilt. Det er lille Marius, som rauk med for Skuld Latinen, som sat i Hovudet hans jamt.
           
Og so er det Abraham Løvdahl, som var av betre Manns Folk, dei kallar. Mor hans hadde haldet seg mykje med Maalstrævararne fyrr og hadde sin Hugnad i Snorre. Ho var komen frami Fritenkjarskapen ogso. Ho hadde ein Dott til Mann, men ein finsleg Kar i sitt Umgjenge, som inkje støytte nokon for Fot. Men han var rædd og var um Sonen sin, for at han skal verta som Folk flest og inkje koma frami noko, som kann skjemma ut Framtidi hans. Der var Moderi paa ei onnor Sida, ho vilde hava honom burt fraa den vanlege Aalmannvegen. Dei vart usamde Foreldri i detta, allvist naar det leid til den Tid, daa Guten skulde ganga for Presten, der ho inkje vilde han skulde gjera det, for det er stor Synd af os, om vi med aabne Øine sender vor Søn lige ind i Løgnen og Fusket. Ho laut daa finna seg i det, at han skulde ganga med og lesa, men so vilde ho taka honom fyri seg den Dagen han skulde til Kyrkja, og kunde han inkje daa med full Sanning segja aat henne. jeg vil og kan aflægge Løftet, so skulde han hell inkje stædes til Løgnens Fest, saasandt jeg hedder Wenche. Men det bar inkje solangt, ho var i Millomtidi komet seg frami noko Kjærleiksgreide med ein Mordtmann, som gjorde, at ho tok Livet av seg sjølv med Gift.
           
Det sat nokon ved Guten, som inkje var plent som det skulde etter Skikk og Bruk, allvist daa Marius livde, men det vart lempat og stelt fint med honom, so at naar Boki sluttar, paa Konformationsdagen hans, kann dei hava all Von um honom, at han vil verta ein av det rette Slaget.
           
Boki er framifraa godt skrevi. Ho hev mangt, som det er verdt aa taka seg Tankar av.
           
I gamle Tider var det berre dei raabarkede, som var imot Latindaningi, no er det merkjelegt aa sjaa, at det er komet solangt, at jamvæl ein Kulturmann som Kielland kann hava dei same Tankar um henne.