"Husmanden".

Dette nye bladet, som vert utgjevet og styrt av Klokkar Fedje i Follebu, vil eg gjerne leggja inn eit godt Ord for. Det er etla aat Smaafolket paa Landet. Og dette er nok til aa kjenna Samhug med det og ynskja det god Lykke til Arbeidet. Bladet vil faa hardt og tungt Arbeid; men Maalet er og stort fagert: Smaafolket paa landet skal læra aa skjyna sin eigen Turvnad, skal faa Hugmaal og Upplysning, so det kann staa fram og krevja sin Rett til aa verta tekne med i Storarbeidet for Norigs Folk, og so faa sin Lut av den fagre Grøda, som dette Arbeidet dreg i Hus. Husmanden skal gjera Husmennerne til Bønder. Det er Maalet. Men lange Tider vil gaa, mange harde Tak maa takast og mange Kraftter vil spiddast, fyrr det vert naatt. Men difor trengst det um aa byrja og byrja med Aalvor og Kraft. Husmanns-spursmaalet er eit av dei fyrste, som maa greidast, naar denne Storpolitikken er tilendes. Og Husmanden vil vonleg koma til aa gjera mykje i denne Saki. Mange og helst Gardmennerne ser paa henne med mistrugne Augo. Høgre vil gjera, kva det kann for aa skræma Bønderne burt fraa henne, men Husmanden vil vonleg greida Saki slik ut og vera Foregongsmann for Husmennerne paa slik ein Maate, at Folk vert nøydde til aa kjenna Samhug med Arbeidet hans. Husmanden vil vist ikkje krevja, at Husmennerne skal faa Plassarne sine til Sjølveigedom, daa vist ikkje fraa fyrstundes. Det er mykje annat Arbeid, som maa takast fyrst. Og Husmanden vil nok finne den rette Arbeidsmaaten. Eg vil raade alle Husmenn og andre Smaafolk til aa tinga Bladet. Dei vil med det gjera seg sjølv ein Bate so stor, at det vil synast uppigenom alle Tider. Prisen er laag, Kr. 1.25 for Halvaaret, so Kostnaden vert kje stor. 1) Og so vil eg raada Bøndar til aa stydja Husmanden. Dei vil med det gjera ein god Gjerning, som vil minnast lengi. Og ingjen maa lata segskræma av Høgres Rødur um, at Husmenerne skal verta rike paa Gardeigararnes Kostnad. Ingjen hev tenkt paa nokot slikt, langt mindre arbeidt for det.
           
Sistpaa vil eg bera fram mi varmaste Takk til Klokkar S. Fedje, som tenkte paa Smaafolket i ei Tid, daa alle tyktest aa hava gløymt alt for Skuld Storpolitikken. For det vil han minnast lengi i Norig.                           
 
- m -
 
 
1) Men det vore visst betre, um Utgjevaren kunnad stella det slik, at Tingarne fekk betala for Fjordungaaret. Kr. 1.25 med ein Gong vil kanske verta for stort Utlegg for mange Husmenn.
 
m-