Tidender.

Kristiania, den 28de Juli.
           
Framlegget om Sereigemillom Æktefolk, som er sendt ut til Bygdestyringarne til Yvertenkjing, hev vortet avraadt mest all Stad. Av dette finn Høgrebladi ut, at Folk jamfares er konservativt og held paa det gamle, naar det kjem noko, som kvar Mann maa segja si Meining um av seg sjølv, utan at han hev vortet dregjen med av Agitationen.
           
Ja det er sannt, Bondeflokken er verkeleg so konservativ, som det er Raa til.
           
Men so gjer dei ei snodig Vending: Var inkje Agitationen i Politiken, so var dei konservative der og, segjer dei.
           
Trur De daa verkeleg det, gode Høgremenn, at ein Agitation kann driva Bonden ut fraa hans Natur og burt i det, som inkje er hans yvertenkte Meining? Kvi gjer De daa honom inkje til Høgre? De hev Viljen og sparar daa korkje Arbeid hell Pengar.
           
Nei tenkje greidt gode Karar og sjaa Dykk um, so skal De sanna, at so visst som Bonden er konservativ i det eine, so er han det ogso i det andre; den Politiken, som no Bondeflokken ber fram han er inkje anna enn Konservatisme all igjenom. Konservativ hev Bonden voret all sin Dag og det vert han lenge men Bakstræv, nei det er umogelegt aa faa inn i hans Natur, fyrr kann du temja Vatnet til aa renna mot Bakke.
 
           
Bokdom.Bjørn Berge vert umrødt i Dagbladet av G. Han meiner, at denne Striden millom Pietisme og Grundtvigianisme, som Boki umhandlar longo er fraa seg gjord i den aalmenne Literaturen, so at det er noko avleides og mindre høvelegt aa skriva Forteljingar um slike Emne no lenger. Eit Diktarverk, som skal hava høgre Verde, segjer han, maa paa Sæt og Vis bidrage til Behandlingen af Samtidens Problemer. Det høgste slike Forteljingar som denne kann naa upp til er daa aa verta praktisk nyttige Folkebøger, som kann hjelpa til aa løfte Menigmand op af de Dunkelhedens Jammerdale, hvor den Slags Spørsmaal kan synes at have Betydning.
           
Aa stella fram Folkelivet i dets nuværende Overgang fra en gammel naiv Kultur til mere reflekterede Standpunkter kann væl vera forvitnelegt i seg sjølv, segjer han, men daa laut det brukast de Midler, hvormed Skildringens Kunst nu for Tiden arbeider.