Paa Støylen.

[Del 1 av 2]
 
(Av Hermod Hejmdal.)
 
_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _
 
Eg hev so vondt for Bringa,
Eg mistad Guten min.      
Kvar Dagen maa eg graata
All Sute or mitt Sinn.
           
_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _
 
           
Det var Gjertrud Høgvoll, som kvad. Ho sat paa ein liten Stein utanfor Selsdøri paa Fjellstøyl. Det var Laurdagskvellen, og ho var flidd til Helgi. Den svarte bylita og fløynskanta Stakken laag i Ussur paa Vollen kring Føterne hennar. Ho sat bararma i ei drivande kvit Skjurte, som var samansprett i Bringa med tvo blenkjande Sylgjur, ei lite med Lauv og ei utan. Haaret hekk nedyver Ryggen i tvo digre Flettur, som endad i ein stor Dusk av eit fælande fint Haarband. Det mørke Musselinsplagget hadde ho kasta laust yver Herdarne.
           
Med Dagstrævet var ho ferdug.Ho hadde stillt inn Buskapen. Kjyrne stod i Vaarfjoset eit Stykke attpaa Sætervollen. Einskilde Bjølleslag høyrdes av og til, stundom Skrumpe, stundom Tingel. Ei stor braandutt, slutehynt Kjyr var bundi utanfor Veggen paa høgre Sida av Døri. Ho var buvond og fekk kje Lov til aa vera inne med dei andre. No laag ho og jortad; for ho hadde kje nokon aa vera vond paa.
           
Sauerne stod i Grindi ned paa Ekra. Tvo Hornbøkrar heldt paa aa stangast um ei ung Tulle, som dei baade hadde huglagt. Ho stod tett innmed og saag paa. Dei andre laag stille, Laambi jamsids Møderne sine.
           
Graaskjegg og Nykle og alle Frillerne hadde lagt seg i ei Rad rundt ikring Selet. I Regnver heldt dei til under den store Kruskegraani uppe i Bakken. Men denne Kvelden var det utifraa fint Ver. Soli seig attum Fjellraandi og gjyldte dei høgste Kollarne og Liarne langt nedigjenom. Det var so drøymande fagert, so undarlegt stilt paa Støylen denne Kvellen. Gjertrud hadde sett seg for aa spita ut ein Sokk, som skulde sendast heim um Sundagen. Det var kje stort, som var att; men han vart likevæl uferdug. Tankarne tok henne og lagde seg steintunge yver Hugen. Tanken paa Framtidi baareskar Bringa hennar. Ho kjende, ho laut kvelda, og so kvad ho. Ho vilde jaga dei tunge Tankarne fraa seg med det. Det var paa Olav Norvoll, Gjertrud tenkte, og um honom var det ho kvad og. Ho saag alt i eit nedetter Støylsbaret der Vegen laag til Heimbygdi.
           
Synet hennar vart dimmare og dimmare med kvart Vers av Visa. Sistpaa saag ho berre ende fram for seg. Augo kom fulle av Taarir, som hoppad av ned paa Kjinni for aa faa betre Rom. Ho tok upp Lumeduken sin, heldt han for Andlitet og let Hovudet siga av ned i Fanget. Slik sat ho og kjempad med Graaten, medan Tankarne for skrikande gjenom Hugen.
           
Med Olav hadde Gjertrud voret saman altfraa ho var so stor, at ho fekk Lov til aa ganga burt til Norvoll aaleine. Dei hadde meir enn ein Gong lætt og graatet saman. Ho hadde sagt Sogur for honom og han det same for henne. I Skulen hadde dei lært den same Leksa og setet midt for kvarandre ved det same Bordet. Og baade tvo stod dei høgst paa Kjyrkjegolvet, daa dei slapp for Presten. Sidan hadde dei voret saman i Dansar og Lag. Og stødt hadde dei havt Moro med kvarandre. Dei kjende det paa seg, at dei aldri kunde skjiljast. Dette sagde dei og i Loftet paa Høgvoll den Vetrekvellen, dei forlova seg. Men det var andre, som hadde ei onnor Meining um den Tingen. Og det var Foreldri hennar, Knut og Anne Høgvoll. Dei heldt usegjeleg av Dotter si. Dei vilde henne alt det beste dei visste. Og difor maatte ho kje hava Olav Norvoll. Ho kunde aldri verta sæl med honom, meinte dei. Han var nok Syskjenbarnet hennar; men Mor hans, som var daai for lang Tid sidan, hadde aldri voret gjift. Gjermund Norvoll hadde teket Olav til seg, daa han var ørliten. Og sidan hadde han voret der. Han var Lausingungi og Fosterbarn. Og med slik ein kunde Gjertrud aldri verta sæl. Nei daa var Skrivarsonen Hermann Dale ein annan Kar. Han hadde teket Presteeksamen med beste Karakter og vilde snart verta Prest. Gjertrud vart daa Prest-fruve, um ho fekk honom. Og det kunde ho. Han hadde gjenget paa Friing til henne mange Gongur, men han hadde tala mest med Foreldri; for Gjertrud var for blaug ho til aa røda med ein so fin Fant som Hermann Dale. Men med honom maatte ho verta sæl; det var kje Raad med annat, tenkte Knut og Anne. Og so vart det avgjort, at ho skulde hava Skrivarsonen, der snart vilde verta Prest.     
 
Det hjelpte kje stort, um Gjertrud vissad, at ho aldri vilde faa ein glad Dag korkje med honom hell nokon annan, solengje Olav livde.
           
Vert du kje sæl med Hermann, kos vil det daa ganga deg med Olav, sagde Mor hennar.
           
Aa jau med Olav Mor, sagde Gjertrud og tok henne kring Halsen. Tru aldri annat. Han er so usegjeleg snild og god og held so hjarteleg av meg.
           
Men det skal nokot meir til for aa verta sæl, og Olav hev kje det. Naar Gjermund døyr burt, er Olav heimlaus.
           
Dette var Svaret, Gjertrud fekk av Mor si. Det, Far hennar gav, var endaa buttare.
           
Eg meiner, du er skrulli vorti eg Gjente. Taka ein, som kann kje syta for seg sjølv langt mindre for Kjering og Ungar. Ein skal daa aldri hava høyrt verre Jaale til Gjente.
           
Med dette laut Gjertrud tigja. Ja-ølet skulde drikkast Sundagen etter Olavsok. Og til dess var det berre tri Vikur. Det var paa dette, Gjertrud tenkte, daa ho sat graatande utanfor Selsdøri paa Fjellstøyl med Hovudet i Fanget. Ho sat ei lang Stund slik. Spitsokken hadde ho reint gløymt; han laag jamsids henne paa Vollen.
           
Eg vil heim til Olav ikveld! Eg maa faa snakka med Olav ikveld, ropad ho hugsprengd, reis upp og gjekk nedigjenom Vollen. Det var avgjort, ho vilde heim i Bygdi. Ho maatte finna Olav. Ingjen annan enn han kunde trøysta henne. Ho laut enno ein Gong faa sjaa dei blaa, trugne Augo hans, enno ein Gong høyra det fagre, klangfulle Maalet, enno ein Gong kjenna det trufaste Handtaket. Naar det var gjort, kunde det vera det same med alt annat. Daa kunde ho gjerne døy. Det maatte ho, kor som var. For aa liva utan Olav, det var aa døy for henne. Og Olav vilde halda Fylgje, kor det barst av, og kva som hende. Det hadde han sagt mange Gongur. Og daa var det sikkert.
           
Med desse Tankarne for Gjertrud nedyver og inn millom Buskarne, der Vegen laag til Heimbygdi. Ho sprang meir enn ho gjekk. Ende nedanfor Støylen maatte ho gjenom ei fælande tjukk Graanlid. Buskarne stengde mest Vegen. Men dei meinkad kje Gjertrud. Ho bøygde ingi Grein tilsides og braut ingjen Kvist av. Ho berre smaug under, smaug og smaug. Plagget heldt ho i Haandi. Haaret vart laustrivet og flagsad nedetter Ryggen. Det bar fort avstad med henne. Men so stanad ho med ein Gong, som ho vart klumsa. Ho møtte ein Karmann. Dei gaadde kje kvarandre, fyrr dei stod tett inn-med einannan. Karen var Hermann Dale. Han bar paa Byrse og Fiskestong. Han var vani med aa liggja paa ein av Støylarne med Helgi aa fiska og skjota. Denne Gongen skulde det vera paa Fjellstøyl hjaa Gjertrud. Han hadde rødt det av med Foreldri hennar, fyrr han reiste heimanfraa, og hadde Bod med fraa dei.
           
Hermann stod som fjetrad, daa han gaadde Gjertrud. Dei raude Augurne og det utgraatne Andlitet gjorde honom reint forfælt.
           
Kva i Jesu Nam er det, Gjertrud? spurde han heilt ørskjen.
           
Gjertrud svarad kje med det same. Ho visste kje plent, kva ho skulde segja.
           
Hev Bjørnen voret til med Buskapen? spurde han att.
           
Aa ja, ja, svarad ho tevlaus. No visste ho, kos ho skulde stella seg.
           
Han er like etter meg.
           
So i Jesu Nam kom.
           
Han kastad Fiskeraata og sprang attende.
           
Nei spring kje fraa meg! Skjot Bjørnen, Hermann, ropad ho og fylgde etter so godt ho kunde.
           
Aa Gud, eg tor kje! Han flaug endaa fortare enn fyrr.
           
Vent for mi Skuld!
           
Herre-Gud, kom no daa!
           
Han sprang livrædd alt det han orkad. Gjertrud fylgde etter; men inkje langt, berre solængi ho saag Hermann. So sette ho seg paa ei Lyngtuve. Dette Hende tykte ho var trøysamt, ja so løglegt, at ho laut lægja. Ja det er rette Hermannen det, sagde ho og slog ihopes Hendarne og skrattad.         
           
Han gjeng med Byrsa i Handi, og endaa tor han kje ein Gong freista paa aa verja Gjenta si for Bjørnen. Aa Gud hjelpe oss væl!
           
Det hadde gjenget, som Gjertrud vilde. Ho hadde fenget røynt, kor djerv og vaagsam Hermann kunde vera for hennar Skuld. Han vilde kje lata Livet for henne, var det likt til. Og so hadde ho fenget skræmt honom heimatter. No kunde ho kanskja endaa faa røda med Olav Norvoll. Men so kom ho ihug, at Hermann vilde fluga heim i Bygdi, fortelja um Hendet, vitskræma Mor hennar, samla ei heil Horg med Folk og koma uppatter for aa taka Bjørnen. Og so var det ingjen Bjørn. Ho kom til aa narra heile Bygdi. Og attpaa det vilde ho faa Skrubb av Hermann og Mor si og Hogg av Far sin. Men det vilde ho kje hava. Ho spratt upp av Tuva, sprang nedyver Lidi og ropad paa Hermann. Han høyrde det og stanad.
           
Her er ingen Bjørn, sagde ho og gjekk attende. No skynad Hermann og, at det kunde kje vera nokon Bjørn, vart sinnad og gjekk med lange Steg etter henne. Men Gjertrud gjekk fort ho og. Og daa ho var komi innimillom Buskarne, sprang ho. Han stavad ho kje att for uppaa Sætri. Ho lædde, daa han kom hesande.
           
Kva sagde du? Var det ingjen Bjørn, Gjertrud? Han saag gretten ut.
           
Aa nei var det likt seg. Ho lædde, tok upp Sokken og gjekk inn i Selet. Han fylgde.
           
Kos kunde du finna paa slikt daa?
           
Aa eg kom so paa det. Ho sette seg paa Krakken og byrjad aa spita.
           
Kanskje du vilde vitskræma meg?
           
Aa nei du hev daa vel kje so litet Vit, veit eg, sagde ho, lutte Hovudet og flirde.
           
No var Hermann fullviss um, at han hadde voret Narr for henne. Og det likad han kje. Men kva skulde han gjera? Dengja henne? Nei det kunde han kje; ho var daa Gjenta hans. Og so var det uvist og, um han var Kar til det. Storskjemma henne? Nei det gjekk kje hell an for ein Skrivarson, som skulde verta Prest. Han laut nok taka det paa ein annan Maate. Og so sagde han med eit heilt annat Maal enn fyrr: Du maa kje røda um dette med nokon, Gjertrud.
           
Nei, svarad ho stutt.
           
Du lyt for alting lova meg aa tigja.
           
Ja det skal eg. Ho var best fari med det ho og.
           
Aa so hev me gløymt altsaman. Inkje sannt? Han saag paa henne.
           
Jau daa, me skal kje røda um det meir. Ho sat ferdug til aa storskratta, men saag nokso truleg ut.
                                               
( Meir.)