Fraa Kvitseid. (Brev).

Det er sjella, at der er nokot aa sjaa i Fedraheimen fraa Kvitseid. Eg lyt daa segja fyrst, at me likar Fedraheimen godt. Me tykjes, at det er ein hugsam Kar aa røda med, og me takkar honom fyr kvart godt og hugvarmt Ord, som han heve aa segja oss.
           
Eg heve inkje nokot betre Ynskje aa bjoda deg Fedraheim enn: Halt fram som Du stevner, so trur eg nok, at ditt fagre Maal vil bli naatt.
           
Me Kvitseidingar er reine Vinstremenn. Ja! her er ei heil mengd med Republikanerar og. Me likar inkje Selmer og dei Herrar, som naa sit i Kongens Raad, og me er glae fyr, at dei heve blive sette under Riksret, for saa kann me daa faa sjaa, om dei heve reint Mjøl i Posen eller inkje.
           
Uppropet til Kristendomens Vener i vaart Land heve inkje vunnit stort Samtykkje her i Kvitseid.
           
Me er saa heppne aa kunna rekne tri segjer og skriv tri af Kvitseids Innbyggjarar med til dei halvtredjehundrede Ærværdigheder. Men um dei trur eg, at det kann segjast: Dei veit inkje, kvat dei heve gjort. Nokot godt heve Uppropet g jort, og det er: Det heve meir og meir opnat Folks Augur fyr Høgrepolitikkens Daarskap, og det er vist, at um Høgre held paa slik, saa heve det inkje mange Aari aa liva paa.
           
Skjotarlagje her i Kvitseid, som hev fenget det fagre Namn, Rifleringen, trivst godt. Det heve vokse seg dugaleg stort naa, saa at der er umkring 100 Medlemer innskrevet seg som passive Medlemir innskrevet.
           
Gamle Folk heve au fenget Auga upp for Skjotarsakji; fyr dei ser, at der stend nokot paa Spil, nokot som dei elskar meir enn alt annat, nemleg sitt Fedrelands Fridom og Velferd. Som eit Døme paa, at Skjotarsaki blir godt lika, kann eg fyrtelja, at Formannskapet i Kvitseid heve latet til 25 Kronur til Bane og Skivur, og det er inkje saa lite; eg vil her gjenom Fedraheimen senda Formannskapet Skjotarlaget Riflelingens Takk. Ei heil Mengd med Gjentur heve au innskrive seg som passive Medlemir i Laget. Paa det seinste Premiskjotarmøte, som me hadde den 9de Juni, hadde au tri Gjentur fraa Morgedal lagt ut til ein Serpremi gjilde Gjentur i Morgedal eit Eksemplar til Etterfyljing fyr mange. Rifleringen takkar deim saa myket.
           
Men onorleids er det med Presten vaar.
           
Daa Formannskapet var ferdigt med Bevilgningen til Skjotarlaget, saa blei dei sendt tri av Formannskapets Medlemir bort til Presten fyr aa høyra, om ein inkje kunna faa ein Bane der paa Prestegaren, som var den laglegaste Staen; men nei Takk! - Presten var vrang han og sagde beint ut: Nei. Eg vil daa tillata meg aa rette tri Spursmaal til Hr. Sokneprest Holst:
           
Var det av Interesse fyr Gudsrike, at De negta Skjotarlaget ein Bane?
           
Eller var det i eit vist Partis Interesse, at Negtingi blei gjort?
           
Eller var det berre av Eigeninteresse?
           
Vist er det, at nokot maa liggje til Grunn fyr Prestens Handling; og er han ein ærleg Mann som eg inkje tvilar paa saa vil Presten svara her. Vist er det, at denne Prestens Handling heve gjort eit kleint Inntrykk paa mange baade unge og gamle.
           
Den 20-7-83.   J. M.