Flatbraud, Smør og Gamalost,

naar eg heve det, skal eg inkje svelta, so segjer Far min, og det same segjer eg etter honom. Og naar ein so heve attaat ein Drope god Kaffe hell feit Nymjølk og Rakfisk, fy inkje slik som det luktar av, men friskdæmd og raud, og so feit at det skin av honom, og hender det stundom, at han Far slær i ein liten Dram, um han hev att noko paa Flaska aa du! det er Mat for Mons det. Naar ein et slikt um Morgonen, kann ein halda ut heile Dagen, segjer han Far, og det er sannt.
           
Det er ingjen Hotelvert i heile Kristiania, som kann skaffa slik Morgomat; det trur eg. Dei skal væl fara med noko Flatbraud der og, men dei kanninkje baka det, so det vert nokon Mun i, det er so tunnt som eit Lauvsblad, du ser gjenom det, kor du vil, og det smuldrar sund, berre du kjem burt paa det, inkje rett er det korkje steikt hell fyr seg gjort paa andre Maatar.
           
Med Sæterstellet, er det sagt, at det vert betre, di lenger ein kjem aust-igjenom, men med Flatbraudet er det det motsette, det vert betre, naar ein kjem vest i Bygderne. Paa Austlandetbrukar dei ofta reint aa raasteikja det, og naar det daa er so tjukt som ein Bokperm, so skulde du kjenna, at det er seigt og hardt, naar det hev legjet ei Stund, daa er det inkje berre for Moro aa gjeva seg ikast med det, allvist naar Mjølet er so grovt, at du ser Saai og stundom heile Kornet i Braudleiven. Men daa tykkjer Folk at det er Drygsel i det fyrst, og det er sannt, drjugt er det, det er inkje mange, som et Ovmetten sin daa.
           
Skal ein døma etter Braudet, so maa det vera meir Stands-Skilnad paa Austlandet enn paa Vestlandet, for paa Austlandet hev dei iminsto tvo Slag av Flatbraudet, Kvardagsbraud og Tunnbraud, ja stundom baate tri og fire, so at dei finaste Folki fær det tunnaste Braudet, og ein ser straks kva Rang ein vert sett i, naar ein ser etter kva Braudslag dei sett fram aat ein. Men lenger vest paa er det berre eit Slag baate aat ring og rik, og det er framifraa godt, væl fyrigjort med Steiking og alt.
           
Byfolk er underleg laga, dei kallar det aa svelta, naar dei inkje fær anna enn Flatbraud og Smør, um dei au fær Ost attaat. Men den Kosten vert ein aldri leid; og eg vaagar at det Folket, som vert uppfødt med slik Kost, kann gjera likaso gode Verk, som dei som maa hava ferskt Kjøt til kvart Maal.
           
Denn Stompen hell Kaka, dei brukar i Byarne, er væl utruleg til aa fylla med i Vombi, men han er inkje til aa bida paa, og inkje vert ein so tidug etterpaa som av Flatbraudet. Og so godt som det er for Tennerne; det er det, som gjer, at dei hev so fine og kvite Tenner meste Delen i Fjellbygderne, dei slepp bruka Kost og Saape.
           
Skal du paa Ferdaveg, daa skal du taka med Flatbraud og Ost og ein Fleskabite. Det er Mat som er lett aa bera, og som du aldri vert leid, og beste Mat som finnst til aa ganga paa.