Bladi vaare

er inkje som dei skulde vera endaa. Folk trur, at eit Blad skal vera det same som ei Bok, noko som sume skriv ihop for aa læra hell mora andre. Dei held Blad for aa sjaa det som hender, hell kva den hell den Mannen segjer um ymse Ting. Mest vyrdt plagar dei Blad aa verta, som vert trykte i Kristiania, for den Byen held dei mest for aa vera Hovudet paa Landet.
           
Men eit Blad skulde hava meir og vigtugare for seg enn berre aa melda Tidender.
           
Dei talar og skriv myki um, at Bladi er Organ for visse Meiningar. Soleids som det no i Politiken er serskilde Blad for Høgre og Vinstre. Det vil segja, at det eine Bladet melder godt um det eine Laget og vondt um det andre, verjer um alt som gjerest paa den Sida, dei er, og strid imot alt, som vert gjort paa den andre Sida. Det er daa helst Juristar, som er soleids Redaktører dei kallar.
           
Men det skulde liggja mykje meir i det enn detta. Som det no mest er, er det Redaktøren, som er Organet og inkje Bladet sjølv; det kjem an paa, korleids den Mannen er laga, slik vert Bladet.
           
Men ein Mann fær altfor myki aa segja paa den Maaten. Folk likar det hellest slik; men det er inkje væl.
           
No finnst det snaudt eit rett Blad her, og det er Politiken mykje Skuld i. Han hev jaga alt anna paa Dør, so det no finnst berre lite med Tankar millom Folk, og daa kann det hell inkje vera noko Arbeid, og inkje nokor Kapping og Ordskifting, inkje noko som veks seg upp og aukar Tid for Tid, som alle kann vera med i og vinna fram, inkje nokot, som heiltupp interesserar Folk, dei gjeng berre slonar og ventar.
           
Daa er det umogelegt aa hava noko Blad til Organ, naar det inkje er noko aa vera Organ for.
           
Det vert inkje noko Blad, naar det er ein Redaktør, som vert det same som Bladet sjølv.
           
Er det fullgode Blad, so treng dei ingen Redaktør paa den Maaten, som no er meint. For det skal skriva seg sjølv, og det einaste han skal gjera er aa semja det ihop og granska ut Stemningi, og passa paa, at Skrivarar, og Stykkje vert framførde paa den Maaten, som best høver for dei ymse Stellingar og Vilkor i den Flokken, som det er Organ for; og han skal jamleg hava Greide paa Stemningi millom Folk, so Bladet korkje gjeng seg ifraa den hell vert liggjande att i Vegen. Den beste Redaktør er den, som litet driv med aa skriva sjølv, men kann binda andre ihop i Bladet og faa ymse Synsmaatar til aa møtast soleids, at det kann koma noko ut av det.
           
Ein Redaktør skulde inkje hava nokor personleg Meining i Bladet sjølv, men vera som eit Utslag av Storflokkens Tankar og Syn, den Hopen ja, som held Bladet uppe, vera som ein god konstitutionell Konge. Han skal vera som ein upartisk Domar um alt som kjem inn til Bladet, ja han skal inkje altid døma etter sitt eiget Skyn jamvæl, men etter den sunne Sans som er i Flokken og hjelpa kvar til aa koma til sin Rett. Daa fyrst er det Blad, som høver eit fritt Folk, Blad med ein einveldug og allskrivande Redaktør det hev heime i umynduge Tider.
           
Og skal ein døma etter Bladi, so er her sanneleg endaa inkje fullmynduge Tilstand. Eg tenkjer berre paa Maalbladi, som no ein skulde venta mest av, fordi dei verkeleg skal vera Organ for noko, som skal arbeidast fram. Men der og hev Storhopen meint, at for aa hava eit Blad, var det nok, naar dei hadde ein hell tvo Menn til aa skriva. Og so lenge det var nokon slik, totte dei det var grumt og var nøgde. Til betre Redaktøren var til aa skriva, til betre likad dei Bladet, og til meire heldt dei seg undan sjølve og litte paa honom.
           
Soleids med Dølen, anten dei sagde Dølen hell Vinje, so var det den same. Og soleids ogso med Fedraheimen og Garborg. Maalsaki hev havt for kleine Organ, fordi ho hev havt for gode Menn til aa driva med dei, ho hev inkje havt noko Organ endaa aa kalla, som hev voret drevet av den heile Flokken, baate smaae og store. Dette visar, at det hev voret mindre av Myndugskapen, enn Folk flest hev tenkt.
           
Dei hev forstadet so lite den rette Bladtanken, at berre dei hev set Stykkje i Bladet, som dei inkje likad, hell som dei totte inkje var godt nok skrevet hell nok Lærdom og Gaman i, so hev dei og mislika sjølve Bladet og teket seg ut av det baate med Skriving og Tinging og voret som Fuglen, som skit i sitt eige Reid. Men no vonar eg, at det skal verta betre Blad, etter den Gjerdi som det no tykkjest hava fenget, at det inkje er nokon einstaka Mann somykje som hev teket paa seg aa skriva det og bera Andsvaret for det aaleine, men det er lagt fritt i Henderne paa alle, so dei maa laga det, som dei vil, og kvar Mann hava Andsvaret, og kvar Mann kalla det for sitt. Han hev ingen annan aa lita paa no enn seg sjølv, so at um det vert godt og tenlegt no og fær Utkoma til aa verta stort nok, so er det me sjølve som hev baate Baten og Æra, og det er ingen annan aa takka, og vert det inkje slik so me likar det, hell stort nok etter vaare Krav, so hev me ingen anna aa skulda paa enn kvar paa seg.
           
Kjem det soleids Stykkje fram i Bladet, som ein inkje likar, so maa ein skriva imot dei sjølv hell faa ein annan til aa gjera det, hellest vert det teket, som um alle er samtykte og kvar fær bera Andsvaret.
           
Um ein synest at ein ser forlitet i Bladet av det ein helst vilde sjaa, so er det ingen Redaktør aa klaga paa, han fær berre klaga paa seg sjølv, at han inkje skriv det inn hell ser til aa faa ein annan til aa gjera det.    
           
Um ein tykkjer, det inkje er godt nok skrevet ymse Ting, so fær ein klaga paa seg sjølv, kvi gjer inkje han sjølv det betre hell skaffar fram dugelegare Menn til det.
           
Tykkjer ein at ein maatte hava noko Løn for Arbeidet sitt, skulde ein driva paa, so maa ein klaga paa seg sjølv, kvi legg han inkje i so hardt, at det kann arbeidast upp til aa verta godt og stort i ein Hast, og kvi skaffar han inkje fleire Tingarar.
           
Tykkjer nokon, at Landsdelen som han bur i, kjem for litet fram, hell at Maalføret hans inkje fær sin Rett, so berre skriv og gjer di Bygd og ditt Maal kjendt.
           
Maalbladi vaare hev heile Tidi for det meste voret Einmanns Blad og Bymannsblad; men er det nokot Blad, som skulde vera Bondeblad, so var det Maalbladet, det er det einaste og, som kann vera dugelegt til det. Det hev voret for einsidigt, formykje gjenget ut i det store og vide og for lite haldet seg til Bondelivet og praktiske Ting. Men Skuldi for det hev inkje dei Menn, som hev voret med, men dei som hev haldet seg utanmed.
           
Bønderne sjølve maa taka seg mykje meir fram, den som talar Maalet, er den einaste, som og kann bruka det rett paa Skrift. Men det er so mange, som held seg undan, fordi dei trur, at det er berre Dikt og Forteljingar, som det kann vera Mun i, og det skal det ei serskilt Givnad til for aa faa Lag paa. Naar dei vantar honom, so freistar dei inkje med det. Men det er nok av anna og til aa skriva um, for det er so mangt ugjort endaa i kvar einaste Bygd, og daa skulde det inkje vanta paa Tankar hell noko til aa skriva.
           
Det som Maalet hev voret minst upptamt i, hev det voret mest skrevet um, og det som det er mest upptamt i, det som det vert tala um mest i Dagleglaget, det er det minst skrevet um.
           
Eg trur, at me helst skulde halda oss til det siste, det som ligg oss næmast, skal me kunna magta fullgodt det som ligg lenger ifraa.
           
Ein liten Tanke som fær Tak, kann vera betre enn mang ein av dei store, som sviv som ei Sky yver Hovudet paa Folk.
           
Men for at det skulde verta eit godt Bondeblad, trur no eg helst, at det ogso laut verta utgjevet og trykt paa Landet. Alle Byblad og allvist Kristianiablad fær ei Teft i seg av den aandelege Luft i Byen, som inkje er god. Um det hev aldri so god ein Vilje, so er det vanskelegt likavæl aa hava den Tone og det Innhald, som best høver Bonden, det vert for myki Lærdom og theoretisk, so det inkje fær det fulle Tak, det raamar inkje plent det, som det siktar etter.
           
Allvist for eit Maalblad skulde det vera det naturlegste, at det heldt seg i ei god Maalbygd, som laag noko hendigt til og midt i Landet, anten i Telemarki hell Gudbrandsdalen, daa vilde det fyrst faa rette Sveipen.          
                                   
Ein Fjellgut.