Bjørn Berge.

Forteljing av Oddmund Vik. Dei fyrste Bladi i denne Boki gjorde meg bisnefus etter aa lesa vidare. Dei gav meg Von um aa faa sjaa ein ekta norsk Nyreisingsmann i fullt Arbeid, ein folkegjord Høgskulelærar med ein Flokk uppglødde Unggutar ikring seg og i dagleg Strid med Lesararne, Presten og alle Kjyrke-og Skule-Autoritetar. Eg fekk Von um aa faa sjaa eit Stykke av Livet paa Vonheim elder Sagatun. Og dette vilde vera forvitnelegt for meg, som aldri hadde voret paa nokon Høgskule. Men daa eg hadde leset ut Boki, laut eg staa til for meg sjølv, at eg hadde misreikna meg. Bjørn Berge er nok Høgskulelærar; men me fær kje sjaa korkjeSkuleelderSkulegutar. Han slæst og; men me fær kje meir sjaa det. Naar ein undantek eit Par Basketak med Lesararne, so er kje heile Striden hans annat enn, at han antrast med seg sjølv og so bendest med ei Gjente. Nokot annat fær me kje sjaa av denne Guten, som i Ungdomen synest aa hava so mange Vilkor for aa verta ein utifraa glup Arbeidskar i det nye Norig.
           
Ein skjynar, det er Meiningi av Forfattaren, at me i Bjørn skal sjaa ein Nyreisingsmann elder Høgskulelærar. Men nokot meir enn Meiningi gjev kje Boki. Av det ”verkelege”, Høgskulelivog Høgskulearbeid, gjev ho ingjenting. Forteljingi skal vera realistisk; men det er Realisme paa andre Haandi heiltigjenom, berre med nokre faa Undantak. Høve er nemnde,inkje skildra. Me les um, at Bjørn gjeng med tungeog saareTankar. Men kva det er for Tankar, vert me like kloke paa. Og sameleis er det med Traassen, som stødt fylgjer honom. Koss denne Traassen kom, vert kje fortalt. Og det er kje so godt aa skjyna, koss ein Gut, som hev lært Snorre av Far sin og Æventyr av Mor si og hev havt ein kristeleg Barndomslærar, som fortel Bibelsoga slik, at Guten gret og minnest det i all si Levetid, det er kje so godt aa skjyna, koss denne Guten kann verta slik laga som Bjørn 1) . ”Han (Bjørn) sagde like ut, at heile Seminargreida var eit Slag lukt i Andlitet paa Anden, mot Kristendomen, mot Kjærleiken til Fedrelandet, mot Minni, mot alt stort og lysande han visste aa nemna.” Men nokon Skildring av denne jammerlege Seminargreida fær me inkje. Berre eit lite Ordkast, Bjørn hev med ein av Seminarlærararne vert skildra. Men til all Uheppnad for Forfattaren er det Bjørn, som her hev Urett og Læraren Rett. Paa Høgskulen er alt fagert og gjildt; men dette fagre og gjilde vert kje nemnt. Med Lesararne hev han mange kvasse Ordskifte; men kva han og dei segjer, fær me kje vita. ”Bjørn svarad soleids, at han (ein Lesar) ikkje kunde finna Ord for seg meir og laut hava seg ut.” Paa denne Maaten fær me sjaa heile Striden hans Bjørn. Mannen stend heile Tidi liksom attanfor ein Duk. Me høyrer Glamen av Slagi, men ser ingjenting. Og dette er etter mi Meining ei stor Vangjerd ved Boki. Men inkje den største. Den hev Bjørn sjølv som Mann. Eg skal kje her halda fram, at Bjørn er ein stor Raring baade i Tankar og Ferd. Dette visar seg so ofte i Boki, at alle kann sjaa det. Eg skal berre halda meg til eit Par Brestar i Karakteren hans. Bjørn er ein rein Furting, som inkje toler aa høyra eit einaste lite Knubord utan aa fluga upp i Illsinni. Han er so ordsær og furten, at det skal ei stor Kunst til aa kunna røda honom til Lags. Og dette er kje av et gode, allerminnst naar det som hjaa Bjørn er eit Sermerke paa Karakteren. Men Framferdi hans mot Ingebjørg Storebø syner oss nokot verre endaa. Eg skal lata Forfattaren fortelja det sjølv.”Bjørn vilde ikkje lata seg merkja ved, at det hadde gjenget honom galet hjaa Ingebjørg. Difor var han paa Storebø mest kvar Gong han var inn i Bygdi, og han fann Gleda i det og. _ _ _Eit Par Gonger sagde han ogso nokot til henne (Ingebjørg). Det var so morosamt, at heile Huset log, - han skulde syna, at han var sterk og likesæl! Ingebjørg, ho raudnad med det same, men vart baketter likbleik.” Dette er den same moralske Bjørn, som flyg illsinna fraa Ingebjørg, avdi ho inkje torer gjeva honom Jaord plent med det same. Daa eg las dette, kom eg til aa tvila paa, um det verkeleg er Bjørn, som slær uppatter. Og denne Tvili vart kje mindre, naar Matilde Gran vil hava honom med til Storebø, og han svarar: ”Det er so leit”. Der kjende eg att den gamle Bjørn. Og so kom det og til, at han aldri er god til aa gjeva Ingebjørg full Greida,” og det endaa ho skriv dette til honom:”Aa kjære Bjørn, seg eingong heilt ut, kva som er i Vegen.”
           
Desse tvo Karakterbrestarne, som eg hev nemnt, gjer etter mi Meining Guten heilt ubrukeleg til Mynstermann.
           
Bjørns Framferd med Matilde Gran og Ingebjørg er og rar. Han tykkjer, at Ingebjørg er for ”frisk og lettliva og held seg for mykje i Lag med Ungdomen. ” Ho er so kvardags-glad, Ingebjørg. Og dette dreg Bjørn mot Uppslaget. Men no er det nett det same Huglynne hjaa Matilde, som hugtek honom, - dersom det daa inkje er det ”storvorne Kastet”, ho hev paa Hovudet. Ingebjørg er ei truskuldig (naiv) Gjente, nokot rædd i seg og veik. Matilde er heiltupp ei lite Belesprengje (Kokette). Og so tek han henne. Han tvilar paa, um Ingebjørg hev Tankar og Hug, so ho kann staa ved Sida hans i Striden gjenom Livet. Dette dreg og mot Uppslaget. Ein annan Gut enn Bjørn hadde vilt freista aa hjelpa Gjenta og inkje gjevet henne paa Baaten med ei Gong.
           
Men denne Framferdi hans er merkjeleg av ein annan Grunn og. Høgskulen byggjer, som me veit, paa Bonden. Men Høgskulelærar Bjørn Berge gjev ei so frisk og heil Bonde- gjente som Ingebjørg Storebø ein god Dag og hengjer seg fast i Kjolen paa ei Bydame! Kva skal ein tenkja og segja um slikt? Eg trur kje, Bjørn Berge vil faa Medhald av mange Høgskulelærarar i dette.
           
Dei faa Skildringarne av Livet, som er i Boki, er paa mange Stader usanne. Dei norske Bondekvendi er blauge, men so folkeskye, at dei gjøymer seg i Løda, naar det er Dansinni Stoga, er dei inkje. Og Folk hev nok no for Tidi Greide paa, um ein Gut er paa Høgskulen, elder um han er faren or Landet. Og det er aa gjera dei norske Bøndarne ti Gongur faavisare enn dei er aa fortelja, at dei trur, ein Gut kann verta Prest paa tvo Aar. Av slike usanne Høve er det ei heil Mengd av i Boki.
           
Um Forfattaren kjem til aa laga fleire Sonar, so lyt han vara seg for slikt som dette:
            _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _
            ”lær ber høgt,naar storm og snjo
            held meg fast i draumsjukt kav.”
 
           
Bjørn er nok fælt draumsjuk, men naar Storm og Snjo daskar honom i Andlitet, so tenkjer eg vist, han fær Svevnen or Augo.
           
Spraaket i Boki er nokot tungt. Sovidt eg veit, hev Forfattaren voret Lærar paa Høgskulen i Selljord. Han burde leggja seg meir etter det telemarkiske Maal. Det vilde gjera Spraaket hans betre paa mange Maatar.
           
Virkje, Forfattaren hev bruka, er godt laga til aa gjera ei Bok av. Høgskuelarbeidet er baade so vigtugt for Landet og so lite kjendt av mange, at det vilde vera godt aa faa skildra det for den Skuld. Striden millom Høgskulefolket og Lesararne hev nok voret skildra fyrr og. Bjørnson hev eit godt Stykke um honom i”Fiskergjenten”.Og Vilhelm Birkedahl hev skildra honom utifraa godt i”Kirkeklokkeklangen”.Men i desse Skildringarne stend Striden berre um Trui, Grundtvigslære og Lesardom. Sidan er Grundtvigslæra godkjendt; me hev fleire grundtvigianske Prestar. Men no hev det kome nokot nytt inn i Høgskulestriden. Og det er Politikken. Det er den ”frilyndte Aand” og inkje so mykje ”den glade Kristendom”, som no gjer mest til, at Autoritetarne vrengjer Augo aat Høgskulelærararne. Høgskulen hev for Tidi sine argaste Motmenn for Skuld Politikken. Og ei Skildring av Striden i sin nye Lagnad vilde vera baade forvitneleg og nyttug for mange, inkje mindst for Bonden. Men dette vil krevja ein Mann med fullgodt Kjennskap til Høgskulearbeidet og med større Lærdom og Skaldegaava, enn Forfattaren syner fram i denne Boki.                            
 
M-t.
 
 
1) Merkjelegt er det og, at han hev so lite aa gjera med Kristendomen. Det var aa tenkja til, at han i honom søkte Raad for Traassen.