[Georg Brandes...]

Georg Brandes skriv i Dagbladet um den Leidi, som Bokavlen hev teket her uppe i Nordlandi i det siste, at det er inkje berre eit Tilfelde hell ein Mote, at Bøkerne no so tidt er negative, høgg i Samfundsskipnaden og vekkjer Misnøgje med Livet som det no er. Det maa naudsynlegt vera so no, meiner han, med all Diktning, som hev Livskraft i seg, at ho vert samfundskritisk. Det som no kjem av idyllisk Literatur, det vil segja slik, som inkje ber i seg Misnøgje og Utrivnad med det som er, det kann inkje anna vera enn ei Diktning, som er bygd paa Etterleivder og Minne fraa den gamle Syni paa Verdi og Kunst fraa eldre Tider, det me no ser løyser seg upp.
           
Dette hev seg soleids: All Kunst er Uttrykk for ei Livssyn. Di meir lik Livssyni til Kunstnaren er med den, som Folk flest hev, di meir samhøveleg vil han og daa verta. Men no liver me i ei Tid, der det er so reint motsett einannan den theologisk-pædagogisk-politiske Grunnsyni, som det oficielle Samfund er bygt paa og den, som dei meir framkomne Aander hev eigna til seg. Ut or detta kjem Tvidrættet millom Bøkerne og Samfundet. Den verkeleg livande Literatur tærer og tyner for Augo vaare det eine Stykkje etter det andre av den Livssyni, som Diktningi i gamal Tid bygde dei lette og ljose Festhallarne sine paa. Den nye Literaturen spyrr seg fram, grev seg fram. Fyrst naar det hev fengjet fast Rot i heile Livet vaart ei ny positiv Syn paa Verdi, den som dei no meiner paa med slike Namn som Humanisme hell Naturalisme daa fyrst kann det koma ei Diktning, som er samhøveleg utan aa vera smaklaus og livsglad utan aa vera aandlaus og flat.
 
           
Dette er Ord, som visar greidt den Meinigi, som sume legg i dei nye Leider i Literaturen. Den Striden, som hev byrja, maa halda ved, til dess han vert burtskaffa heile den gamle Samfundsskipnaden, - daa fyrst kann det verta Fred og Soning igjen. Han set berre dei tvo Vilkor, anten maa ein driva Strid og Øydelegging av det som er, hell so sumla i Daudvatnet for seg sjølv og halda seg ifraa Livet.
           
Det er visst mange kristne, som vil taka Fæla ved slike Ord fraa den Mannen; naar dei høyrer, at det er den Meiningi, som skal liggja under og vera Drivkrafti i alt det nye, som no rører seg, at det inkje vil roa seg, fyrr den gamle Livssyni (og med den daa Kristendomen ogso) vert avløyst av Humanisme hell Naturalisme, og dei vil ræddast alle desse nye Tankar og Spursmaal og Krav i Bøkerne som ei Freisting fraa den vonde, som ein helst bør halda seg ifraa, um ein inkje skal rivast med og lida Tap paa Tru og Kristendom fyrr ein veit Ordet av.
           
Det synest inkje vera meir enn tvo Ting aa velja imillom, anten aa gjeva etter, vera med i Arbeidet ei Tid og fylgja etter dei meir framkomne Aander, og berre setja det paa eit Vaag, kor det ber av til Slutt hell aa halda seg paa dei gamle Tufter og tola med Ro, at ein vert skjellt ut for aa sviva med dei daude. For det som so mange no gjer, halda seg til baade tvo og inkje vilja anten døma hell godkjenna noko av Delarne, det er likt med inkje nokor Meining hell Standpunkt aa hava, det er ingen Manndom i, det er aa halda med den eine Haandi og sleppa med den andre, ein vert gangande og sviva utan Vilje og utan Kraft.
           
Men eg trur likavæl, at det finnst eit fast Standpunkt til, forutan Halting, som kann fullt ut vera med paa noko nytt og likavæl inkje treng øydeleggja alt det gamle fyrst, eg trur det er ei Livssyn, som kann vera med framst i Arbeidet no um Dagarne og likavæl vera full kristeleg, ei Syn som kann samla i seg baate det gamle og det nye, utan at ho treng slaa av og gjeva etter paa nokon Kant og utan at ho treng missa Einskapen og Samhøvet sitt. Ei Syn, som ber Arbeid med seg mot eit liknande Maal, som det Brandes peikar paa, berre at det vert Retta av det som her er Vrenga, berre at det kann kallast heil Kristendom i Staden for det, som her vert kalla Humanisme hell Naturalisme.
           
Ei Syn, som kann bera positivt Arbeid ogso, i Staden for nedrivande Kritik, bera Utvikling i Staden for Umstøyting.
           
Ei Syn, som kann fylgjast av Livsgleda og Von og Fagnad i Staden for berre Misnøgje og Sut og Tvil.
           
I mangt og mykje kann desse tvo nye Leider endaa gaa saman i Arbeidet, mot den theologisk-pædagogisk-politiske Grunnsyni, som det officielle Samfund er bygt paa, men naar det ber lenger fram, vil det forskjellige Formaal meir og meir syna seg. Den eine vil merkja Vegen sin soleids: Fraa Kristendomgjenom Tvil til Heidenskap, den andre: Fraa halv Truog Vanekristendomgjenom Utvikling til heil Truog sannare Kristendom.
           
Eg fæler slet inkje for Utgangen, eg er sikker paa, at Kristendomen skal vinna, soleids som han hev gjort fyrr, for han hev det serskilte med seg, at han høver til alle Tider, han kann vera baate det mest gamaldagse og det mest moderne, alt etter som Kravet er millom Folk.
                                               
ar.