Vaarblomen.

No skine Soli paa Himlen bjarte,
Og Grøda glytter or Moldi svarte,
Høyr Fuglen synge si Gleda ut:
For Vaaren vene hav Takk daa Gud!
 
Ein Blom eg fann hera burti Lide,
Det var daa rart, og paa denne Tide!
Det var ein Kvitveise rein og skjer,
Som vene Gjenta naar ho seg tvær.
 
Og Fedraheimen skal Blomen hava,
Eg kan ki sende ei betre Gaava,
I vene Vaaren den frit sprang ut,
Som Fedraheimen den norske Gut.
                                   
_ bjørg.