Tidender.

Kristiania, den 7de Juni.         
 
Vinstremøteti Blakjer (Akershus) gjekk godt. 400 hadde møtt fram, endaa Lysingstidi for Møtet hadde voret stutt. Præsident Sverdrup heldt Hovudtalen og greidde ut um Kompromisforhandlingarne og Riksrettspolitikken; han fekk stort Samtykke, og Akershusingarne, som hadde likat Kompromisforhandlingarne berre so maateleg, fekk no full Greida paa den Saki. Berner talad um Rikspeningen og um, at Vinstre altid vilde og maatte spara; Ordstyraren, Aasgaard, heldt fram, at alle Vinstremenn maatte møta upp ved alle Val, baade Storthings- og Heradsval; for no vil Novemberfolket driva paa av all si Magt og paa alle Maatar med aa erobre Landet. For Sverdrup og Berner vart det ropat Hurra. Ein svensk Maalarsvein, Arbeidar hjaa O. Haneborg, var framme og gjorde litt Staak, men kom ingen Veg med det.
 
 
Høgremøtet i Jarlsberg gjekk mindre godt. Dei hadde lyst til Møtet fraa Kyrkjebakken og Thingstaden og gjort det dei kunde for aa faa Folk; men der møtte ikkje meir enn millom 30 og 40.
           
           
Veto! Regjeringi, som stend under Riksrett for aa ha negtat Sanksjon paa Bevilgningi til Skyttarsaki, - hev negtat same Sanksjonen i Aar og.
           
Like eins hev ho negtat aa godtaka dei tvo storthingsvalde Tilsynsmennerne i Jarnvegsstyret.
           
Det er Kjeringi mot Straumen plent. Um Selmer kann det med Sanning verta sagt, som Peer Gynt sagde til Kokken:
 
Amen, Gut!
Du var og blev dig selv til Slut.
           
           
Politi-Inspektør Leschly-Hansen skal vera innstillt til aa verta Skrivar i Nes paa Raumarike.
           
Det var snart etter Domen, det!
 
           
Henry Sweet,den store engelske Maalkjennaren, er komen hit til Norig og vil fara ikring i Bygderne og studera Norsk, helst paa dei Staderne, der Maalet er mest likt det gamle. Prof. Johan Storm skal fylgja han.
 
           
Morgenbladethev aldri havt store Tanker om Bonden, og hev det ikkje no helder. Den vestlandske Landalmue, skriv det no, væbner sig hverken for eller imod Konstitutionen (Grundloven) - men den stemmer meget gjerne paa den, der enten selv lover eller af andre bebudes at ville skaffe den af med de flest mulige offentlige Udredsler.
           
- Undrast paa, kven som skulde vilja hava Landalmuen til aa væpna seg i m o t Konstitusjonen?
 
           
I Drammenbrann det no Sunndagen var. Ei Mengd med Trelast gjekk med, og fleire Pakhus, og eit Kristianiafarty, som laag paa Elvi; det skal ha brunnet upp for yver 200,000 Kr. Men det verste var, at det gjekk Liv tilspilles; 7 Mann, som av Elden vart nøydde til aa springa i Elvi, bleiv der.
 
           
Ein ny Runesteinhev Amtsagronom Anda funnet paa Kjølevik i Strand Sokn i Ryfylke.
 
           
Den 10de November vil det vera 400 Aar sidan Luther vart fødd.
 
           
Prisarne for Bruk (Trelast) hev voret smaae i Jonsok-Vika. Det skal ha voret selt 9 for ned til Kr. 24.
 
           
Paa Jonsokmarknadeni Trondhjem var det mykje Folk og ikkje so lite Handel. For Hestar vart betalt fraa 300 til 600 Kr.
 
           
Makrelfisketburtpaa Eikersundskanten hev voret betre i det siste.
 
           
I Danmark driv dei paa med Møte mot Høgreministeriet sitt, og det møter fram Folk i tusundtal uptil 20,000. Det ser ut til, at Danskarne hev komet seg svært i seinare Tid, og at det no er Aalvor i Leiken. Men Estrup (Fyrsteministeren) gjer liksom Selmer og set Kongen framfor seg til Vernd og Vakt, istadenfor at Ministarne skulde staa Støyten baade for seg og Kongen. Paa den Maaten vert det ikkje so greidt for Kongen helder, og her um Dagen, daa det kom Sendemenn til han fraa Jylland um eit nytt Ministerium, jamrad han seg yver, at Mine tro Jyder ogsaa begynder at vakle.
           
I det seinare negtar han aa taka imot slike Sendelag fraa Vinstremøti. Men naar eit Høgremøte sender ei Helsing til han, so svarar Kongen fælt fint.
 
           
Ein Maskin, som kann snakka, og snakka godt, plent som eit Menneskje, er no uppfunnen av ein Utlending, heiter Faber.
 
           
Det spanske Storthingethev vedteket Handelstraktaten med Norig og Sverig.