Bøker.

Livsslaven heiter den nye Boki hans Jonas Lie, ho handlar um Fatikdomen.
           
Nikolai heiter Guten; Mor hans er Tenestgjenta og heiter Barbro; Far hans ja det kann vera heile Byen det. Barbro eig ingjen Ting, og so maa ho setja Guten burt til framande og sjølve gaa som Barnefostra til Generalkonsul Wejergang; so veks Guten upp slik som det kann høva; fær mykje Juling og lite Lærdom; og daa han so vert vaksen og tek seg paa Tak for aa verta eit skikkelegt Menneskje, so kjem Son til Generalkonsul Wejergang og vil forføra Kjærasten hans - det einaste, han hadde, som han brydde seg um aa liva for -, og so vert Nikolai so harm og leid, at han flyg paa Fyren og slær han ihel. Og so kjem han paa Slaveriet.
           
Det er ei Bok, som er verd aa lesa, denne Livsslaven. Les den, so fær du sjaa, koss Fatikfolk hev det, og kor mykje her er aa gjera, fyrr alle fær sin Rett. Det var nok meir um aa gjera aa faa istand Samlag til Framhjelp for Smaafolk enn aa laga Novemberforeiningar til Studning for Storkaksar, slik som somt Folk no driv med.                            
 
V.