Aa liva historisk

er det ikkje alle, som gjer. Men Livet vert ikkje fullkomeleg sannt og høgt og nøgt med seg sjølv, fyrr det vert paa den Maaten. Hellest armar det seg upp i Faafengdi og vert som ein Staur hell ein Stake, som det ikkje er Lag og Vokster paa.
           
Den som liver historisk er som den, som hev fenget Garden etter Far sin, han hev havt honom kjær fraa Ungdomen, og han veit so væl all Stad, korleids han skal taka i, der Gamlen sluttad.
           
Men det er mange, som driv Livet som dei driv ein Gard paa Plunder hell berre paa Handel, daa kjem det snart paa Villstraa det heile.
           
Aa taka Livet historisk daa eig han seg sjølv og si Tid, han hev Fortidi liksom under Føterne sine, stend paa ein Mur, som han liter paa, og veit han er sikker og han hev fritt baate Umsyni og Umrømet, og daa greider han det væl.
           
Men so er det au sume, som gjeng og ber Fortidi likesom Kampesteinar i Magen, dei kann ikkje faa melta dei, dei tyngjer for kvart eit Stig, ein skal gjera, Lærdomen heng som ei Lekkje um Foten, og dei duger ikkje det Slag til nyttugt, men ein bør føda dei likevæl som nokre Pensionistar hell Lægdfolk, hell som noko Slagtefe; ein nyttar dei inkje, med dei liver, dei maa leggjast i Jordi fyst og mengjast med Mold, so dei rotnar og løyser seg upp, daa fyst kann ein faa Groren aa sjaa.
           
Men sume er so hardfengde, at dei er berre Steinen, so det hjelp ikkje det hell.
           
Daa kann det stundom vera betre berre slengja laus og suga si Kraft av den Luft, som ein liver i, og ikkje vera tyngd av det Slag; han kann gripa til med frie Hender.
           
Samfundet treng au til slike flagsande Fivreld, som fyk berre ved Gusten av Vengeslaget til Tidi og sviv liksom Maanar kring Soli, som er det varme sjodande Livet sjølv.
           
Men Grunnvolarne det er dei vituge og kraftfulle Arbeidsfolk, som eig seg sjølv og si Tid.
           
Det kann vera so ymist laga med dei au.
           
Det er dei, som hev soget heile Heimssoga soleids i seg, at dei eig ho plent, ja hev ho fritt fyri seg, so dei kann leika med henne som med Ballen i si Haand og gjeva henne Fart paa nye Sveivar.
           
Men slike, som er so godt heime i den store Verdi, at det soleids kann gripa alle Tider og Stader isaman med si Haand og raada med dette store, dei kann ofta koma burt for seg, so dei paa ingen Maate kann raada med seg, dei kann ikkje kjenna noko større til seg sjølv, dei kann verta som framande i sitt eiget Hus.
           
Daa er det au dei, som er historiske paa den Maaten, at dei kann hava soget i seg sjølve paa ein slik Maate, at dei hev seg sjølve aa kalla i si Haand. Dei kjenner seg so væl fraa sine fyrste Tider, at dei hev fenget slikt Tak i seg, at dei kann bruka seg likeso lettvinnt til kvat dei skal vera, som andre kann bruka ein Arm hell ein Fot, og dei kann paa ei Vis laga Lagnaden sin etter sitt Tykkje.
           
Men slike Folk, um dei kann liva aldri so stort eit historisk Liv, kann stundom koma burt for Verdi, so dei vert framande og berre gjøymer seg burt i sin eigen Heim og dermed er til liten Nytte for andre.
           
So underleg er Verdi laga, so veilutt og lunnutt og skakk, at skal ein vinna seg fram mot nokot meir fullkomet i ein Ting, hell berre um ein siktar paa det, so skal det vera jamnt so, at til lenger ein kjem fram i dette, til fatikare og armare skal han verta i det som høver med, um det au kann vera ei Dygd med same Grunn, berre ho hev noko onnor Gjerd. Det skal vera so, at der ein løyser upp for seg i det eine, der vert ein bunden fast i det andre, der ein aukar i eit, der minkar ein i eit annet.
           
Og det er ingen Ting, som kann sona i denne Livsens naturlege men uvituge Motstrid med seg sjølv. Eit friskt Sinn og ein god Kropp kann væl meinka noko Gniken, men jamvæl dette vert etet upp sjølv paa Lengdi. Eg tykkjest tru, at skal nokor slik Soning finnast, so maa det vera soleids at det fannst noko historiskt Syn, som var so vidt baate ut og inn, at det kunde samla baate tvo Sidurne i seg sjølv, utan at dei med det same forgjekk. Dette trur eg for min Del finst i Kristendomen, so at den, som er der, han stend paa so høg ein Grunnvoll, at han ser dei tvo Lag fell ihop til eit, han grip dei baade i si Haand, men han eig dei som eit, naar han eig dei som det evige Liv.