20 Smaakongar.

[Del 1 av 2]
 
Det er merkelegt, kor fort alt gjeng fram i vaare Dagar, anten retteleg fram daa, elder so fram paa den Vegen Høna sparkar. Det er stor Skilnad paa ein Mann av Intelligensen fyr 50 Aar sidan og no. Naar ein Mann i vaare Dagar hev slike Meiningar som Fredrik Stang, sidan Statsminister, hadde i 30-Aari, so vert han kallad fyr Rothoggar og alt det styggaste, som finst; dei segjer, han misunner dei rike og dei, som kann nokot, og Prestarne lyser han i Bann, so han fær gaa som ein Syndar her paa Jordi, og fær Høgre raada seg, gjeng det visst ille med han etterpaa og. So gjeng det med den, som i vaare Dagar held paa suspensivt Veto i Grunnlogs-saker og trur, at vaart Kongedøme er ein Modifikation av Republikken og at Allmann-Viljen skal vera raadande. Han vert sett i Bann av Prestarne, det fine Sellskapet hiv han paa Dør, alt det, han gjer, vert utlagt til det vonde, han vert skamskjellt av Høgrefolk, og vil han forsvara seg, vert han trugad til aa tigja still. Men fyr 50 Aar sidan, naar dei hadde slike Meiningar, kom dei inn i Kongens Raad.
           
Endaa i 50-Aari kunne Folk gaa fyr skikkelege Menneskje og misste korkje borgarleg Ære elder Von um ævig Sæla, fyr di um dei ikkje trudde paa det absolute Veto. Paa Skularne lærde Gutarne, at Skilnaden millom den norske og svenske Grunnlogi var mest den, at i Norig hadde ikkje Kongen absolut Veto. I Geelmuydens store Geografi 1854 stend det: Forandringer i Grundloven kunne under visse Betingelser foretages af Storthinget, men de maa ikke stride mod Grundlovens Principer.
           
So lærde me i gamle Dagar, og dei, som lærde oss slikt, trugar oss no med vondt baade her og etterpaa, fyr di me trur, som me hev lært. Kvifyr sette ikkje Styringi i Lærebøkerne i den Tidi, at Kongen hadde absolut Veto? Visste ho ikkje um, at ho hadde det? Dei gjev os range Lærdomar, og so lyser dei oss i Bann etterpaa, fyr di me kann, som me hev lært.
           
Endaa i 70-Aari visste me ikkje stort um det absolute Veto. Ein hadde nok høyrt tymtat paa, at einkvar Regjeringsadvokat og Professor lærde nokot sovoret um Vetoet, men me kunne daa aldri tru, at slikt var annat enn berre lærde Grillur. Det var kunnigt og, at desse same Mennerne heldt paa Skandinavismen og talad endefram um, at Norig laut gjeva upp sitt Sjølvstende og gaa upp i eit større Fedreland, Norden. Daa det ikkje gjekk med det, skulde me klinkast ihop med Sverige, til aa byrja med; men dei fekk berre 17 Mann med seg i Tinget. So trudde me daa, at me skulde faa Fred, naar dei saag, korleids det gjekk, at dei fekk so litet Folk med seg, og me totte ikkje, det kunne vera nokon Faare; dei allerfleste av Intelligensen var endaa gode norske Borgarar. I 1872 skreiv cand. mag. Eriksen, no Rektor i Norges, Sveriges og Danmarks Historie for Middelskolen S. 161: Kongen kan negte en Stortingsbeslutning sin Bekræftelse (Sanktion); men gjentages den uforandret af de tre følgende Storting, dannede ved tre forskjellige Valg, bliver den Lov uden Sanktion. Sjaa detta her er no galet, kor som er, for han kjenner ikkje Skilnaden paa Loger og andre Stortingsbeslutninger, men so mykje kann ein daa skyna, at han ikkje veit nokot um eit absolut Veto. Og Styringi hev i mange Aar latet Gutarne faa læra detta. Trudde daa ikkje Styringi i 1872 helder, at Kongen hadde absolut Veto?
 
 
Men det var daa berre i Grunnlogsaker, Kongen skulde hava absolut Veto, og jamvæl detta var det faa Høgremenner, som trudde paa. Professor Aschehoug lærde nok absolut Veto i Bevilgningssaker og, men Høgrefolk viste det fraa seg som nokot reint nytt og nokot stort Tøv.
           
Ikkje rettare eg veit, var det i 1859, at Stortinget let Pengar til fyr aa hjelpa Aalmugskulelærararne, og Styringi, som nok ikkje brydde seg nokot større um Folke-Upplysningi, negtad at tage Bevilgningen til Følge - for so fekk ikkje Folket betre Upplysning, og naar so Folket sidan kravde Sjølvstyret, som det med Retten skulde hava, so kunne ein skulda paa, at det var ikkje upplyst nok.
           
Men at denne Negtingi skulde vera eit Bevilgnings- Veto og eit absolut Veto, tenkte vel ikkje Styringi sjølv.
           
For i 1875 stod Styringi, Johan Sverdrup og Morgenbladet ihop imot dei, som vilde lata til Pengar til Greivskapsbanen og Vossebanen, og mange trudde det, at den store Pengenaudi som hev voret sidan, skreiv seg fraa di, at desse Jarnvegerne vart bygde. Kor var Styringi daa med detta Bevilgnings-Vetoet sitt? Visste ho ikkje um, at ho hadde nokot?
           
Elder er det berre Folkeupplysning og Folkevæpning og slikt, som Styringi vil kverka med detta nye Vetoet, men naar det gjeld 10-20 Millionar til ein Jarnveg, so let ho det skura, um ho trur det er aldri so skadelegt fyr Landet?
           
I 70-Aari stod absolut Veto i Grunnlogsaker som ein ørende liten svart Flekk i Himmelsyni; det absolute Bevilgnings-Veto hadde ikkje tedd seg endaa annat enn liksom gjøymt attum Negtelse af at tage tilfølge. At Kongen skulde hava absolut Veto i alle Ting, naar ikkje det stod beint fram nokot annat i Grunnlogi, det leikad i Skallen paa Professor Aschehoug, den norske Politikkens svarte Engel med si fæle Lære um Motsetning og Strid millom Statsmagterne; men ingen annan drøymde daa um slikt.                                        
 
( Meir).