[Advokat Mejdell og Chr. Bruun...]

Advokat Mejdell og Chr. Bruun 1) , det er som tvo Utendar i Politiken vaar, som hev komet til Synes ivaar.
           
Dei hev baade tvo løyst seg fraa det vanlege. Dei stend væl saman med Storhopen av Vinstre baade tvo, naar det gjeldst paa, men dei hev ikkje Meiningar saman med honom i alle Ting. Dei ser mykje ulike ut desse tvo, men som Stellingi er no, vert det kanskje likaso mykje likt.
           
Dei segjer seg ut fraa den kompakte Majoriteten; dette Ordet som Ibsen hev ført fram i En Folkefiende hev Mejdell beint fram teket upp og vendt mot Fleirtalet i Stortinget.
           
Det er mange, som er helder leide paa desse tvo for det dei hev sagt, og meiner at det var i Utrengsmaal; det kunde koma til aa kløyva sund den Fridomsflokken, som det hev gjenget slik Tid med for aa samla. Og dei segjer, at det slet inkje er nokon slik kompakt Majoritet.
           
Men det trur eg var rart, um inkje so var.
           
Soleids som Politiken no berre hev laga seg upp i Strid, so er det umogelegt for kvar Mann aa vona nokon Framgang for dei serskilde Meiningar og Interessur han kann hava, det nyttar inkje, han maa gjeva dei ifraa seg, han vert nøydd til aa taka seg fram i det, som han inkje hev Hug til og som litet vedkjem honom rett personleg, ein endelaus Strid med ei tverki Landsstyring, som ogso vik undan for aa føra denne Striden beint fram for kvar Manns Augo og kvar Manns Dom, men fløkjer det inn i Juristing og Lovkunster og aukar Vandemaal,
som Aalmannen korkje hev Hug hell Tolmod hell Fyribuing til plent aa fylgja i Smaadelarne. Han kann berre faa Tak paa dei kvassaste Oddarne, hellest maa han samla seg um eit Program, som er vidt og stort nok for alle, og halda stødt og truget paa det og lita paa dei Menn, som han gjer iveg for seg.
           
Hadde det endaa voret ein Strid paa eit Aar hell tvo, men naar det skal vara ei heil Æva, var det utenkjelegt hjaa dei mest framstigne Folk anna, enn at det maatte laga seg so noko, som Ibsen nemner det med den kompakte Majoritet.
           
Soleids som Stellingi hev voret, maa ein heiltupp vera glad for, at det kann hava laga seg ein slik tett Hop i dette Landet, der det er so skilt og skjaltre og kvar Mann helst vil ganga sin eigen Veg.
           
Men det er fælt ille, naar slike Hopar skal standa ihoppakka forlenge, allvist naar det skal gjelda det same Aar ut og Aar inn; det vert noko likt med detta i ymse Maatar som naar ein Her ligg for lenge paa same Flekkjen.
           
Naar dei lid for langt slike Rider, so maa det slik Skjerping til jamt, forat Folk inkje skal verta keide, og Rakaknivar kjem høgt i Pris. Og no hev dette stadet paa sopas lenge, at det for den Sak Skuld vilde inkje vera ille aa faa lufta ut nokot. Soframt det daa inkje var i ei Utid for sjølve Politiken. Men det hender so jamlegt, at naar det kjem upp nye Tankar hell nye Domar um gamle Ting, so plagar dei aa passa den rette Tid sjølve. Og desse tvo Menn her no er inkje politiske Utbordar og Utangar, som er utgjengne paa aa øydeleggja, men slike som hev livt seg inn i det.
           
Eg tykkjest inkje tru, at det kann vera utidugt. For me hev no i Grunnen alt naatt dit, som me kann naa. Folk og Storting hev stridt til Endes og gjevet det fraa seg i Henderne til Domararne. Me hev naatt Maalet og Avslutningi paa dei politiske Striderne i dei siste Aar, det som ein fast Hop trengdest til. For rettenkte Folk bør daa inkje tru det verste, at det inkje vert Slut, naar Domen fell. Me maa laga oss som i eit lovlydigt Folk, og daa trur eg det gjer godt aa faa røra paa seg og strekkja Lemerne sine og sjaa seg um.
           
 * * *
           
Det er og stor Skilnad millom desse tvo Menn. Mejdell held seg til det nærmaste og dømer um det, som sist er gjort, som han tykkjer minner for mykjet um gamle Tider, som no skulde vera utgjengne. Han vil, at med 9de Juni skal det vera lagt ein ny Grunnvoll, ny Skikk maa det koma paa all Ting, og nye Menn, som inkje stanar paa Halvvegen, men gjeng hugheilt beint fram.
           
Bruun gjeng meir undan Stellingi soleids som ho hev vortet no ved Striden, som daa mest vert som eit Millomspil for honom; han vender seg meir inn mot Grunnarne hell Principi, som hev legjet i det fraa gamle Tider, Tanken um Likskap for alle, den han finn er rett etter Kristendomen. Han likar inkje Parlamentarismen, men vil hava, at Kongen og skal vera med med si Meining.
           
Desse Kararne som er so ulike hev kunna gjenget tilsaman aa kalla i Storstriden til dessa. Det visar kor stor og sterk heile denne Rørsla er, at det er inkje berre nokot, som Tilfelde og Fyritolur hev fenget istand. Det visar at det som dei no kallar Vinstre og Høgre er inkje rette Partinamn. For det er dette Vinstre berre, som er med i Politiken; dei som kallar seg Høgre det er slike berre, som er imot all politisk Utvikling og inkje noko politisk Parti med Program og Namn.
           
Vinstre er det einaste politiske Lag, det umfatar alt baate det verkelege Høgre og det verkelege Vinstre, baate Chr. Bruun og Mejdell. For med vanlege Tilstand vilde ein vist kalla Bruun for Høgremann, og Mejdell Vinstremann, og Vinstre som no er, vil væl utvikla seg til tvo slike Parti, som baade tvo vert fridomskjære og seg imillom vil kappast for aa gjera Landet lykkelegt, og midt imillom dei vil det og daa verta Rom for eit Centrum, som er det umogelegaste av alt no.
           
Det vert inkje Skikk paa Politiken vaar, fyrr det kann laga seg so, fleire Parti, so kvar Mann kann finna ein Plass etter sin Hug og vera med i Arbeidet for Framgangen i Landet. Fyrst det, som kann koma ut av Samarbeidet og Tevlingi daa, kann ein vera fullstøde paa vert til varig Vælsigning for alle.                 
 
d. b.