Tidender.

Kristiania, den 24de marts.
 
I Parisog paa ymse andre Stader i Frankrik hev det i den seinaste Tid voret mykje Uppstyr av braudlause Arbeidarar; dei hev stimlat ihop og gjort Ugagn sumstad, men i det heile hev det inkje vortet til nokot, baate fyrdi Politiet hev voret væl fyrebudd og past godt paa, og fyrdi Øsingi hev voret mest sjaaande til og hev voret tillstellt av illsinte, misnøygde Politikarar. Soleids hev Kongsmennerne og Bonapartistarne lagt seg etter aa gjera Røra millom Arbeidarne fyr, som dei trur, aa skade Republiken med det. Millom dei, som er vortet fastsette, er det faa Arbeidarar, men fleire av Fyremennerne fyr Socialistarne og Anarkistarne (dei loglause).
           
Det er især Snikkerarbeidarne i Paris, som klagar yver Arbeidsløyse, og det vert sagt, at det mykje skal koma av, at Frankrik ikkje kann tevla med den svenske og norske Trevareproduksjon, som med kvar Tid fær utvidkad Avsetjing der.
           
 
Den Brotts- og Mordpolitikk, som no lengje hev voret drivet i Irland, ser det no ut til, dei vil flytta yver til England og. Sist i fyrre Vika var der i ein Departementsbygning i London ein Dynamitexplosjon, som dei trur maa ha voret tillstelt av Fenierne, eit irsk Selskap, som hev sett seg til Fyremaal aa driva den Slags Politikk. Dei hev alt laange sia truga med aa føra sin Krig yver til Hjartat av England. Øsingi er stor baate i England og Irland, især sidan det er vortet opendagat, korleids det heng ihop med dei mange politiske Mord, som er gjorde i Irland dei siste Aari. Der hev voret eit stort irsk Selskap, som kallad seg dei uyvervinnelege, som hev stadet fyr det alt, og som det endaa ser ut til hev Avdeilder i sjøvle England. Det vert endaa meint, at Landligaen, som den store irske Politikaren Parnell var Førar fyr, hev stadet i Samband med dette Mordsamlag og hjelpt deim med Pengar.
           
 
Ein stor Rettargangfyrebur dei no i Rusland att. Det er ei seksti Nihilistar, som ventar paa sin Dom. Dei skal dømast av ein serleg tilsett Ret og vert deilade i tre Lutar; kvar av desse vert daa domfeld alle under eit. Dersom det skal ganga til paa denne brutale Maaten som me hev sett det gjort fyrr ved desse Nihilistprosesserne, so vert Retten halden fyr lukte Dører.
           
 
Det russiske Keiserparethev latet seg taka av i fleire ulike Stellingar og hev teket fyr 15,000 Rublar i slike Fotografier, som skal deilast ut millom Folket ved Kroningi.
           
Ved denne Kroningi skal millom annat og 50,000 Syllatar stellast upp paa Stas. Kostnaden med di vert halv-trie Million Rublar.
 
           
Tiderne skifter. Morgenbladet fortel etter eit anna Blad, korleis Lagtinget var ihopsett 1824, og korleis det er ihopsett iaar. Den Gongen var Mengdi Juristar, men no er det Bønder. Ja det kom Snakedag etter Kakedag meinar vel Morgenbladet. Samfundet trur at Byte ikkje er so gale endaa. 1824 var det 19 Mann i Lagtinget og 13 elder 14 av dei hadde tyske og danske Namn. 1883 er dei 29 Mann i Lagtinget og 24 elder 25 av dei hev Namn som høyrer heime i Norig og berre 4 elder 5 er ætta fraa Utlande. Det framande lyt her som andre Stader i Rikslive vaart tokka seg unda fyr det heimlege. Det er daa ingi Under, at Framandkararne no tek so hardt i og gjerne vil ha med seg dei Normenn, som ikkje hev vakna enno.
 
           
Stortinget hev søkt Kongen um og hev fenget Løyve til aa sitja samlat utyver dei tvo Maanadene.
 
           
Riksretten. Det vert fortalt, at Regjeringi hev teket til Verjarar (Defensorar) til ventande Riksrettstak Advokatarne Johs. Bergh, I. K. Heffermehl og N. R. Heyerdahl. Tinget segjest ogso vilja taka tri Menn til aa føra Saki paa si Sida, og attaat desse vil det stelle ei Nemnd som Tilhjelp.
 
           
Dei tvau einaste Bonderepræsentantarne (ifra Jarlsberg og Larviks Amt) som Høgre fekk innvalde i Tinget iaar, Horgen og Hansen-Foosnæs gjeng med Vinstre i Lønings- og Pensionsspursmaali. Embettspartiets Aksier stend inkje so reint høgt hjaa Bonden i dette trugne Amtet held.
 
           
I Novembersamlaget paa Voss skulde ein av Felagarne halde Fyredrag no nyleg. Men han slap skamropa seg _ han laut lata Møte fara, fyr det kom for faae.
 
           
Høgre i Stortinget hev au i det seinaste havt sine Sermøte. Dei, som er so sinna paa, at dei frilyndte samla seg og raadleggja um vigtiga Saker, hev inkje forargat seg paa Høgres Møte. Moral: fyr den gode er alting gott.
 
           
Folkehøgskulelærar Ullmann hev skrevet ei Bok som kallast Om vore Evangeliers Ægthed. Det er eit Motskrift mot den Boki, Bjørnson nyleg utgav; Hvorfra stamme Miraklerne i det nye Testamente? Ullmanns Bok vil snart verta aa faa.
 
           
Bisp i Trondheim Andreas Grimelund hev fenget Afskil fraa 1ste Juli med 6000 Kr. i aarleg Pension. Kongen hev vitnat sin Vyrdnad fyr hans lange, nidkjere og for vor Kirke betydningsfulde Embedsvirksomhed. Grimelund hev og voret ein glup Mann, det er vist, um ein en inkje kan samstava med honom i alt no i det seinste.
 
           
Utnemningar. I Stadsraad hjaa Kongen 17de ds. er etter Aftenp. utnemnt Prost og Soknaprest til Sandsvær T. J. Aschehoug iti Soknaprest i Aas; Soknaprest til Bygland O. Ulsteen til Soknaprest i Børsen; Hjelpeprest hjaa Soknaprest Wille i Skeberg I. I. E. Jansen til Soknaprest i Varteig; SOknaprest til Tolgen H. F. M. L. Davidsen til Soknaprest i Hvaløerne; ledig Hjelpeprest I. G. Olsen til Hjelpeprest i Eidsberg; Kand. theol. P. J. Lødrup til Hjelpeprest i Skeberg.
 
           
Fraa Uppropararne til Kristendommens Venner hev det andre Skriftet komet ut, og det tredje er ventande. Det gjeng meir og meir av i skire Politikken, som ein au høyrer av Namnet paa dei. Dette andre Hefte kallar dei: Den politiske Situation og de kristne. Det er skrivet af Presten Karl Roll. Det tredje skal vera um Det radikale Parti og Rigsretten. Det segjest, at av det fyrste Skriftet vert trykt 40,000 Stykkje. Dei hev 2000 Agentar utgjenom Landet og leitar etter fleire. Vert inkje det norske Folk omvendt til Høgrepolitik no, so vert det det aldri. Um nokon vert umvendt til Kristendomen ved dette, det veit me inkje.
 
           
I Holmestrand hev dei lagat seg eit Arbeidarsamlag. § 2 i Loverne deira segjer, at dei i Samlaget inkje fær snakka um Saker, som i nokon Maate heng ihop med Politik.
           
Holmestrendingarne er velsindede Borgere. Det var ikkje fyr inkje, atdar aldri fanst ei einaste Vinstrestemma ved Valet i Haust.
 
           
638 Mormonar hev Advokat Meidell sendt inn til Tinget ein Søknad fraa um aa faa fri Religionsøving for dei ogso. Hellest er det berre kristelege Truir som hev den Retten. _ Berner og Sparre hev teket det upp.
 
 
Konge og Droning er no i Byen og mange Prinsar.