Ragnhild Slettevoll.

[Del 6 av 6. Første delen]
 
(Forteljing av _bjørg.)
                         
 
(Framhald.)
           
Daa Ragnhild kom heimatte var der Gjester, men dei var i Nystoga. Kari kom inn daa Ragnhild ha’ komi og var i sodant Godlag at Ragnhild var reint undri, ho ha’ alli sett ho slik sia ho kom der. Ragnhild skulle no uti Stoga paa hare Livet, og ho fylgde daa med. Dei kom no uti Stoga, og kven sat der med Boret trur du , jau den kjære Bror til Kari, som no var ein Sveinkall paa eit halvt hundra Aar, og so Tor, han var au meir rødug i Dag. Ragnhild skulle au innaat Boret og eta, men ho fekk ’ki ne ein Biti, for denne Olaven sat og stirde paa ho med slike brenande Augo at Ragnhild viste seg ’ki betre Raad hell gange fraa Boret, men det fekk ho no ikkje, for det var noko dei vilde fortelja ho sa’ baate Kari og Far hennar. Ragnhild tenkte det maatt vera noko aa Vangje, med det denne Olaven ha’ vori der so titt no paa ei Stund, og ho gav seg daa Tid til aa høyra ka det var.
           
Mi heve no stelt det so, sa’ Tor, og skralta, at du skal verta Kona has Olav, no er du vaksi Gjente, og han er den rikaste Gut her er i Bygdi. Det var no ho Kari, som sette meg paa denna Tanken, og eg finne no au det maa vera det beste. Ja, sa’ Kari, mi vil no laga til Bryllaup det fortaste mi kann; væl ha eg no skult vona noko meir Arbei av Ragnhild for det Stræv eg hev havt med ho, men ein maa daa sjaa og faa ho godt gift au, ette de at eg daa er sette til Mor yvi ho.
           
Ragnhild skalv, men likevæl reiste ho seg, dei bleike Kinni vart endaa bleikare og Lippurne var plent kvite. Eg vil lye deg i alt det eg kann Far, sa’ ho med fast og sikker Røyst, men alli kann eg vera denne Olavens Kona, di lyt daa fare at med meg som di vil. No bleiv Kari rasande, ho banna paa det, at ho skulde inkje sleppa og truga med vondt. Men Tor var daa inkje so hard endelege. Ho gjev seg nok til imorgo, meinte han.
           
Det var lengje, før Ragnhild kunne sanse seg etter dette. Det var fyrst um Kvelden, daa dei hadde lagt seg, daa kom det for ho, hot som hadde hendt, ho laag og inkje kunne faa sova.
           
Aa gjev eg var dø som Mor, tenkte ho, og brast i Graate. Du min Gud, du lyt hjelpe meg, eg er so eismo. So kom ho paa hot som fyristo imorgo atte. Bare ho hadde nokon aa raaføre seg med, bare Tone hadde vori der, so hadde dei aldri tora truga ho.
           
No var det plent stillt paa Garden, ho høyrde ’kje ein Knyste. Daa kom ho paa ein Tanke: Om eg strauk til Tone med sama, ho er den einaste, som no kann hjelpe.
           
So reis ho braadt upp og fekk paa seg Klædi og smatt ut, utan at nokon høyrde det, og til Sprangs bar det med ho, og ho stansa inkje, fyrr ho kom til Hagjen, og daa var det yver Midnatts-Leite. Ho banka daa paa; Tone kom endeleg ut, men daa vart ho forfælt, daa ho saag Ragnhild der ved desse Tider, so syndleg utsjaaande ho var av Regn og Væte, og forkomi saag ho ut. Men Ragnhild kunne alli tale for bare Graat. Men seiste fekk ho daa Mælet upp sovidt, at ho kunne fortelje altsama, hos det hadde gjenge te. Tone sagde inkje stort, berre riste paa Hovudet og fekk ho aat Sengi. Men Ragnhild laag lenge og inkje fekk sova, endaa ho var hosta trøytt. Det rann fyr ho alt som hadde hendt idag, at ho hadde stadet paa Kyrkjegolve og alt det Presten hadde tala og so alt heime, denne Olaven, og no hadde ho flogi ut fraa Heimen sin og det paa slik ein Dag. Ho hadde alli tenkt paa det vidare fyrre, men no kom det so tungt paa ho med ein Gong, korleids det daa skulde bli dette. Naar no Kari kom og vilde faa ho heimatte. Nei, nei, heimatte hadde ho inkje Hug til aa reisa etter dette.
           
Um Morgonen, daa Tone var uppkomi, var det det fyrste Ragnhild sagde: Kjære Tone lat meg bli her med deg, det er umogelegt aa reise heimatt for meg no.
           
Ja so bleiv det te det, at Tone tok paa seg Helgeklædi og lagde iveg til Slettevoll, og Ragnhild bleiv atte heime hjaa ho, og undrest paa hos det vilde gange, men ho tottest au vera som so trygg, naar ho visste Tone vilde hjelpe, for fekk bare Faren raa, so visste ho, at han alli kunde staa seg i Orlage med Tone, men det var Kari ho var rædd.
           
Daa Tone kom fram, gjekk ho inkje inn med det same, avdi ho inkje vilde raaka Kari, men spurde bare etter Tor. Daa han so kom ut, helsa ho vyrdsamt Goddag; ho saag væl, at Tor var upp-øst og vond, men ho let bare som ingen Ting og kom farande so fint og fortalde um at Ragnhild hadde komi der um Notti. Tor vart still og mælte ingen Ting, men Tone gjekk hardt inn paa han, og seiste laut han gjeva seg paa det, at Ragnhild skulde faa vera hjaa Tone so lenge. Men eg ska daa spyrja Kari fyst, meinte han. Nei det vilde inkje Tone høyre paa, ho meinte, at han laut raa yver Datter si so pas sjølv, og han kunde ingenting svara imot dette.
           
Ragnhild bleiv verande paa Hagjen med Tone.
           
Daa det leid til Hausten, var det den Tid, at Sigurd skulde reisa paa Seminaret. Daa han alt var paa Turen, laut han innum paa Hagjen og segja Vælfar med Ragnhild. Dei var uglade baae tvo no, dei skulde skiljast. Men Tone trøystte dei, det beste ho kunne.
           
Ja men dei kunne daa truge Ragnhild til aa taka ein annan, meinte Sigurd.
           
Nei, nei, svara Ragnhild, eg vil aldri heimatt til Slettevoll eg. Tone lyt syte for meg, hossi det so gjeng; for kjem eg heimatt, so hev Kari sodan Magt yver Far, at det nyttar inkje, um eg bed han hjelpe meg.
           
Daa Sigurd reiste, var han lettare um Hjarta, enn han hadde tenkt seg.
 
           
So leid det tvo Aar.
           
Ragnhild var hjaa Tone. Ho bleiv høg og vælvaksi, raudleit og ljos; det var ei staut Gjente.
           
Kari var so sinna baate paa Tone og Ragnhild, som ho kunne vera; og no var ho endaa verre au, for Tor gjekk so ofte til Hagjen for aa tala med Ragnhild.
           
Ho hadde sendt mang ei Bøn til Vaarherre for Far sin Ragnhild, og naar han var der, las ho jamt noko for han anten av Bibelen hell av nokor onnar Bok. Han gat ingen Ting Tor, men etter kvart tottest han bli stillare og mjukare.
           
So var det ein Laurdagsaftan um Vaaren. Ragnhild vilde gange stad med Blomar til Grefti aat Mor si.
           
Daa ho kom paa Kjyrkjegaren bleiv ho var noko innmed Grefti, og daa ho saag betre etter, var det han Tor. Ragnhild kom uformerkt yvi han, Taarir rann paa Kinni.
           
Guskjelov! tenkte Ragnhild no trur eg Tor kjem til og tenkje meir aalvorlegt. Ho gjekk no beint fram til Far sin, og daa han saag Ragnhild tok han ho i Armanne som eit Baan.
           
Mit vene Baan du lyt gjeva til Far din, allt det han heve gjort gali, det kjem til fylgje meg alle Dagar, men du heve gjort meg mjukare, Gud signe deg for det. Det kjem no til bliva sure Dagar for meg ihop med ho Kari, Gud gjeve meg til, at eg tok ho til Mor fyre deg Ragnhild.
           
Du maa au gjeva meg til Tor, sa’ Ragnhild fyre eg ikkje heve vori heime og hjelpt deg, men eg heve jamt grua meg for at ho Kari kunne truga meg til taka Olav, men no hev eg Hjelp i deg; og eg lyt vera deg til Hjelp Tor du er no so gomol.
           
Med dei stod og tala soso, kom der ein byklædde, høge fermlege Kare inn paa Kjyrkjegaren. Ragnhild kjende han med sama, men ho bleiv standande med Grefti og saag ende ned, han nærma seg, Ragnhild kjende ho bleiv raud. _ Det var Sigurd. Her var no eit Aar sia han var heime, han var no fullærde til Skulemeistare. Han tok Hatten av og helsa paa Tor og Ragnhild, som mest blygdest fyre aa sjaa paa denne fine Karen. Men dei var snart inni i ei Røa, og daa fortalde Sigurd, at han skulde vera Skulemeistare der i Bygdi, han ville begjynde til Hausten. _ Dei let seg ’ki merkje fyre Tor enno, at dei var forlova.
           
So gjekk dei allesaman til Hagjen til Tone. Ingjen var gladare hell Tone yvi aa sjaa Tor i Fylgje med Ranghild og Sigurd, og ho gjore plent eit liti Lag for dei.
           
Dei hadde daa so mangt aa røa um, so Tidi gjekk fort. Men no bleiv det daa avgjort med Tones Fortale, at ho Ragnhild maatt hava Sigurd naar han hadde komi so vitt han kunne syte ei Kjering med sitt eigi Arbei og førre ville ’ki eigong Sigurd hava ho. Der sat nok Gjerugheit i Tor enno i Lunevis, men det var daa med Maate.
           
So ville daa Ragnhild au heimatte med Far sin, og sjaa hosi ho Kari var laga mot han. No var ho ’ki Baane lengri, no ville ho prøva, om ho kunne gjera noko godt heime. Eg vil bea ho Kari, tenkte Ragnhild, kanskje ho daa vart mjuk. Men det glapp. Ho var reint gali baate paa Tor og Ragnhild, mest paa Ragnhild for ho las om Kvello og Møno fyre heile Husi, og Tor lika det au no, so brydde ho Ragnhild seg’ki om hot Kari banna, ho var like blid Ragnhild. Til verre vart det for Kari, ho ville helst hava Trætte, og det hadde ho no fengje med Tenaranne fyrr, men no hadde det komi som ei go Aand millom dei, dei svara alli ho Kari no. Dette totte Kari bleiv for svert, ho banna paa det, at anten skulde det bli paa ein annan Maate, hellaa kunne ho reisa. Ragnhild prøva med aa tala for ho, um dei kunne ’ki liva ihop i Fred og ikkje med slik Uleven, men daa fekk ho sitt, og ein Dag tok ho radt heimat til Bror sin. Kari fekk ein til hente alt det, ho hadde komi med til Slettevoll, men sjølv kom ho inki atte.
           
So skrei Tidi. Sigurd hadde begjynt med Skulen, og det bleiv ein dugleg Kar.
           
Ragnhild kjende seg so glad no, ho gjekk titt paa Skulen, for aa høyra paa, og han fylgde ho daa heimatte og Tor tok imot han, som sin Maag.
           
 
Far er so klein i Dag, sa’ Ragnhild ein Dag til ein av Gjentunne, eg lyt faa dikkon til hente Sigurd og Tone.
           
Dei sprang so svint det var sagt og snart kom dei.
           
Eg kjem til døy no, sa’ Tor, eg totte ho Aase ropa paa meg i Nott, aa eg svara ja. No tar du ’ki vente med aa faa Ragnhild Sigurd, det var gali det ikkje heve vorti fyrre, men di er ’ki vonde paa meg. Aa du Tone skal hava so mange Takk fyre alt du heve gjort mot Ragnhild fraa det fyrste, du hadde ho unde Hendar, eg skyna ’ki daa, hot det var fyre no paa ei Tid. Ragnhild lyt løna deg atte og Gud gjer det no so gjønne.
           
Han sovna so blilege burt.
           
Ragnhild bad no ho Kari, om ho ville koma til Likfærds, men det ville ikkje Kari.
           
Ei Tid etter bleiv det lyst for Sigurd og Ragnhild. Du kann tru det var undring i Bygdi yve Ragnhild, som hadde havt tebods alle dei beste og rikaste Gutar paa via Leid, at ho ville hava Sigurd, men Ragnhild let dei røa, som dei ville.
           
 
No bleiv der eit anna Liv paa Slettevoll, Sigurd bygde upp Skulehus av eigjen Kostnad tett innmed Slettevoll, dette var no Ragnhilds Ynskje au. Naar ho so hadde ei liti Tid, var ho med og hjelpte Sigurd med Skulen. _ Eit Par av dei fatikaste Bonne blei haldne med Kost og Klæe, so dei kunne faa vera paa Skulen, so bleiv det skjift so til kvart Aar. Dei lika aa hava det livand umkring seg.
           
Gamle Tone bleiv studdri no, men ho var paa Hagjen enno. Ho gjekk til Slettevoll ofte og paa Skulen der var ho heime, ho lika seg med Bonne. Sigurd og Ragnhild ville at ho skulde vera hjaa dei no, og so bleiv det, ho var der til sin døyand, Dag.