Gjenom Dalsland og Vestergötland.

[Del 10 av 12. Første delen]
 
(Framhald.)
           
Det let seg godt tenkja, korleids der saag ut paa Austsia av Osen til den øystre Armen av Gøtaelvi, fyrr Folk tok paa aa byggja og bu der. Moar og Sletter med smaae Berg, sume kledde med Barskog som enno Aasarne er nordanfyre Byen, men dei mest nokne og snaude, liksom Bergi er lenger ut med Fjorden, slikt maa der have voret. Men det, som er det styggaste, kann verta det fagraste. Der er inkje vidare vakkert rundt umkring Götaborg; det er inkje som ikring Kristiania; men sjølve den midtre Deilen av Byen er so staut og storsleg, at knapt nokon By i dei 3 nordiske Landi kann likna seg med honom. Götaborg hev fyr lenge sidan slegjet seg upp til den første Handels-Staden i Sverige; Stockholm lyt nøgja seg med aa vera No. 2 i den Vegen, endaa han hev meir einn 2 Gonger so mange Folk. Kjøpenhamn er endaa større og folkerikare; Kristiania hev au Fyremunar framfyre Götaborg i Storleiken; men ingen av desse Byarne syner fram so store borgerlige Tiltak i Byggjing og Tilskiping som Gøtaborg, knapt nokon av deim er so europeisk. Framandmannen kann verta reint forfelt yver alle dei store og staselege Bygningar. Gong paa Gong var eg ferdug til aa spørja, um inkje det elder det store Huset var eit Slot; men nei, der var inkje nokot Kongsslott, men mange Slot fyr dei rike Handelsmenn. _ Gatorne er der etter: breide, beine og godt lagde. Dei mest forvitnelege er Hamngatorne. I Midten av deim gjeng Vatsrennor (Kanalar) so store, at Skip og Baatar kann ganga der og føra Varor gjenom Byen. Paa baade Sidor av Kanalmurarne er der Kjempemurar av store hogne Graasteinar. Desse Murarne gjeng so høgt upp yver Vatnet, at der paa baade Sidor vert laglede Bryggjor fyr store Farty og derifraa gjeng Steintropper ned aat Vatnet. Paa kvar Sida av desse Kanalarne er det romlege Gator fyr Kjøyrarar og Gangarar, og ved kvar Tvergata er der ei Bru, so Kanalarne ingjen Stad er til Hinder fyr Ferdselen. Nest Hamngatorne er Allégatorne dei grummaste. Desse gjeng i same Leidi som Hamngatarne, fraa Sjøen og tvert igjenom Byen. Kver Allégata ser ut, som um 3 maatelege Gator skulde liggja jamsides, berre skilde med Rader av Kjempetre. Dette tek seg framifraa godt ut, og her likar Götaborgaren aa gaa og rugga. Ein endaa hævare Reikeveg (Spatziergang 1) ) er der i den gilde botaniske Hagen.
           
Götaborg er ein rik By; men han hev, som ventande er, au Rom fyr Smaafolk. Paa den Øystre Sida attmed Sjøen stend der mange smaae Hus i Bakkar og Hall. Hellest bur der nok mange Arbeidsfolk utanfyr sjølve Byen ikring dei Verki, som der er mest alle Stader tilmed upp etter Skogaasar.
           
Götaborg fylgjer godt med Tidi. Han ligg so laglegt fyr Handelen, at han kann verta ein Storby. Dei segjer, han gjeng so fort fram som ein amerikansk By. Han strekjer seg paa Lag ei halv Mil upp etter med Götaelvi; men paa denne Leidi er der sume Stader grissgrennt. Her ein Stad eit godt Stykke fraa Elvi er ein Kyrkjegard, som lyt nemnast, fydi han er so götaborgsk, Ei stor Øydemark med Berg og bratte Bakkar er teki til Gravplads. Dei arme avlidne jordiske Kropparne hev liksom fenget seg ein liten Jøtunheim, der dei inkje er nokon livande Sjæl i Vegen. Men meinar du inkje, Götaborgararne hev skynat aa skipa allt so væl hermed Tropper, Stigar og Gonger, Tre og Runnar. At hava Gravstyttor og Minnesteinar tek seg betre ut paa Bergtoppar og ned etter Bakkar og Bergsidor enn paa utjamnat flat Mark! Nedanfyr Bergi er hellest ei Slett med Rom fyr mange Kister, og her stend au eit gildt Gravkapel.
           
Götaborgaren hev Ord fyr aa vera væl kaut paa det. Det skal vera Rikdomen, som gjever det, segjer dei, og so veit du, der er mange Armingar, som apar etter Rikingen so mykjet, dei er god fyre. Götaborgaren skal inkje vera so umgjengeleg og kameratsleg som t. D. Stockholmaren; han skal bry seg meire um Moro og Gaman og lika betre Arbeid, og det skal allra helst vera yver sine store Tiltak, han gjerer seg til og er storlaaten. Kor mykji Sanning der kann vera i detta, veit inkje eg. Eg kan berre segja, at det var framifraa høviske Folk, eg raakad paa, dugande Folk, som inkje skrøytte elder gjorde seg til av sine Dygder; men det var naa helst Menn, som hadde med Folkeskulen aa gjera lika upp til Skulens Ordførande Hr. Possessionaten 2) R. N.O. och W. O., J. D. v. Holten,som var ein Fagnamann. Og hende det, at eg i den framande Byen laut spørja etter Vegen ute paa Gatom, fekk eg tilmed av den finaste Herremannen den beste Rettleiding. Eg skulde t. D. berre gaa rakt lika fram, og naar eg kom til den elder den Tvergata, skulde eg skyngs i søder elder til høger, og sume fylgde meg lange Stykke.                                   
 
( Meir.)
 
1) paa Tysk.
 
2) Storeigaren.