Fraa Morgedal.

(Brev.) Hu meg, hos her hev snjoga og føykt i Vetr! Det hev mange Vendur mest voret vondt aa komi utom Dyri. Og Snjoen ligg lengst uppetter Husveggjerne. Men no fer det alt til aa vaarast so smaatt. Soli vørmer gott i Bakkarne midt paa Dagen, so det er Von um, at Snjoen vil reisa herfraa og, naar det lid paa; men han er spøkjeleg stor no. _ Med Vaarsoli kjem Vaarlengt hjaa Folket. Dei tyks, det vert for trongt hera millom desse høge Nutarne. Dei lengtar etter aa koma ut. Og Ungdomen kved dagstøtt paa Visa hans Arne Kampen: Undrer mig paa, hvad jeg faar at se over de høie Fjelde. Det hev no vart Aar etter Aar, at Folk hev reist burt fraa oss. Og samaleis vert det nok i Aar og. Her skal fara mange til Amerika i Vaar. Nokle hev alt reist. Men me tyks, det er kleint til Karar, som gjer dette. Her er daa sanneleg kje so trongt her i Telemarkje, at dei tarv reisa for den Skuld. Og totte dei, at det vart for trongt herned i Dalen, so kunde dei gjera lik som eg: fluga upp paa dei høgste Nutarne her er. Der er kje trongt. Eg kjenner meg baade lett og varm etter ei slik Ferd.
           
Folkehøgskulelærar Ullmann var her for ei Tid sidan og heldt Fyredrag. Det var fælande stygt Veer; men likevel møtte so mange, at Skulestoga vart mett med Folk. For alle vil høyra Ullmann, og det er Mann, som er verd aa høyra paa og. Aa den som kunde faa slik ein til Prest er det mange, som segjer, naar dei hev høyrt honom. Her er kje nokon paa Skulen hans herfraa no. Men dei fleiste av oss hev voret der fyrr.
           
Eg hev set i Fedraheimen, at Telegutarne der inne i Huvudstaden hev fengi stellt til eit Telelag. Ja det var, som det skulde vera. No kann me kjenna Teledølarne att. Eg vil ynskja, at Tele-Laget maa faa ei ljos Framtid. Kva driv dei paa med i Tele-Laget tru? Kann kje Fedraheimen fortelja oss litt um det? I den Vigsletala, som stod i Fedrah., stend, at dei inkje veit, um Telen var med i Livet i gamle Dagar. Men heruppe veit me det. Eg skal berre nemna, at der var Telar med i Braavallaslaget. Og dette var vist i gamle Dagar. Eg hev gløymt Namnet paa dei; men eg veit, dei gjorde store Grip. Og so var det herfraa Telemarkje, at Sverre Sigurdson fekk sine namngjetne Bjørkebeinerar. Aajau Telen var nok med i Livet og Leiken i gamle Dagar og.
           
Med politiken er det fælt stillt her no um Dagarne. Men me ventar kvar Dag paa aa faa høyra, hos det gjeng for seg i Hovudstaden. Her er some, som er so rædde, at dei skjelv. Dei trur, det vert Krig av. Men me, som hev Fedrah. er kje det Slag rædde, for me hev kje set noko um Krig der. Og me liter paa, at Fedrah. segjer til, naar det kjem Faari paa.
           
Me likar utifraa godt Fedraheimen no. Han er so kjendsleg paa alle Vis. Han er noko liten endaa; men han vil vel veksa seg stor med Tidi. Han er kje gamal Karen, berre sjau Aar, so ein kann kje stort venta. Men han hev mange Vener her i Telemarkje, og fleire fær han alt fort. Jamvæl Kvendi byrja aa elska honom. Og daa skal dei hava Takk for Baanematen! For me veit alle, at han er bergja den Guten, som alle Kvende hugleggjer. Og fær kje Fedraheimen Husrom nokon annan Stad og av andre, so skal han faa det her i Telemarkje hjaa Telekvendi. _ Ja no lyt eg slutta for denne Gongen; men eg skal snart koma att. Og til dess fær Fedraheimen liva væl.
           
12/ 3  Ei Morgedølsgjente.