[Protokolkomiteen...]

Protokolkomiteen er ferdig med Innstillingi si um, at Selmer og hans Menn skal under Riksrett.
           
Dei fleste her i Landet vil lika denne Innstillingi. Me hev røynt Selmers Styre so lengje no, at det visst er faae, som hev Hug paa meir av det Slaget.
           
Me hev vakset upp i den Trui, at Norig var eit fritt Rike, som hadde full Landsrett og Æra; me hev vakset upp i den Trui, at me var eit fritt Folk og ingen Tenar elder Husmann, som turvte spyrja andre um, kva me skulde faa Lov til aa gjera; me er med eit Ord upplærde til aa tru, at me hev ei fri elder konstitutionel Forfatning, og det vil, som Fredrik Stang skreiv eingong, segja, at Almenviljen skal vera den bevægende Kraft i alle Statslivets Retninger. Men Regjeringi hev prøvt aa læra oss nokot annat den, so at no gjeld det beintfram um, kven som skal vinna, vaar gamle Folkefridom etter Grunnloven, elder denne Regjeringi, som synest vilja innføra ein ny Skikk og taka Retten til Sjølvstyre ifraa oss.
           
Gjeva seg vil ho ikkje. I mange Aar hev ho lagt Vinn paa aa visa, at ho ikkje vyrde Folkeviljen, um han var aldri so sterk og kjem fram paa aldri so logleg Maate. Ho vil gjera sin Vilje, ho, og dei, som ikkje vil fylgja og hjelpa henne i dette, dei er ikkje Folk, dei er radikale og alt styggt; Morgenbladet kallar dei ikke meningsberettigede, og Regjeringi stig sjølv fram mot dei some Tider og slær paa, at dersom dei ikkje vil gjeva upp sin eigen Vilje og gjera som ho vil, _ so kann det gaa galet med heile Landet.
           
Dersom det no endaa var so fælt galet, det, som Folket vil! Men for det fyrste vil Folket ikkje annat enn slikt, som dei fleste finn er gagnlegt for Landet; og for det andre so er det nok ingen, som hev sett Selmer og hans Menn inn til Formyndar for Folket. Grunnloven er bygd paa den Tanken, at Folket som kvar annan vitug og vaksen Mann sjølv skal raa for si Ferd og sin Eigendom; Kongemagti er ikkje innsett til aa vera Formyndar elder Tuktemeistar, men til aa passa paa, at Folkeviljen kjem rett og loglegt fram, og at han sidan paa logleg Maate kjem i Verk; Folket skal vera eit; Statsmagterne skal arbeida saman til Landsens Bate.
           
Fyrste Gongen Regjeringi paa ein grov Maate viste, at ho ikkje vilde lyda Aalmennviljen, det var i 1880, daa ho negtad aa godkjenna Avgjerdi i Riksraadssaki. Den Avgjerdi var daa so tydeleg og logleg Folkevilje, som nokon Ting kunde vera; baade Vinstre og Høgre _ so nær som Morgenbladshopen _ vilde hava den fram; men Regjeringi sagde, at daa denne Avgjerdi ikkje var plent som ho vilde, so var det Folkeviljen, som fekk bøygja seg.
           
Dette var i seg sjølv grovt nok, og det var tilmed ei Gjerning, som i fleire Maatar var skadeleg for Riket. Men til alt dette kom, at Regjeringi ikkje eingong etter Lovens Ord hadde Rett til aa gjera eit slikt Verk; fyrst maatteho setja upp den Læra, at ho hadde absolut Veto, _ og den Læra finst ikkje i Grunnloven, sidan hev dei prøvt aa visa, at Vetoet maa finnast, anten det so stend i Grunnloven elder ikkje; men kor lite Regjeringi hadde aa byggja paa i 1880, det fekk ein sjaa sidan, daa ho laut gaa til Fakultetet for aa faa nokot aa halda seg til.
           
Make til politisk Daarskap hev ikkje voret gjort i heile vaar Fridomstid, som Biskopp Smitt sagde, og der vil vera dei, som finn, at Bispen kunde ha brukt sterkare Ord, og at dei Ordi hadde voret likso mykje sannare som dei var meir sterke. Ei Regjering, som hev gjort slikt, og som endaa vil sitja og styra landet, kann ikkje venta seg likare Vilkaar enn aa koma under Riksrett.
           
Men so hev ho gjort meir, _ meir av same Slaget. Ikkje nok med, at ho vilde kunna styra mot Folk og Thing i Grunnlovsspursmaal _ kanskje i andre Lovspursmaal med, for slikt heng paa mange Maatar ihop, og ho hev alt sjølv sleget paa nokot slikt _; ho vilde kunna styra mot Folkeviljen i Bevilgningssaker, og Folket skulde spyrja Regjeringi um, kva det fekk Lov aa bruka sine Pengar til; var det nokot, Folket vilde hava gjort, og som det sjølv gav Pengar til, so vilde Regjeringi hava Rett til aa negta Folket aa faa det fram, naar ikkje ho sjølv likad det; ho vilde kunna negta aa betala ut dei Pengarne, som Folket gjenom Storthinget hadde latet til. Denne Viljen sin sette Regjeringi i Verk. Ho prøvde i Gjerning paa aa vera Herre yver Statens Pengar. Strider ikkje det mot Grunnlovens Aand og Ord, so maa Grunnloven vera ein underleg Lov, me segjer ikkje meir. Men her kom der og nokot til, som ein kann segja var serlegt skjerpande. Regjeringi negtad aa betala ut Pengar, som var gjevne til Styrking av Landsforsvaret. Og her glaar det innpaa ein Flekk i Regjeringspolitikken, som me ikkje skal granska no, men som hev voret granskat ofta nok fyrr, og som der kunde vera mange Ting aa segja um. _
           
Og kven hugsar i ei Snøggvending alt, som denne Regjeringi hev prøvt seg med? Det hev vist seg paa alle Slags Maatar, kor skadelegt det er for Land og Folk aa hava ei Styring, som ikkje kann samstava med Folket. Det, som Regjeringi gjorde, kunde Storthinget sjeldan bruka, og vilde Storthinget sjølv faa ei Sak fram, so freistad Regjeringi hindra det. Den Politikken, ho driv, gjekk heilt igjenom ut paa aa knappa av paa den Retten me hev til aa styra oss sjølve gjenom eit folkevalt Thing; det saag heiltupp ut til, at ho kunde ynskja aa gjera Thinget um berre til ei raadgjevande Forsamling. Soleis daa ho tok seg til aa gjera um Avgjerdi um Jarnvegsstyret: nokot av det, som Thinget hadde avgjort, leet ho staa, og det, ho ikkje likad, tok ho burt; det var liksom Thinget berre skulde vera ein Forslagsstillar, som ingenting hadde aa segja, so at Regjeringi kunde gjera med hans Forslag og Raader, som ho fann for godt.
           
Og naar Thinget heldt paa sin eigen og paa vaar loglege Rett, so var det ikkje Tanke hjaa Regjeringi um, at ho kunde ha teket imist elder ha nokot aa sona; nei, det var Thinget, som for galet, og Thinget, som skulde bøygja seg, og Regjeringsbladet fekk strafflaust segja mangt og mykje, som ikkje burde høyrast i eit Folk, som vyrder seg sjølv og sin Fridom. Tilslutt kom Regjeringi med Truntalen, som var i klaare Ord sjølve den ukonstitusjonelle Tanken, som gjeng gjenom alt det ho hev gjort. Regjeringi, som etter Loven stend Thinget til Andsvar, prøvde der aa lata Thinget staa til Andsvar for seg; det var Grunnloven endevend. Etter den Talen vart det haldet Val. Folket svarad som det burde svara; _ men ikkje eingong det vilde Regjeringi bry seg um. Ho hadde i Truntalen liksom skotet til Veljararne og sagt: so er mi Meining, seg no de, um eg ikkje hev Rett! Veljararne svarad: du hev ikkje Rett; men daa Regjeringi saag det, sette ho seg til og vilde hava Rett likevæl.
           
Thinget kom saman; det stellte seg til Rettes og valde Embættsmenn og Lagthing; alt det, det gjorde, viste, kva Meining det kom med, og kva Folket vilde. Regjeringi sat like godt; det var som det ikkje kom henne ved, kva Folket vilde; ho saag ut til aa reint hava gløymt det som andre veit: at Norig hev ei konstitusjonel Forfatning.
           
Under slikt Stell kann me ikkje liva. Hev Regjeringi ikkje sjølv Vit, so fær andre hava Vit for henne, og den Retten, som Grunnloven gjev Thinget til aa draga ei ukonstitusjonel Regjering til Andsvar, den maa no brukast, me ser det og maa krevja det alle. Difor vil det helsast som eit Gledebod, at Protokolkomiteen no hev innstillt paa Riksrettstiltale mod Selmers Ministerium.                
 
b.