[Bladstyrar!...]

Bladstyrar! Du skreiv her for ei Stund sedan um ein national Tanke, som eg tykkjer Folk skal tenkje vel yver. Med vore nye Veger, som javnast fylgjer Elvom, vert mange Bygdelag paa ei Vis meire skilde, enn dei var fraa gamal Tid, daa Ferdslevegerne laag yver Fjell og Heiar. Kvart Dalføre vert no meire eit for seg sjølv hell meir som eit Vedheng aat Staden, som javnast ligg ytst uti Dalføret. Gjennom denne gjeng den meste Ferdsla, og her vert Bygdelagets Centrum. Paa mange Vis kann detta vera den beste Skipnaden, men det hev og sine Lyte. Soleides reint aalment, som du skreiv, hev detta ikkje voret til Bate for den nationale Tanken. Men so er det og kanske i andre Maatar. Det er dei, som kallar det den naturlege Fordelingi, at alt som ligg aat same Vassdraget, i alle Ting skal hava Stellet sitt ihop.
           
So med Raadeile fyr Fylkestyret.
           
Som det no er, høyrer det til det same Amtet alt fraa Røyros og til Kongsvinger, Dovre og Hadeland gjeng ihop. Ved Vass-Skilet for dei ymse Elvedrag, der er au jamt Skilet for dei ymse Fylke, og dei Bygder som ligg paa kvar si Side av dette, dei vert sundskilde i alt sitt Styr og Stell. Men sjelda er det, at denne Maaten aa sundbyta paa vert samhøveleg anten med det naturlege Kravet hell med Gjerdi, so som Folket fraa gamle Tider hev laga det aat seg.
           
Det er no Jordbruks-Stellet!
           
Det er lite Rim i, at Fjellbygderne øvst uppe i Dalen skal reiknast med i den same Jorbruks-Ringen som Bygderne der langt utpaa Flatlandet.
           
Naar ein Fjellbonde vil senda ut Sonen sin for at han skal faa betre Skyn paa Gardsbruket, og vil halda honom paa ein Landbrukskule, maa han heilt aat Utbygderne. Men der er det anna Jord, anna Veersto, og anna Umgangsmaate med Arbeidet, enn høvelegt er aat Fjellbygdom.
           
Men kunde det ganga aa faa ei rettare Deling, so Fjellbygd kom saman med Fjellbygd og Utbygd med Utbygd, so kunde dei faa kvar sine Skular, som høvde aat seg.
           
Eg skal nemna ein Staden berre:
           
Rundt um den Fjellvidda, som Bøkerne kallar Dovrefjeld, er det ein heil Ring med Fjellbygder. Det er Lesja, Dovre, alle Bygderne i øvre Østerdalen, fraa Vesleelvdalen til Røyros; so paa Nordsida Aalen og Holtaalen, og midt paa Vass-Skilet Kvikne.
           
No høyrer desse til 3 Amt, som gjeng radt fraa Trondheim og ned til Hadeland og Kongsvinger.
           
I kvart av desse Amterne kann ein inkje venta, at dei skal gjera seg noko stor Umsut for Fjellbygderne serskilt paa det som aat dei høvde; men naar han lagde seg ihop Fjellmannen, daa kunde han bli so stekrk at han kunde stella seg, som han vilde.
           
Soleids no med Landbruksskule.
           
Eg tykkjer det kann vera paa Tid no snart aa faa gjort noko i so Maate.
           
Ein Landbrukskule paa Tynset hell Kvikne til Dømes trur eg kunde gjera den Nytten. Den vart til større Gagn for Fjellfolket enn ein aldri so god Skule kann vera det, som held seg ved Mjøsi hell Trondheimsfjorden.
           
Men det som det er det verste Meinet med for aa faa noko slikt iveg, det er denne uhøvelege Amtsdelingi. Kvart Bygdelag er liksom fastgjurda til kvar sin Kant. _ Men Folk, meskal no freista aa løysa dei Reipi, som det er faavituge Styringar, helst, som hev bundet ihop. Vil inkje dei leggja Godviljen til, so skal me freista sjølve.
           
Me skal binda ihop det, som ihop høver; daa fyrst vert det Gjerd, som duger.                        
 
P. M.