Grosserar-Visdom (etter Kaptin Heyerdahl).

Mynt skapar Menn, og eit godt Maal Mat er betre enn Fridom.
           
Ingen Port er so trong, at ikkje eit Æsel med ei Gull-Kløv kann sleppa inn; ingen Mann er so stød, at ikkje ein Grosserar med sine Skillingar kann kjøpa han.
           
Lazarus kom i Abrahams Fang og den rike Mannen til Helvite; men i Norig gjeng det annarleis til: den rike Mannen eig baade Himmel og Jord, og den, som ikkje er rik, er en sprukken Potte.
           
Ein Mann, som eig 50,000 Dalar, hev Rett; naar ein Fatikmann hev Rett, so er det ei onnor Sak.
           
Politikk er Tull; men naar ein rik Mann snakkar Tull, so er det sunn Sans.
           
- Naar ein u-rik Mann hev leset Grunnloven, so er han umyndig til aa segja, kva som stend der, og ikkje stend;naar ein rik Mann ikkje hev leset Grunnloven, so held han Foredrag um det absolute Veto.
           
Og naar dei Paragraffarne, som den rike Mannen ikkje hev leset, dansar Draugedans i Hovudet paa den rike Mannen, so gjeng han paa Kay-Salen og snakkar sunn Sans.