Er der fåre for kyrkja og fedreland?

[Del 2 av 2. Første delen]
 
4.
 
Det er ein ting, som er alle kend, at dansk hos oss brukast i heile vort offentlege liv. Skulen er på dansk, preika på dansk, lovi på dansk, når vi finn ei bok hos den rike elder den fatige, so er ho dansk, og dette i eit land, der dei fleste talar eit annat mål. Um her kom ein framande mann, som ikke hadde høyrt getet Noreg, vilde han etter vore bøker segja, vi var danske alle ihop. Korleids det går til i skule og kyrkja, korleids dansken der er til forat gøyma tanken, har eg alt haldet fram. Men lovboki er ogso ei underlag bok. Eg undrast ikke på, at eit blad som Fædrelandet seger, at bønderne ikke forstår seg på lover. Har Fædrelandet gjort nokot for, at dei sku forstå lovi? Men um vi har eit Fædreland, som visst fælt litet bryr seg um vort norske mål og vil halda bonden i umyndigheit og under det danske, so burde likvel dei, som vil lyfta vort folk upp til fridom og sjølvstyre, av al magt arbeida på at bondens mål kem til sin rett i bondens hus, i Noreg. Eg trur ikke at lovi, liksolitt som kristendomen, skal tapa si kratt, um ho kem i bondemål. Og står det ille til med målet på ymse stader, verre mål enn vort lov- og resolusjons- og statut-mål finst vist ikke. Kenner du stilen? forstår du meiningi? her er eit mål, som må vera forat gøyma tanken. Ikke eingong provst og bisp og stiftsdirektion skyner seg på slikt, ikke eingong vor regjering, ho lyt pent gå i skule og det på høgskulen, på auditoriet blant studentar, og høyra, korleids lovi skal tydast. Ja professoren sjølv må tenkja i månader forat finna meiningi. Det er då forfærdeleg! Og når du so tek og les fakultetsbetenkningen, må du pusta mange gonger forat koma igenom ein setning. Og det skal vera ækte norsk mål. Fuit Ilium, sa dei gamle (Ilium, Troja, har voret til, er ikke meir). For ein almindeleg bonde at setja seg inn i lovmålet er verkeleg verre enn at plaga dyr. Seg meg, kor blir der av vor grunnlov, når vi ikke får lov at forstå oss på henne. Nei, um vore lover ikke vert skrevne i vort eiget mål, må ingen fortenkja oss, at vi forstår dei etter vort eiget. Norske er vi, og vore lover vil vi ha i det norske språk.
 
5.
 
Og so kem vi til literaturen, til bokrike, til leseboki. Ja der må du tru er myket fagert og gott. Men stakkars deg, som ikke kann fylgja med! Eg les igår um berre ein dråpe av L. Dietrichson. Aa for ein pen tanke, men for eit mål åt eit norskt bondebarn! Når eit slikt stykke vart gott umskrevet på norsk, vilde ein bondegut fortelja det utan at sjå i bok, når han hadde høyrt det ein einaste gong. Men som det no er, kann han vist gerna lesa det ti gonger utan at få det i seg. So les vi den heimanfarande sonen av Vinje. Borni såg upp og kende seg rørde all igenom. Eg tenkte med meg sjølv: Det straffar seg at kasta bort sitt morsmål. Fyrst er det so, at vort liv på jordi er kort, og so skal vi dernæst uppgiva oss sjølve, so snart vi kem i skulen. Vi har det so gott, eg vilde helder segja, vi kunde ha det gott, um vi vilde. Det er mange, som talar um, kor stor hjelp eit folk har av si diktning; det er vel so, ein diktar er ein folkets mann, men berre ein slik, som folket skyner. Har vi mange slike?
 
6.
 
Der er no eit parti i landet, som har, som dei seger, gjort seg til uppgåva at bevara kristentrui og fedraheimen, eit parti, som arbeider for, at det skal nektast, som folket sjølv vil ha fram. Mot sin vilje er dette parti oss til god hjelp. Det vekker vor tanke og vilje, so vi held saman og vågar og ofrar oss for vor tru og vort land. Vi må vel segja, at trua er i fåre, når vi skal vera nøydde at tru på menneskjor istaden for på Guds ord, halda oss til andres utlegging istaden for sjølv at ransaka. Dei, som ikke i eit og alt held seg etter Morgenbladet og Fædrelandet og Budstikken, kallast for vantrune. So vitt er det komet. Vi må vel ogso segja, at vort land er i fåre, når vi ikke skal få ha vor grunnlov, som ho er etter ånd og grunnsetningar. Eg snakkad nyleg med ein skrivar. Han vilde ikke påstå, at grunnlovi hadde nokot um absolut veto, men dette var innført ved praksis. Ein pen praksis, som er like imot § 112 i vor grunnlov! På den måten har vi ingi grunnlov, når vi ikke skal halda oss til det, som står i lovi. Vi har gjort vor eid på, at vi vil halda oss etter henne; ho giv oss, det er folket, den lovgivande, bevilgande og kontrollerande magti, henne vil vi forsvara mot alle openbare og hemmelege fiender, også mot slike som seger, dei vil bevara grunnlovi, på same tid, som dei vil ta henne frå oss genom fortolkningar. Vi vil ikke lata oss narra av falske profetar i fåreham, av deira lokkande og trugande ord og falske slutningar. Lat oss ta fram ein av desse slutningar:
           
N. N. og N. N. trur ikke på Kristus, men arbeider for vantrua. Nemnde personar er vinstremenn, altso trur ingen vinstremann på Kristus, men alle arbeider dei for vantrua. Som um eg vilde segja: N. N.og N. N. har ikke retta trua, N. N.og N. N. er professorar, altso trur ingen professor rett. Og politik har vel ikke meir at gera med trui enn lærdom og vitenskap.                   
 
Ein lutersk prest.