[Notisar]

Kristiania, den 29de Septbr.
 
Tri Stiftbyar, Bergen, Trums og Kristianssand hev no sagt, at dei er leide av Kampministeriet. Det same hev den rike og driftige Kristianssund sagt.
           
Men den gamle Bispe- og Kroningsstad Throndhjem, som Oskar II so fagert sagde, hev, som rimelegt kan vera av slik ein gamall Bispe- og Kroningsstad, valt Vetomenn, og Hamar vil like eins hava Veto-Striden framhalden.
 
           
Veto igjen! Regjeringi negtar Sanksjon paa Avgjerdi um Jurykommissjonen. Kva skal det vera godt for? _Det skal vera godt for ingen Ting.
           
Men Regjeringi hev nok Hug til aa krangla litt kann ein forstaa -, fordi Tinget negtad Pengar til kongelege Kommissjonar.
           
Ho furtar. Ho vil hava Revanche. Ho finn sjølv, at Saki er vigtig; ho vilde sjølv ha sett ein Kommissjon um Saki, dersom Storthinget hadde bedet um det; men naar Storthinget sjølv tek Saki upp, so er alt galet.
           
- Naa ja, vil Selmers Regjering furta, so fær ho det. Jurykommissjonen kjem nok istand likevæl, den.
 
           
Det beste eg veit i Verdi er Graut med Smørauga i, sagde Strilen.
           
Det beste eg veit i Verdi er ein god Frokost, segjer Kaptein Heyerdahl.
           
- Godt og væl, Hr. Kaptein! lat oss berre faa Frokosten!
 
           
Apostelen Pauli Brev til Romararne, utgjevet med Statskostnad av Det norske Samlaget, er no utkomet.
 
           
Storthingsval. I Moss og Drøbak er til Tingmann vald: Grosserer Johan Thorne og til Suppleant: Overtollbetjent O. T. Helliesen.
           
I Kristjansand er vald Snekkar L. Johansen og Kjøpmann P. J. Moe, Suppleantar Bygmeister Fr. Jensen og Kjøpmann A. Olsen.
 
Valmannsval. I Kristjansand og Kristjansund (og Veslehamar) vann Vinstre, i Trondheim og paa Hamar vann Høgre.
 
I Kristiania vert der no halde Valmøte og paa annan Maate arbeidt for Valet. Slaget skal standa i Hovudstaden den 19 Oktbr.
 
Etter dei Vali, som no er haldne, er det fraa Landet 58 Vinstre-Tingmenner og 2 Høgre, fraa Byarne 8 Vinstre og 7 Høgre. Vinstre hev vunne 5 og 7 Tingmanns-Sessar, men berre tapt ein.
 
 
Retting. Fedrah. S. 150 3die Bolken stend: Ein Adelsmann hadde Pengar tilgode av ein Borgar, gjekk til Kongen fyr aa faa han til aa setja Borgaren i Myrkestova. Skal vera: Ein Borgar hadde Pengar tilgode av ein Adelsmann, men so gjekk Adelsmannen til Kongen o. s. b.