Soga um Eirik den Raude og korleis dei fann Vinland.

[Del 5 av 6. Første delen]
 
(Fraa Nr. 11.)
           
8. No rødde dei um Ferdi si og skipardet. Torhall Veidemann vil fara nord um Furdestrendanne og fyre Kjølnes og leita etter Vinland der; men Karlsemne vil fara sud-etter fyre Lande og austanfyr, for han meiner, Lande vert større te lenger sud dei kjem, og han tykkje, det er best aa kanna Lande paa baae Leidenne. Torhall budde seg ute under Øyanne, og der vart ikkje med han meir enn nie Mann, men det andre Folkje deira for med Karlsemne. Ein Dag, daa Torhall bar Vatn paa Skipe sit, daa drakk han og kvad ei Visa um, at han laut lyfta Vass-bytta naar han vilde drikka, og ikkje hadde fengje smaka Vin. Dei lae sidan fraa Land, og Karlsemne fylgde dei ut under Øyi. Fyrr dei dro upp Segle, kvad Torhall ei Visa um, at dei skulde sigla heimatt til sitt Land, med dei andre kokte Kvalen paa Furdestrendanne, fyst dei lika Lande so framifraa. Sidan skildest dei, og dei siglde nord fyre Furdestrendanne og Kjølnes og vilde bauta der vestanfyr. Daa kom der ein Storm imot dei, og dei rak upp ved Irland, og der vart dei fælt trælka og illa medfarne. Daa let Torhall Live sitt.
           
9. Karlsemne for sud-etter, han og Snorre og Bjarne og det andre Folkje deira. Dei for lengje, til dess dei kom til eitt Stelle, der det rann ei Aa ner av Lande og i eitt Vatn og so til Sjøen. Der var svære Sand-Øyrar fyre Elvegape, so ein ikkje kunne koma inn i Aai, utan det var Flod. Dei siglde daa til Osen og kalla StelleHop (dvs. ei smal Vik). Der fann det sjølvsaadde Kveiteaakrar, der som dei var Lægder, men der som Lande var høgre, var det alstad Vin-tre. Kvar Bekk der var full av Fisk. Dei gjorde Graver nere i Flodmaale; naar so Sjøen fall, var det Hellefiskar (Kveitor) i Gravenne. Der var ei stor Mengd Dyr i Skogjen av alle Slag. Dei var der ein halv Maanad og moroa seg og vart ikkje vare noko. Fee sit hadde dei med seg. Og tileg ein Morgon, daa dei saag seg um, saag dei nie Skinnbaatar, og dei sto veiva rettsøles med nokre Stavar i Baatanne; det let mest som naar ein trøskjer. Daa sae Karlsemne: Kva tru det tyder dette Teikne? Snorre svarar han: Det kann vera, at det er eit Freds-teikn: lat oss taka ein kvit Skjold 1) og bera imot. Og so gjorde dei. Daa rodde hine imot og undra seg paa dei og gjekk i Land. Dei var smaae og illslege Folk og hadde stygt Haar paa Hovue, dei var storøygde og med breide Kinner. Dei var der eit Bil og undrast. Sidan rodde dei burt sud fyre Nese. Dei hadde bygt Husi sine upp ifraa Vatne. Sume av Stovonne var næmare Vatne, og andre lenger uppe. Dei var der denne Vetren; der kom ingjen Snjo, og Fee deira gjekk ute og fødde seg sjølv.
           
10. Daa det tok til aa vaarast fekk dei sjaa ein Morgon tidla, at det kom roande ei Mengd Skinnbaatar sunnantil fyre Nese, so mange at det saag ut liksom det var straatt med Kol; dei veiva med Staurar i Baatanne daa au. Dei lyfte daa upp Skjoldanne og byrja Kaupstemna med einannan. Det Folkje vilde helst kaupa raudt Klæde; dei gav imot Skinnvaror og Graaverk. Dei vilde au gjerna kaupa Sverd og Spjot, men det forbaud Karlsemne og Snorre. Dei gav fint Graaverk fyr Klæde, og gav eit Skinn fyr eitt Stykkje Klæde, ei Spann langt, og batt det um Hovude; so gjekk det eitt Bil. Men daa Klæde tok til aa minka, skaar dei det sundt, so kvart Stykkje berre var ein Finger breidt, men endaa gav Skrælinganne blikso mykje hell meir fyr det.
           
11. Det hende seg, at ein Stut, som Karlsemne aatte, kom rennande utor Skogjen og bura høgt. Skrælinganne vert fælne og renner i Baatanne og rodde sidan sud fyre Lande; dei fornam ikkje noko til dei i tri Vikor etteraat. Men daa den Stundi var lidi, ser dei ein stor Flokk med Skrælings-baatar koma sunnantil firrande fort; det vart daa veifta rangsøles med Stavar, og alle Skrælinganne ylte høgt. Daa tok dei raude Skjoldar og bar imot. Dei gjekk daa mot einannan og slost; det vart ei hard Rid med Skot; Skrælinganne hadde Valsløngor 2) au. Karlsemne og Snorre ser, at Skrælinganne hadde upp paa ei Stong ein Ball so stor paa Lag som ein Saudvomb og blaa paa Liten; dei fløygde han av Stongji uppaa Land yve Folkje til Karlsemne, og det let fælt i han, der han falt ner. Ved dette kom der ein svær Otte yve Karlsemne og hans Folk, so dei gav seg til aa hopa undan og upp med Aai, for dei totte, Skrælinganne kom imot dei fraa alle Kantar, og dei stodva ikkje, fyrr dei kom til nokre Hamrar; der gjorde dei eitt hardt Modstand. Frøydis kom ut og saag, at dei drog seg unda. Ho ropa: Kvifor renner dei unda desse Stakkaranne, so gilde Karar som di er, eg totte di kunne hogga dei ner som Bufe: hadde eg Vaapn, meiner eg, eg skulde slaast beter hell nokon av dykk. Dei gav ingjen Gaum etter Ordi hennar, Frøydis vilde fylgja dei, men ho vart noko sein, for ho var fremmeleg; ho gjekk endaa etter dei i Skogjen, men Skrælinganne søkte aat ho. Ho fann fyre seg ein daud Mann, Torbrand Snorreson, og det stod ein flat Stein i Hovude paa han; Sverde laag hjaa han og ho tok det upp og vilde verja seg med det. Daa kom Skrælinganne til henne; ho tek Brjoste upp or Serkjen og slær paa det med berre Sverde. Daa fælest Skrælinganne ved det og renner undan til Baatanne sine og rodde burt. Karlsemne og hans Folk fann henne daa og rosa Mode hennar. Tvo Mann fall av Folkje til Karlsemne og fire av Skrælinganne, men endaa rauk dei fyr Yvemakti. Dei for so til Budenne sine og undrast kva det var for Slag alt det Folkje, som søgte inn paa dei fraa Landsida; dei synest, at det berre hev vore Folk det, som kom i Baatanne, men det andre Folkje hev vore ei Synkverving. Skrælinganne fann au ein daud Mann, som det laag ei Øks hjaa. Ein av dei hogg i Stein med ho, so ho brotna. Daa totte dei ho ikkje va til noko, naar ho ikkje beit Grjot, og kasta ho ner.
                                               
( Meir.)
 
 
1) Ein kvit Skjold var Freds-Teikn, men ein raud var Ufreds-Teikn.
 
2) Valsløngar var eit Salgs Slyngjor hell her kannhenda det same som Stridsflygjel, ein Stav med ei tung Kula, som var fest med ei Reim (Vigfusson).