Irland.

[Del 3 av 3. Første delen]
 
(Av Sir Roland Blennerhasset.)            
 
(Fraa No. 7.)
 
Ikkje i noko anna Land er det nokon, som hev den Synsmaaten, at Jordi (Grunnen) bare er eit Slags Eigedom slik som so mykje anna. Og likevel er netup den engelske Logi full av millomalderske Tankar um Eigedomen, liksom engelsk Tenkjemaate og Sed endaa i mange Stykkje styd seg paa dei; ja meir enn det: netup i det siste Aare hev det synt seg, at Merkje etter den Tidi, daa Samfunde endaa berre var samansett av ein hell fleire Landsbyar, kann finnast den Dag idag i engelske Logjer, Skikkar og Jordstell.
           
Ikkje i noko anna Land hev Tanken om Samblodskapen som Grunnlag for Samfunde halde seg lenger enn hjaa dei skotske Høglendinganne og Folke i Irland. Maine, som eg fleire Gonger hev tekje Ord fraa, gjeng so langt som til aa segja, at denne Tanken stend tydelegare aa lesa i den irske Brehon-Logboki, enn i Logjenne um Grunneigedom i India. Dei brehoniske Rettslæraranne godkjenner nok og det Slags Eigedom, som einskilde Huslyder hev fengje, ved di dei tok for seg sjølve Stykkje av heile Ættar-grunnen; men Rettenne aat slike Eigarar er mykje mindre i Irland enn i dei indiske Landsbysamfund, og dei andre Medlimenne av Ætti hev eit mykje strengare Tilsyn (Kontrol) med dei. Og so syner Brehonlogboki, at det fannst eit Slags Eigarar, som fekk Retten til Jordi si fraa ein annan upphavleg Grunneigar ( - som soleids hadde bygsla Jordi si). Men um so Hovdingen for Ætti (Clanen) etterkvart vart aa reikne som slik ein Grunneigar, so vart han det aldri heilt- upp. Granskninganne um dette Emne av den vise Venen min, Sullivan, høyrer til den beste og mest forvitnelege, som hev vorte gjorde. Dei syner oss, korleids heile denne historiske Utviklingi gjekk for seg. Etter desse Granskninganne syner den irske Clanen (Ætti) seg som eit Samfund av Menn, som reiknar seg fraa same Ættefaren og hev Namne sit etter han. Ein kann vita, at paa langt nær ikkje alle i ein Clan var ætta fraa ein Mann. Det kunde i høgste Lage berre Huslyden aat Hovdingen og sume andre vera; men likevæl kunde kvarMedlem av Clanen taka Namne aat den gamle Ættefaren, og Lande, Clanen budde paa, vart kalla etter han. Dette er ein Ting, som det endaa kann finnast Merkje etter i den Synsmaaten som Irlendaranne hev av Jordspursmaale (det agrariske Spursmaale). Sullivan og Maine hev og gjeve oss Greie paa Landstelle hjaa den irske Clanen. Han budde paa eit avstaka Stykkje Land, som var stort nok til at eit politisk Samfund kunde grunnleggjast paa det. I Brodden stod ein av desse mange Ættehovdingar, Rig, som Folkemunnen sia gjorde om til irske Kongar. Lande aat Clanen heitte Thuath, det gothiske Thiuda, det gamalnorske þjod og gamalgermaniske Diut; allestad tyder det Folk, det vil her segja ein Hop Huslyder, som etterkvart vart til eit politisk Samlag, Clanen. I dei Greivskapi, som Irland no er skift i, hev vel mykje vorte onnorleids; men i det heile og store finnst endaa dei gamle Tuathenne med dei gamle Grensunne. Ved desse gjekk dei i gamle Dagar ut ifraa den Fyresetningen, at heile Landsstykkje, som Clanen budde paa, var Sameigje (slik som i Rusland enno); men i Røyndi var det mindre Samlag av Ættarfolk, som aatte store Stykkje. Eit Stykkje Land fekk den styrande Hovdingen, mea andre Stykkje vart gjevne aat Underhovdinganne att (desse vart kalla Flath-Lordar, Grunneigarar, segjer Sullivan). Alt Lande hellest høyrde til Clanen, og over det hadde nok Hovdingen Styre, men slett ingen Eigedomsrett. Det Landstykkje, han hadde fenge og all onnor Jord, som vart gjevi burt i Løn; vart ikkje nedervd, men vart gjevi aat Ettermannen i Embætte. Alt det Lande, som Ætti aatte heiltup, vart utskift millom Huslydene; men ikkje som Eigedom; etter ei Tid vart det skift paa nyt Lag (som i Rusland no). Ofte hende det likvel, at ein Flokk slog seg ihop og fekk seg heil Eigedomsrett til Jordlutanne sine; desse reikna seg endaa til Clanen, men var i Grunnen eit Samlag for seg sjølve. Det Lande, som ikkje vart nytta fekk Hovdingen raade meir fritt med; dermed vidka han ut Magti si ikkje so lite, avdi han gav det til Framandfolk, som anten var jaga ut or sin eigen Clan, hell ikkje meir hadde nokon. Ingen Ting anna batt dei til Clanen enn Truskapen mot den nye Hovdingen, som dei oftaste slutta seg nær saman med; av desse og andre Grunnar hev dei havt mykje aa segja i Soga aat Landstelle i Irland. Det Samfunde, dei hjelpte til aa grunnleggje, kann ein lett vita ikkje stod stille; smaaningom vart Eigedomsretten aat den einskilde Mannen større og større; nokre Huslyder fekk draga seg unda den stendige nye Skiftingi av Lande; andre fekk Jordstykkje som Løn for Godgjerningar, dei hadde gjort Clanen; endeleg vart Jord og Grunn i Mengd gjevi til Kyrkja, og meddi vart dei gamle Clanrettenne og dei nye Kyrkjerettenne ihopblanda. Theologar og Sogemenner hev streva mykje med aa greie ut Skipnaden og Grunnen i den gamall-irske Kyrkja, og dei nyaste Granskninganne hev og her fenge Ljos i desse Sakenne. Dei syner os korleids den kristne Kyrkja med si heiltupp framande Iklæding vart innførd i eit Samfund, som kvilde paa Samblodskap; so ulike som dei tvo Samfundi var, kunde Kyrkja likvel melta Gruntanken i det andre.
                                               
(Meir.)