Stavanger.

(Brev.) Det er avgjort no, at den praktiske Gjenteskulen skal setjast i Gang til Vaaren her i Stavanger Amt. Han skal gjeva Upplæring i teoretiske Fag: Norsk, Historie, Rekning og Helse-Lære; Husflit: Veving, Klypning og Sauming, Mat- og Mjølkestell, Krøter- og Hagestell m. m. Kvart Kursus er det meint skal vara i 9 Maanadar, so at der ikkje vert nokon Skule dei tri myrkaste Vetramaanarne. Skulen er fri, so Gjenturne berre hev aa kosta seg upphelde. Dei skal hava Kost og Husrum hjaa Bestyraren, og for det skal dei betala 16 Krunur Maaanden. Ein og annan flink Ungdom, som ikkje hev Raad til at betala dette, kann søkje Styret um Hjelp. Det er Amtet, med Tilskot av dei Pengarne, Stortinget hev beviljat til slike Skular, som kostar denne igang.
           
Det er Meiningi, at Skulen skal haldast paa ein Vælstellt Bondegaard, og at Husbonden skulde vera Styrar, og helst teoretisk Lærar med, og Kona skulde daa læra Gjenturne upp i Hus- og Fjosstell. Løni for alt dette under eit er sett til 1200 Krunur. Og so skulde der vera ei særskild Lærarinna i Haandarbeid.
           
Vert ein slik Skule styrd med Dugleik og i Sunn heimleg Aand, vil han visseleg gjera myket til Gagns.
           
Ein maa difor vera dei Menn taksame, som hev strævat med aa faa dette i Verk.
           
Her skal no byggjast Teater i Stavanger. Arbeidet skal setjast igang so snart det vert avgjort, kor Teatret skal staa.                            
 
2.