"Fedraheimen" og Kristendomen.

[Del 2 av 3. Fyrste delen]
 
(O. Asperheim.)
             
(Framhald.)
 
Eg sagde, at Fedraheimen hadde umtalt nokre naturalistiske Diktningar paa ein slik Maate, at han hadde gjort seg mistenkt for aa vera ein Hatar av Kristendomen. Eg skal no so snøgt eg kann forklara kot eg grundad det paa. Det er paa Fedraheimens Umtale av den Forteljingi som Diktaren Kristian Elster etterleet seg, daa han døydde, og av Dagbladets naturalistiske Føljetongar. I Elsters Forteljing er det ein Mann, som hev gjort seg fri fraa Kyrkja og Prestarne; so reiser han langt burt, og der burte i Utlande tullar han seg kos med eit halv-vilt Kvinnfolk. Sidan trur han, at ho er komi burt med eit Skip, og so legg han Elsk paa ei ven og gjild Gjenta her i Landet. Det ser godt ut for han; men so kjem denne gamle Kjærasten hans uventande yver han, og daa slepp han henne, som han elskar, og fylgjer med den ville.
           
Fedraheimen læt oss forstaa, at det er ein gjild Kar, Elster syner oss her; det er lett aa skyna, at denne Karen hev hans fulle Medhug. Men han er ei stor Lygn denne same Karen. Inntil Fedraheimen utor heile Mannaætti er god fyr aa syna meg ein einaste Mann, som utan Studning av Religionen hev handlat slik som hin Ovkaren hjaa Elster gjorde, er denne Diktningi usann. Kvifyr vil Fedraheimen, at slik Diktning skal vera sann? Tru det ikkje skulde vera difyre, at det vilde vera gjildt aa sjaa ein Kar, som kunde vera so god i seg sjølv, at han svingad seg upp paa Høgdi av den kristelege Moralen ved sin eigen Styrkje? Eit Stykkje som den her umtalade Diktningi av Elster gjerer det klaart nok fyr ein og kvar, at den naturalistiske Diktningi etter detta Prov aa døma korkje høver med den kristne Trui elder med det verkelege Livet. Eit litevetta upplyst og tenkjande Menniskje vil strakst kunna segja, at ein, som ber seg slik aat som Elsters Ovkar, anten er ein stor Tosk, elder ogso kjenner han seg bunden av høgre Magter, som han lyt vera lydig. Her hev me difyre i den naturalistiske Diktningi baade ei Lygn mot det verkelege Livet og eit Ran fraa Kristendomen, elder iallfall fraa ei sikker religiøs Tru.
           
Fedraheimens Forsvar for DagbladetsFøljetonger, som Fædrelandethar teket so hardt paa, var like eins av det Slaget, at ingen skulde tru, at det kom fraa ein, som hadde annat enn historisk Vyrdnad for Kristendomen. Der er so mykje sannt og godt i det, som Fedraheimen segjer om kor uklokt det er aa stengja Ungdomen plent ute fraa det stygge i Livet og dei stygge Tankarne; eg tykjer ogso, at det er mykje godt i det som han segjer om frisk og sjuk Ungdom; men korleis kann daa Fedraheimenkorsomer vilja forsvara det, at Dagbladet gjev sine unge Lesarar so mykje Styggedom aa sjaa. Trur han daa inkje, at der er sjuk og klenvoren Ungdom bland dei, som leser Dagbladet? Han tykkjest segja seg sjølv imot og aa tala hjartelaust med dette Forsvaret sitt. Me kann ikkje berga oss for aa faa den Kjensla, at Frdh.. er ein so god Ven av Dagbladet at han lyt vaaga seg ut for aa hjelpa det, um han so skal saara sitt eiget Hjarta med det sama. Og kot skal me so segja om den Nytten, som Fedraheimentrur, Verdi skal faa av alt det stygge, som den naturalistiske Diktningi sopar ihop til oss? Me kunde endaa skyna, at det var godt for ein og kvar aa faa sjaa litet um dei myrke Romi, der Syndi løyner seg; men at Livets Styggedom skal verta gjort til eit Drama, som vert spelat for oss til Gleda og Hugnad, det trudde me ikkje var nokon vitug Tankje. Lat ein Historikar fortelja os Sanningi, ogso naar ho er stygg; men ingen Diktar fær Lov til aa gjera seg urein med aa velta seg ned i Søyla og so syna seg for oss. Me kjenner Skarvar fraa Diktningi; der finnest faa styggare enn Jago i Othello; men Diktaren rører so fint ved det stygge, at han ikkje hev fengje minste Sulk paa Vengjerne sine. Der er ingen Medhug med det vonde og range hjaa Diktaren her, og difyre finn det ikkje nokon Medhug hjaa Lesaren held. Og so lyt me koma det ihug, at det stygge hjaa gode Diktarar ikkje vert meir hell ein Traad i Tvinningi; dermed kjem det ogso i det rette Ljos av det fagre og gode. Er ein frisk paa Sjæli, og det lyt ein Diktar vera, so ser han og so syner han fram for andre utan aa slaa Rukkur paa Nasen, det vonde og galne i Livet jamsides med det gode og rette; men han gjere det slik, at han er Meister yver Situationen, og den friske Sjæli hans er altso god til aa riva seg laus, naar det eine vil stikka leg for langt fram um det andre. Men naar ein Diktar berre ligg og veltar seg i Livets Styggedom, daa er han vorten sjuk, faarleg sjuk, og daa vil han gjera andre sjuke med seg, om dei gjev seg under han. Daa verte han faarleg. Ein lyt vera paa Anatomi-kammerset, naar ein vil verta utlært til Lækjar, og difyre hev me ikkje nokot vondt aa segja om det, at ein ung Medicinar er der og skjer i daudt Kjøt; men naar ein tykkjer at det er gildt aa vera der aa stella med det, daa er han vorten sjuk paa Sjæli; han vantar nokot, som det er ilt for eit Menniskje aa missa. Det er soleis lagat ogso med dei Diktararne, som berre gjer seg fyre for aa syna fram det stygge i Livet; dei er vortne sjuke, og Sjukdomen er smittande; difyre er dei faarlege. Fedrah.veit, at ei Bok kann vera faarleg; Ordet hev, det veit me, ei ofse Magt, anten det er vondt held godt. Det er ikkje mange av dei sterke, som taaler alt. Vilde Fedraheimens Redaktør, naar han hadde ei fin, veik Gjenta, sende henne bort i ei av desse Forsamlingarne, der den eine etter den andre fell burt, fyrdi Sjælekjenslurne er so sterke, at berre nokre faa kann staa dei imot? Det som er sjukt og kleint, fær me lata leva, naar det vil leva for seg sjølv; men det lyt halda seg aaleine. Freistar det paa aa gjera det andre og sjukt og klent med seg, so lyt det staggast.
                                              
( Meir.)