Store Menn

krev stort Rom. Høyr her ei Soga fraa Sverig, som lyest utruleg, men som er sann:
           
Kungliga Slottet i Stockholm hev 530 Rom. Meiningi med denne svære Bygningi var nok ettersom dei vil vita, _ at ikkje berre Kongehuset skulde faa Rom der, men og alle centrale Embættsverk i Riket.
           
Men av Embættsverk hev det i seinare Tid berre voret Høgste domstolen, som hev fenget Plass i den store Kongeborgi. Resten av dei 530 Romi hev Kongehuset sjølv utfyllt.
           
Og endaa Domstolen hev maatt flutt fraa Høgd til Høgd og fraa Rom til Rom. Men her i Vaar vart Høgste domstolen endefram utvist. Høgste domstolen fekk sjaa aa finna seg Hus einkvar annan Stad; Kongeborgi med sine 530 Rom hadde ikkje Plass for slikt som Landsens Høgsterett.
           
Kva var tids? Kvi kunde ikkje Høgsteretten faa hava sine Rom i Kongeborgi som fyrr? Jau, Grunnen var den, at H. K. H. Krunprinsen, han kunde ikkje klaara seg med dei 20 Romi, som eingong Kong Oskar I greidde seg med (Carl XV hadde endaa færre Rom), men H. K. H. Krunprinsen maatte hava 40 Rom til aa bu i.
           
Og fordi at Krunprinsen ikkje kunde klara seg med 20 Stovur, men maatte hava 40, _ difor var det, at Riksens Høgsterett skulde setjast paa Porten liksom ein brysam Leigar. _ _
           
Stockholmsbrevsendaren til G. H. T. Sjøfarts-Tidning segjer, at denne Soga hev sett vondt Blod i Sverig, og at dersom Riksdagen hadde visst um dette, fyrr han bevilgad Tillegget til Krunprinsløni, so hadde han likso væl som Nordmennerne sagt Nei til dette Tillegget.
           
- Aa ja, det er rimelegt nok. Det var med sju Sorger, at Tillegget vart bevilgat likevæl. Og det er daa væl ikkje alt, som eit Folk skal gleda seg i, fordi um det kjem ovanifraa!