Fraa Millomalderen.

 [Del 2 av 2. Fyrste delen]
 
3.
 
(Siste Stykket).
 
 
Daa det leid mot Slutten av Millomalderen, var baae dei tvo store Magterne som raadde Millomalderen, utlivde. Lensvæsenet sprengde (som fyrr sagt) sund meir enn det samlad, og det laut fira for Fridomen elder for Einveldet, som kunne vera ein høveleg Yvergang til Fridom. Og den romerske Kyrkja var ingi Aandsmagt lenger; ho var steingjengi i ei daud Tru, og det romerske Presteskapet var ikkje lenger eit Rike for seg sjølv og kunde ikkje halda Folki ihop i eit stort Broderlag. Liksom Uppfinningi av Krutet vart til Mein for Feudal-Adelen, vart Bokprentarkunsti til Mein for Kyrkja. Upplysning breidde seg ut, og her og kvar tok dei til aa tenkja sjølve yver Trui som Wyclif og Huss _, og det store Truskiftet, Reformasjonen, lagad seg til. Daa sprengdest Kyrkja, og Folki tok seg den Trui, dei likad best. Kyrkja og Presteskapet vart meir nasjonale.
           
Men heiltupp øydelagde vart korkje Lensvæsenet elder Kyrkja. Dei hev paa ein Maate haldet seg uppe radt til vaare Dagar.
           
Truskiftet vekkte Liv umkring hjaa Folki, og Fridomshugen vaknad mange Stader. I Sveits, som var Republik, fekk den verdslege Magti ikkje raada i Kyrkjesaker, og der vart ikkje innsett Bispar; men Kyrkje-Lagi valde Prestar og andre Repræsentantar til Synoden (Kyrkjethinget), som hadde den øvste Styringi. Her gjekk Truskiftet og Sjølvstyret Haand i Haand. Fraa Sveits fekk den reformerte Læra og Kyrkjeskipnaden stor Inngang i Frankrike; men her forfylgde Katolikarne dei hardt, og det vart ein forfælande Ufred. Enden vart, at dei reformerte (Huguenottarne) fekk fri Gudsteneste, og dei fekk nokre Festningar, som dei kunne hava Tilhelde paa, og dei skipad liksom ein demokratisk Republik for seg sjølve; men under Ludvig den 13de (1610-1643) gjorde Richelieu (les: Risjeliø) Ende paa Sjølvstyret deira, og fekk Kongsmagti reint einveldig. Alt Sjølvstyre vart tynt, og etter 1614 vart det aldri meir tilstemnat nokon Riksdag fyrr i 1789. Etter 1626 vart det ikkje samankallat nokot Møte av Stormennerne (Notablarne) dessmeir. Soleids kom Truskifet ikkje til aa hjelpa upp Folkefridomen i Frankrik.
           
Holland hadde teket den reformerte Trui og vart republikansk; alt stort og godt kom upp i Folket, daa det slost for Fridomen sin mot Spania, og Holland vart ei av Stormagterne i Europa. I Fyrstningi av det 17de Aarhundrad hadde Holland t.D. 20,000 Handelsskip.
           
I England og Skotland og fekk den reformerte Trui Inngang. Utvandrarar fra desse Landi og fraa Holland drog til Amerika og grunnlagde der smaae frie Samfund, som sidan skulde faa ein rik Vokster.
           
I Nordtyskland vart Luther-Trui mest utbreidd. Her vaknad det og Fridomstankar; mange tenkte paa aa faa Tyskland samlat og fritt for Feudal-Adelen, og dei forpinte Bønderne sette seg upp mot Herrarne sine; men dei foor aat som ville Dyr, og Adelen og Fyrstarne vann. Fyrstarne fekk Styringi yver Kyrkja, og Truskiftet vart her til Framhjelp for Einveldet, og det vart reint gjort Ende paa all Folkefridom.
           
England fekk etter lang Strid si eigi Kyrkja, ein Millomting millom den lutherske og den reformerte; i Læra liktest ho mest paa den reformerte, men i Kyrkjeskipnaden paa den lutherske; ho vart kallad den episkopale (bispelege), fordi Bisparne hadde Magti; men Kongen var yver Bisparne liksom i Tyskland.
           
I Norig, Danmark og Sverike vart Luther-Trui innførd og styrkte Kongemagti.
           
I Spania og Italia vart alle nye Lærdomar i Trui kjøvde i Blod og Brand, og desse Landi steig attende i aandelegt Myrkr under det katolske Kyrkjestyret. Og ikkje berre der vann den romerske Kyrkja. Daa ho saag, at ho heldt paa og misste all Magti, reiste ho seg upp av sitt djupe Nedfall; duglege Pavar kom til Styret, og i Jesuitarne fekk dei ein ypparleg og tru Herstyrke, som sette Livet inn paa aa berga den gamle Kyrkja. Samstundes var det liksom Livet sloknad paa hjaa Protestantarne, som gav seg til aa kjegla med kvarandre um Trusaker og hatad dei, som ikkje hadde nett same Trui, likso mykje som dei hatad Katolikarne. Men Jesuitarne arbeidde med Eldhug alle Stader, og Bakstrævet fekk Yverhaand baade i alle romanske Land (Frankrike, Spania, Italia) og i Sud-tyskland, Polen og Ungarn, og den romerske Kyrkja saag tilslutt reint faarleg ut for Protestantismen. Spania var den katolske Hovudmagti og sende den uvinnelege Floten til aa øydeleggja Kjættarskapen i England; men Engelsmennerne varde seg manneleg liksom Hollendingarne. I Trettiaarsufreden (1618 _1648) vart Protestantismen tynt i Kongeriket Bøhmen, og dette Landet misste Sjølvstendet sitt; men Enden vart i det heile, at Protestantarne fridde seg. Sidan hev dei protestantiske Landi gjengje dugeleg fram, baade i Europa og i Amerika.
           
Der, som Protestantismen fekk Inngang, um det so berre var for ei Tid, som t. D. i Frankrike, vart det og Framgang; men der, som Bakstrævet fekk raada aaleine, der vart Framgangen liten, elder so gjekk det reint til atters. Fraa den Tid kom Polen i djupare og djupare Nedfall. Spania, som var Heimlandet for Bakstrævet, fekk svida hardt. Spanjolarne hadde eingong meir Sjølvstyre enn Engelsmennerne og var ikkje laakare enn dei i nokon Maate. Men so innførde Ferdinand den katolske Inkvisisjonen (1481), og alle frie Tankar kjøvdest, og Spanjolarne, som i lange Tider hadde slegjest med dei muhamedanske Maurar, var so fanatiske, at dei tolde det. I dei fyrste 18 Aari vart 8800 Menneskje livande brende, og Kongsfolket sat og saag paa. Ferdinand, som hadde samlat Spania til eit Rike, nyttad Inkvisisjonen til aa gjera det av med Menner, som han ikkje likad, og faa Kongedømet sterkt, og no lagde det mest fanatiske Kyrkjevelde og det verste Hardstyre seg som ei Mara yver heile Landet. Maurarne laut taka Kristentrui elder so vandra ut, like eins Jødarne; dei fekk Lov til aa selja Eigedomen sin, men maatte ikkje taka Pengarne med seg: men endaa drog 160,000 Jødar ut, og Spania misste soleids mange arbeidssame og dugande Folk. Sidan fann Protestantismen Veg til Spania; men Filip 2 (1556-1598) tynte den nye Læra reint paa faa Aar. Det var ein myrk Mann. Daa han spurde, at 30,000 Hugenottar var drepne i Frankrike under Blodbryllaupet, daa lo han for fyrste Gong i sitt Liv, er det fortalt. Han jagad ut av Landet alle Etterkomararne av Maurarne, fordi han trudde dei i Løynd var Muhamedanarar, og paa tvo Aar laut 800,000 Menneskje røma, og det var dei beste og mest arbeidsame av alle Spanjolarne, og der dei hadde butt, vart ei Øydemark. Handel og Industri vart det mest Slutt med, og dei store Rikdomarne, som Spania fekk fraa Nybygderne sine i Amerika, munad ikkje, daa Kongen paa alle Kantar sende Herar ut mot Protestantarne. All borgerleg Dugleik vart det reint smaatt med; Spanjolarne sluttat med aa arbeida, og mange vart Røvarar, men andre foor til Amerika, og faakunnige og rike Prestar og Munkar briskad seg alle Stader. Jordeigedomen var i Henderne paa Adelen og Presteskapet, og Graset grodde paa Gatunne i Byarne. I Europa misste Spania snart Magti og vart ei Fallitbu etter Prestar og Kongar. Dei amerikanske Nybygderne treivst ikkje vidare, dei helder; dei var av Naturen rikare enn dei hollandske og engelske og hadde Nøgdi av Gull og Sylv, men kom aldri til slik Vælmagt som der dei frie Hollendingarne og Engelsmennerne rudde upp i Skogen med Øksi.
           
I Frankrike og fekk Jesuitarne stor Magt. Der fekk Ludvig den 14de paa den Tanken, at han kunde bøta for alle Synderne sine, um han tynte Kjættarskapen i Frankrike. Hugenottarne var dei beste og strævsamaste Borgararne, Frankrike hadde; men dei laut umvenda seg og fekk ikkje Lov til aa vandra ut. Til aa tvinga dei lagde han Dragonar i Kvarter hjaa Hugenottarne, og dei aat og drakk upp paa faa Maanar alt, som Hugenottarne hadde spart ihop, skamfoor Mennerne og tok Æra fraa Kvinnurne. Han øydelagde dei reformerte Kyrkjurne. Mange av Prestarne deira sende han paa Galeiarne, og der laut dei sitja i Jarn og ro. Soldatar og Herskip passad paa, at ingen skulde smetta ut or Landet; men endaa slapp 25,000 ut med stor Livsfaare. Frankrik tok no til aa siga ned fraa si Vælmagt; inkje godt vilde trivast i eit Land, der all Aandsfridom og Samvitsfridom slik vart nedkvævd. Reint Yvertaket fekk Jesuitarne under Hertugen av Orleans, som var Riksstyrar i Tidi millom Ludv. 14de (d. 1715) og Ludvig 15de (myndig 1723). Hertugen var ein gaaverik Mann, men ei stor Ukjura; Lauslivnad fekk Yverhaand, og ein Mann, som reint ut spottad all Tru, vart Erkebisp; men samstundes drog dei dei reformerte paa Galeiarne og foor hardt fram mot Jansenistarne, som i nokre Stykkje hadde andre Meiningar enn hine Katolikarne. Jesuitarne fekk Magti yver Kyrkja, og ingen maatte tru annat enn det dei vilde. Dei leet upp Himmelportarne for dei rike Syndararne, naar dei berre hadde den katolske Læra paa Tunga, og leet Aalmugen talmast i Trældom og Aandsmyrkr. Dei raadde for Undervisningi, og som Skriftefedrar for Storfolket fekk dei Magti i Politikk, Handel og alle moglege Ting. Dei dreiv i lange Tider i Skugg og Skjul ein stor Handel og tente grust og livde forargelegt, daa dei hadde kuat all Motstand. Det lægre Presteskapet, som hadde baade Tru og god Vilje, livde i stor Armod og kunne ingenting gjera. Men uppe paa Høgderne gjorde dei Statsbankerott og slog falsk Mynt, ikkje til aa betala Riksskuldi med, men til aa halda Festar fyr. Ikkje betre vart det sidan under Ludvig den 15de (etterat den gode Ministeren Fleury var daaen); Frillurne styrde Politikken og sette kven dei vilde i Bastillen utan Forhøyr; Livet millom Hoff-og Riksfolket vart reint skamlaust, men Aalmugen sleit seg fordervad under Hoveri-Arbeid og Skattar og døydde som Flugur av Svelt og Naud, endaa i dei beste Aaringar.
           
- I heile Europa vart Einveldet innført, so nær som i England, Polen og Ungarn, som hadde ei avknappad Kongemagt, og Republikarne Holland, Sveits, Venedig, Genua, og nokre tyske Byar. Men i desse Republikarne var der eit Faamandsvelde, som Folk totte ikkje var betre enn Einveldet og Embættsmannsstyret. I denne Einvelde-Tidi foor Styrararne aat med Folket som med sin Eigedom, og dei, som vart styrde, hadde ikkje Rett til aa hava nokor Meining um, kven dei vilde hava til aa styra seg.
           
Det var desse Tider og Tilstand, som tilslutt avlad fram Revolusjonen.