Eit og annat.

(Av T... _)
           
 
Prestarne i Amerika er nok ofta av eit annat Slag enn Prestarne her, som me no skal høyra eit lite Døme paa.
           
Ein gamall Mann her ifraa Landet hev vitja seg eit Aars Tid hjaa Borni sine yver i Amerika. Ei Dotter hans døydde, daa han var der burte, og so skulde daa han vera med til Presten og tinga Jordfesting. Dei kom inn paa Prestegarden; der raakad dei eit Kvende og spurde etter Presten. Ja, De fær nok drygja litegrand, svarad Kvinnfolket; Presten kjem trast; han er berre burt i Fjoset og molkar. Og eit litet Bil etter kom Presten, ermaskjurta og sveitt, berande paa eit Spand med Mjølk. Det sette han daa ifraa seg, og so gjekk han inn i eit annat Rom med dei Framande og greidde Ærendet deira. Den Presten var teologisk Kandidat ifraa Danmark.
           
Finst det nokon Prest her heime, som vilde vaaga seg til aa molka ei Ku? Aa nei. Ingen studert Mann i dette Landet vil brjota seg so smaa som aa taka Haandi i sovoret Arbeid. Dei snakkar um, at dei hev slik Vyrdnad for Arbeidet; men naar det kjem til Stykket, so vilde dei visst helder brenna seg, enn dei vilde vera med paa slikt. Dei vilde tru, at dei misste heile Autoritetsglansen sin, ja øydelagde sjølve Folkets Agtelse for Embedsstanden, um dei gav seg til med sovoret.
           
- Men i Amerika vert nok dei studerte Herrarne piska ut or slike Fordomar. Og det raraste er, at det ser ut til, at dei klarar seg godt som Embættsmenn og Prestar like væl! Er det ikkje forunderlegt?
           
- Det skulde ikkje vera Fristaten, som utrettar so store Ting?
           
 
Prestarne vaare vil vel segja som so, at vistnok molkar dei ikkje Kyr; men dei høyrer likevæl med til dei sanne Arbeidsfolk i Landet.
           
Ja, dei gjer visst det.
           
Til Dømes ein Mann som Presten Storjohann, som var uppe her ein Sundag i Festningskyrkja og preikad so veldeleg mot Pressen _! Honom kann Ein kalla ein Arbeidsmann. Det er slike, som held Autoriteten uppe i dette sæle Landet.
           
Det er sagt, at den vonde les Bibelen paa den Maaten, at han spring yver det, som han ikkje likar. Men aa fortolka Bibelordi paa slik Vis, som Storjohann gjorde den Dagen, - er ikkje det og nokot av same Slaget?
           
Aahøyrarar i Dagbl. hev bedet Presten taka Ordi sine i seg att. Men Samfundet meiner, at det trengst ikkje. For det er greidt, meiner Samf., at Presten hev meint Morgenbladet, Budstikken og slike Blad, av di Ordi hans passar so godt paa dei. Eg trur no ikkje, at Preikestolen bør brukast paa den Maaten, som Storjohann gjorde, anten so det gjeld Høgre- elder Vinstrebladi; _ og dessutan fær ingen meg til aa tru, at den gamle Fane-Vigjaren fraa Gardermoen hev viljat segja nokot vondt um dei Bladi, som stend paa same Sida av det politiske Kosteskaftet som han sjølv. Det vilde ikkej vera likt Prestarne vaare det; for Prestarne vaare er nok fyrst og fremst Hans Majestæts Embættsmenn jamsides med Futen, Skrivaren og Kapteinen, og Hs. Majestæts Embættsmenn heng for det meste svært godt ihop, _ heng ihop som som eit Styrkebelte. Ikkje eingong ein Friprest som Storjohan vinn seg ut or Ringen.
           
Det er i Grunnen forunderlegt. Kor hev det seg tru? Det skulde ikkje vera Kongedømet, som utrettar sovorne Ting _?