[Statsminister Stangs Pension...]

Statsminister Stangs Pension vart avgjort den 2dre Juni. Innstillingi lydde paa 6000 Kr. Birkeland tok upp Forslaget aat Mindretalet um 10000 Kr. Det var ikkje rettferdigt annat enn aa gjeva Stang ein likso stor Pension no, som den, Stortinget beviljad honom samrøystes i 1858, daa han fyrste Gongen hadde gjenget ut or Statstenesta. Liljedahl heldt fast paa Fleirtalsinnstillingi. Nemndi hadde funnet, at ho burde halda seg til den Regelen, som Thinget hadde fylgt dei sidste 20 Aar, med Pensionar for avgjengne Statsraadar. Daa Stang gjekk av fyrste Gongen var det Sorg yver alt Landet; no var Meiningarne ulike; Sorg var det altid no og, men ho gjekk paa ei onnor Leid. Motzfeldt talad for Mindretalsforslaget. Jaabæk, Ueland og Juel hadde i Innstillingi handlet seg att Rett til aa røysta imot Pension; dei sagde no fraa, at dei vilde røysta fyr 6000 Kr.; Juel sagde han vilde ikkje apa etter Motstandararne, som ved ymse Høve hadde sett seg imot Pensionar av politiske Grunnar. L. Smitt vilde røysta for 10000 Kr., einaste fordi Stang eingong fyrr hadde fenget den same Summen. Subsidiært fyreslo han, at Pensionen skulde setjast til 8000 Kr. Mindretalsforslaget (10000 Kr.) vart forkastat med 74 R. mot 37, Smitts Forslag med 59 mot 52 (Sjaa fyrre Nr.) Tilslutt vart Innstillingi (6000 Kr.) samrøystes vedteki.