[Notisar]

Kristiania, den 3die Juni.
           
Odelstinget hev vedtekje, at Styret skal svara til
46,120 Kr. 84 Ø., som Rikskassa hev tapa paa Stempla-Papir Forvaltaren Skøien, som ikkje var dugleg til Embættet sitt og som vart sviken for den Summen av Seljaren Antonisen. (Her stod 52 R. mod 28).
1,425 Kr. 66 Ø. som Oberstløitnant Møller og Korslækjararne Arboe og Smith hadde fengje utbetalt som Medlemer av Barakkekommissionen. (42 R. mot 37).
19,496 Kr. 80 Ø., som var utbetalt til 3 Ingeniør-Offiserar, som arbeidde paa Steinmuren, til Kost og Upphelde i Drøbak, noko de ikkje kunde hava Krav paa. (57 mot 19 R.)
ein Sum, som skal avgjerast etter Skyn for det, som Rikskassa hev tapa i 1875 og 1876, ved di det vart gjevet so mykje for Trykking av Frimerke 1 Kr. for tusend, no kann dei faa det for 31 Ø. (42 R. mot 38).
 
           
Hamnebudsjettet vart vedteket Tysdagen den 31te Mai etter Innstilling fraa Næringsnemndi No 1, med Kr. 68,900 til ordinære Utgifter og Kr. 331,850 til Havnearbeider i Fiskeridistrikterne med Bidrag av Havnefondet, tilsaman Kr. 400,750; derav skal Kr. 229, 350 greidast av Hamnefondet og Resti, Kr. 171,400, av Statskassa. Nemndemedlemen Berg hadde i Innstillingi uttalat den Meiningi, at Fiskeavgivti bør setjast ned, og at det ikkje kann vera talande um aa slaa fast, kvat for Hamnearbeid skal gjerast og kvat Orden dei skal koma i, for so lang ei Framtid, som Havnearbeidskommissionen hadde gjort; Kommissionen fyreslær ei Rekkja med Hamnearbeid utførde i 7 Femaarsbolkar til ein Yverslagssum paa Kr. 13,790,980.Um dette vart det eit langt Ordskifte, som ikkje sluttad fyrr i Onsdagsmøtet.
 
           
Utriksbudsjettet vart vedteket av Storthinget den 1ste Juni med Inntekt: Kr. 60,000 (Norges Andel i Konsulatafgifterne i Barcelona, Havre, Leith, London, Lübeck, Rio Janeiro og Helsingfors) og Utgifter: Kr. 536,900.