[Bjørnstjerne Bjørnson...]

Bjørnstjerne Bjørnson fær ofte høyra, at det er han, som fører Folket paa galne Vegjer; og dei liberale paa si Side fær høyra, at dei læt seg leida blindt av Menn som han. Det er Parti-Tyraniet, som styrer, vert det sagt. Det er slik ei ægte Slingringsmanns-Leksa.
           
Men no her um Dagen maatte Aftbl. tilstaa, som sannt var, at i Saki um Stangs Pensjon, der hadde B. B. talat for døve Øren. Han, den store Føraren og Forføraren, han, som dei liberale blindt læt seg leida av, _han talar for døve Øren! Er det ikkje forunderlegt?
           
Jau, _ men det er nok sannt. Naar B. B. elder nokon annan kjem med ei reint personleg Ser-Meining, som Folket i det heile ikkje forstend elder kann vera med paa, _ so lyt baade B. B. og alle andre finna seg i aa tala for dauve Øyro.
           
Folket og Fleirtallet trur ikkje meir enn dei sjølve vil. Naar dei store Mennerne arbeida paa nokot, som Folkefleirtalet finner rett, _ so vert dei store Mennerne Folkets Førarar. Men naar dei i det eine elder det andre gjeng ein Veg, som Folket ikkje likar, _ naa, so vert dei standande uhøyrde.
           
- Men naar B. B. talad so fagert som han gjorde for ein stor Pensjon til Stang, so fekk han væl Takk for det ifraa Høgre? Det skulde Ein tru.
           
Aa nei. So sterkt er Partityraniet der, at det gjeng visst ikkje an for nokon av deira Flokk aa segja nokot godt um Bjørnson, um han so hjelpte dei aldri so godt i ei einskild Sak.