"Rikspeningen og Administrasjonen".

Me kjenner no den gamle hævdede norske Styresmaaten. Fyrst halvt Kjennskap og usætande Berekningar; so ei stor, rund Bevilgning; so Tilleggsbevilgning, fordi Beregningerne have vist sig ikke at slaa til, og so endeleg til Slutt ei Etterskotsbevilgning, som Storthinget gjev halvt i Sinne, halvt med ein lettande Sukk, av di det no endeleg hev Von um aa verta kvitt den Saki eingong. Og i den Gleda yver, at Tingen hev fengjet ein Ende, gløymest so for det meste heile Saki burt, tildess Statsrevisjonen um so og so mange Aars Venting endeleg fær i Rekneskaparne og legg Saki fram att til endeleg Avgjerd. Og daa kjem ofte rare Ting for Dagen, _ endaa det segjer seg sjølv, at naar ei slik Sak er fleire Aar gamall, so vil det vera mange Ting, som det ikkje lenger er Raad aa faa Greida paa.
           
Det hender naturlegvis sjeldan, at ei Bevilgning vert uppbrukt plent paa Skillingen. Anten er der Overskridelse, elder og er der ein Besparelse. Det er som det kann falla med det.
           
Men anten der no er Yverskriding, elder der er nokot tilovers dette sidste skulde daa altid dragast inn att i Statskassa, kvar Skilling _, so vilde det vel vera fælande godt, um Statsrevisjonen fekk i Rekneskaparne so strakst som det berre var Raad.
           
Storthinget vedtok ein Lov ifjor, som hev gjort, at vanlege administrative Rekneskapar kjem inn til Statsrevisjonen nokot tidlegare enn fyrr. Men desse store Anlægsregnskaber og slike, der det ofta gjeng dei største Summarne til, og der Kontrollen er verst aa føra, _ kor gjeng det med dei?
           
I det heile vert det visst Uraad aa faa Skikk paa Revisjonsverket vaart, fyrr det heilt upp vert samlat i Statsrevisjonen. At me skal hava baade eit Revisjons- Departement og ein Statsrevision, er vel det meiningslausaste, som kan vera. Tenkje seg ein Administration, som baade brukar Pengarne og fører Kontrollen! Ein Fullmegtig, som reviderar sine eigne Rekneskapar! Det er Bukken, som gjæter Havresekken, det. Det er ein Statsskik so barnsleg, at Ein skulde tru han var innførd beint ifraa Molboland.
           
Eit samanhengjande, velstellt Revisionsverk, som er uavhengigt av Regjeringi, og som fær alle Rekneskaparne strakst dei kjem inn, _ det vilde hjelpa godt paa Administrationen vaar. Mill. a. vil ein daa kunna vera trygg paa, at innsparde Pengar strakst vert inndregne i Rikskassa. Fær slike innsparde Summar staa for lengje, _ so kann det altid henda, at det vert Bruk for dei til eit elder annat, so at det, som vert til Inntekt for Rikskassa, vert mindre enn det kunde voret. Det er ikkje greidt aa berga Balsam i eit Hus, der det er so mange Saar aa smyrja! _ _