"Nepotisme."

Morgenbladet er rett som det er ute og ber seg ille for Nepotismen aat Venstrepartiet. Det løner og frir sine, meine Bladet. No sist skrubbad det Tinget av di det hadde gjevet ymse Løner: _ til Oberstl. Hjorth, som det gav Pension, daa han vart avsett, og so gjorde til Statsrevisor til Alb. Jacobsen, som det og gav Pension, daa han vart nøydd til taka Avskil _ til A. Helland, som det hev gjevet eit aarlegt Stipendium paa 1340 Kr. til Komponisten Johan Selmer og til Bilæthoggar Borch. Det er nokre laake Karar alle saman, segjer Morgenbladet, men dei er Venstre-Folk di fekk dei av Rikskassa.
           
Om denne Nepotismen skriv no Samfundet og syner fram, so tydeleg som det er til, kor Nepotismen maa vera. Hjort hev i alt 6856 Kr., Jacobsen 3600, Helland 1340, Ross 4500, Selmer 1600, Borch 1200. Alle 6 tilsaman av Rikskassa 19.096 Kr. om Aaret. Men korleids er det med Morgenbladsfolk? Aschehoug hev for alle Postarne sine 15000 Kr.; Dr. C. M. Guldberg hev 11,193 Kr; M. G. Birkeland 8600 Kr., han er ogso Kommissar, tener 6400 Kr., og med i Morgenbladet, tener væl 1000 Kr. ialt vert det soleids for denne Embættsmannen 16000 Kr.; Kapt. E. H. Hoff hev 9460 Kr., er og med i Morgenbladet og tener vel der 800 ialt 10260 Kr.; Amtm. Breder 12000 Kr., og om me tek med ein Stipendiat av det Slaget og: R. Collet hev av Rikspengar 2600, omfram det han tener ellest. Desse 6 Mann hev soleids i aarleg Forteneste 67, 053 Kr., med dei 6, som Morgenbladet skulda for aa vera Nepotisme-Born hev alle i Hop, 19,096 Kr. Ein ser det løner seg godt aa standa paa Morgenblads-Sida.     
           
Meir: Joh. Sverdrup, som stend so høgt i Klokskap, Kunskapar, Arbeidsevne og Fedralandssinn, og som hev gjevet Landet so mykje som ikkje kann reknast ut i Pengar, han hev i alt 9200 Kr. Og hugs so paa, at Stang og Selmer hev havt 20000, og 20000 til Matpengar, som dei no maa hava spara mykje av, Aschehoug hev 15000, Birkeland 16000, og jamvel den unge Capt. Hoff hev større Forteneste enn Johan Sverdrup.
           
Regjerings-Ekspedisjons-Sekretærarne hev 5400 Kr. um Aaret, men Ekspedisjons-Sekretæren i Stortingets Revisjonsverk, Statsrevisjonen hev 2400. Direktørarne i Hypotekbanken fær 4200, med Regjeringens ymse Direktørar fær 6400, 7200 og 10000 dessmeir. Til Direktørar i Norigs Bank hev Tinget tekje berre Bakstrævarar: Gram, Lundgreen, S. Strøm, Lorck, Selmer dei hev 6000 kvar seg. Strøm fær paa den Maaten ein 15000 Kr. i alt. Av Bankadministratorarne i dei andre større Byarne er det 31 konservative og berre 2 frilynde. Dei fyrste hev: 3 5000 Kr., 2 4000, 3 3000, 3 2800, 3 2400, 2 2200, 3 2000, 3 1800, 6 1600, 8 1200; dei frilynde fær, ein 4000 og ein 2200 (no vert det no vel lite Grandet onnorleids med detta).
           
Ein maa soleids segja, at Tinget reint hev gjenge framom frilynde Folk, legg Samfundet til so er det nokon som er fri for Nepotisme, so maa det vera Tinget. Men Morgenbladet vilde so gjerne at Bakstrævararne skulde faa alle Pengarne og dei frilynde svelta i Hel.