"Fint Folk."

[Del 2 av 2. Fyrste delen]
 
(Fraa fyrre Nr.)
           
Morgenbladet snakkar liksom paa Aalvor um, at Regjeringi skal taka seg Veto i Bevilgningssaker, so Folket ikkje eingong skal hava Rett til aa raa for sine eigne Pengar heretter.
           
Enn um Regjeringi vaagad det! Freistnaden med Grunnlovsvetoet hev vekkt Folket; Freistnaden med eit Bevilgningsveto vilde skaffa oss nokot, som me aldri fyrr hev havt: eit radikalt Thing.
           
Ja, Regjeringi skulde freista! Og so skulde ho paa same Tidi vaaga aa koma med Pengekrav, Pensionskrav, Løningskrav o. s. fr. til Norigs Folkefersamling! Thinget i Aar hev piskat Selmers Styre med Svipur; Thinget i 1882 vil piska det med Skorpionar. Og mangt og mykje, som Storthinget i Aar ikkje vaagar seg til med elder ikkje hev Hug paa, vilde Thinget i 1882 og 1883 gjera med sann Gleda, trygge paa Folkets fulle Samtykke. Regjeringi skulde freista!
 
           
Naar Mgbl. set seg til Doms yver Ross som Vitenskapsmann, so hev no ikkje det stort paa seg. Er det Friele sjølv, som skriv, so hev han væl likso mykje Vit paa Vitenskap, som han hev paa Politikk; men er det ein annan, som skriv, og daa kanskje ein Vitenskapsmann, so er denne ialfall _ namnlaus. Hr. Ross er ein Mann, som gjenom lange Tider, og i dei siste Aari endaa med Statshjelp, hev arbeidt paa aa setja seg inn i det norske Maalet; han hev dei beste Vitnemaal fraa vaare største Maalgranskarar som ein dugleg Mann med Kunnskap og vitenskapelege Gaavur; han hev i sjølve Røyndi vist seg som ein Granskar, av dei fyrste, _ for det er ikkje nokot Kvarmannsarbeid aa finna fram or Folketalen ei heil ny Ordbok etterat Ivar Aasen hev utført sitt store Samlarverk; og helder ikkje er det nokot Kvarmanns-Arbeid aa setja heile dette Maal-stoffet i Skikk, sikta og sella det og gjeva det ut i ei Form, so det kann brukast av baade Vitenskapsmenn og andre; Hr. Ross hev dessutan fyrr vist, at det ikkje berre er Ord og Ordsamlingar, han forstend seg paa, men at han i det heile hev Vit paa Maal; han hev nemleg skrivet ei Lærebok i engelsk, som no er i Bruk ved Universitetet av dei, som tek filologisk Embættseksamen, og som hev dei beste Spraakmenns Ord for aa vera eit ægte vitenskapelegt Verk, sjølvstendigt tenkt og dugelegt utført; slikt skal heller ikkje nokon kunna gjera, _ som etter Mgbl. kun har været beskjæftiget i Videnskabens allerforreste Forgaard. At ein slik Mann som altso hev alle kunnige Folks Ord for aa vera ein dugande Mann, og som dessutan hev brukt Størsteparten av si Tid til aa setja seg inn i Norsk _, at han no vert Lærar i Norsk, naar Storthinget i det heile finn, at Tidi er komi til aa uppretta ein slik Post, _ det vil væl alle vituge Folk finna so sjølvsagt, at dei berre vil læ aat Morgenbladsmannens store vitenskapelege Visdom.
           
Men naar Morgenbladet fortel oss, at Thinget ved flere Leiligheder har vist en høi Grad af Ligegyldighed for Universitetets Tarv, _ so er no det for det fyrste nokot, som Universitetet sjølv vil vera det fyrste til aa segja er Tøv; men det vert dessutan reint ut morosamt, naar Ein fær høyra kva det er, Morgenbladsmannen serskilt tenkjer paa. Morgenbladsmannen tenkjer serskilt paa dei 1000 Krunurne, som Thinget ikkje vilde bevilga til politisk Reisestipendium aat Morgenbladskorrespondenten Yngvar Nielsen. At Thinget ikkje vilde bevilga til det ethnografiske Musæum reint paa det lause, utan nokon Plan, og utan at Ein kunde sjaa, at Hr. Yngvar Nielsen gjorde nokot vidare med desse Pengarne, _ det skal altso visa, at Storthinget ikkje hev den rette Samhug med Vitenskapen. Takk skal du hava! Morgenbladets politiske handelsreisande og Korrespondent, Hr.
Dr. Yngvar Nielsen, fær nok arbeida nokre Aar til, fyrr han fær Folk til aa tru, at han og hans gamle Bukse-Selar er det same som Vitenskapen, elder at hans Tarv er plent det same som Universitetets; for so styvne er ikkje eingong Storthingsbønderne no lenger, dessverre.
 
           
I ein Leidar i same Nummeret
segjer Mgbl. um Dagpengarne til Hærnemndi, at Regjeringi kann umogeleg segja Ja til det eine Punktet i Storthingsavgjerdi av 19de Juni 1880 (det um Pengarne), naar ho hev sagt Nei til det andre Punktet i same Avgjerdi (det um Arbeidet). So! Kanskje. Men i 1877 gjekk det daa an, at Regjeringi sanksjonerad det eine Punktet i Storthingsavgjerdi um Skattekommissjonen (det um Arbeidet), men gjorde Vringl med det andre Punktet i same Avgjerdi (det um Pengarne). Hev Mgbl. gløymt det?
           
- Den norske Regjeringi hev ingen Lov elder Regel for sin Politikk. Ho strævar for Dagen. Idag er det og det rett, fordi det synest fremja hennar Sak; i Morgo er kanskje det motsette rett av same Grunnen.
 
Morgenbaldet hev strid Tenest!
                                              
T . . .