Sogur fraa Island.

[Del 6 av 10. Fyrste delen]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga.)
                                   
II.
                       
(Slutt fraa forr. No.)
 
Tidleg paa Veteren lagde alle Fjordarne seg. Frøystein Bove gjætte Sauder i Aalstafjorden. og han var sett til aa passa paa, um det vart Aa-føre til aa taka paa Arnkel. Arnkel var ein driftig Mann og let Trælarne sine arbeida heile Dagen fraa Morgon til Kvelden. Han dreiv sjølv baade tvo Gardarne, Ulvarsfell og Ørlygsstad, av di ingen vaagad seg til aa leiga Gardarne, daa dei inkje kunne vera i Fred fyr Torbrands-Sønerne. Um Veteren hadde Arnkel fyr Skikk aa kjøyra heim Høyet fraa Ørlygsstad um Nætarne, naar det var maaneljost, for Trælarne var paa Arbeid heile Dagen, og han brydde seg inkje um det, at det saag ut liksom han inkje torde kjøyra ljose Dagen. Det var ei Natt um Veteren fyre Jol, at Arnkel stod upp um Natti og vekkte tri av Trælarne sine, og den eine het Ufeig. Arnkel Bonde for med dei inn paa Ørlygsstad; dei hadde 4 Uksar og 2 Sledar. Torbrands-Sønerne vart var Ferdi deira, og Frøystein Bove for strakst um Natti ut etter Isen til Helgafell og kom der ei Stund etter Folket hadde lagt seg. Han vekkte Snorre Gode, og Snorre spurde, kvat han vilde. Han svarad: No hev den gamle Ørnen floget paa Aata paa Ørlygsstad. Snorre stod upp og bad Mennerne sine klæda paa seg. Daa dei kom inn i Fjordbotnen, kom Torbrands-Sønerne imot dei 6 Mann sterke. Dermed for dei upp til Ørlygsstad, og daa dei kom der, daa hadde den eine Trælen faret heim med Høylasset, og Arnkel og hine heldt paa og lesste paa det andre. Daa saag Arnkel, at det kom Menner med Vaapen upp fraa Sjøen. Ufeig snakkad paa, at det visst var Ufred, og at det var inkje onnor Raad enn aa fara heim. Daa svarad Arnkel: Her veit eg ei god Raad, for no skal kvar gjera som han hev Hug paa; de skal springa heim og vekkja upp Fylgjes-Mennerne mine, og dei vil snart koma til meg, og her er eit godt Forsvars-Stelle i Stakkgarden 1) , og herfraa skal eg verja meg, soframt detta er Ufreds-Folk, fyr di at det tykkjer eg er betre enn aa renna; dei skal inkje raa med meg so snart, og mine Menner vil koma til meg fort, soframt de utrettar Ærende dykkar paa Karavis. Daa Arnkel hadde sagt detta, bar det av Garde med Trælarne og Ufeig var den snaraste; han vart so rædd, at han gjekk mest fraa Vitet og flaug upp i Fjellet og so ut i ein Foss og druknad, og den heiter no Ufeigsfossen. Hin Trælen sprang heim paa Garden, og daa han kom til Løda, so var den Trælen der, som hadde kjøyrt heim fyrste Lasset, og han bar inn Høyet. Han ropte paa den Trælen som kom springande, at han skulde leggja inn Høyet til han, og ein kunne skyna det, at Trælen hadde inkje nokot mot det Arbeidet og han tok til aa hjelpa hin med Høyet.
           
No skal me fortelja, korleids det gjekk med Arnkel; daa han saag, at Snorre Gode og hine kom, reiv han Meiden undan Sleden og hadde upp i Stakk-Garden med seg. Høystakken stod paa ein Haug, og Garden umkring var fælt høg paa Utsida, og her var det eit godt Forsvars-Stelle. Det Høyet, som var ytst ved Garden, hadde dei kjøyrt heim. Daa Snorre og hine kom til Garden, so er det inkje fortalt, at dei snakkad til kvarandre fyrst, og dei gjekk radt paa og stakk mest etter han med Spjot, men Arnkel slo av seg Spjoti med Meiden, og mange av Spjotskafti gjekk sund fyr dei, og Arnkel vart inkje saarad. Men daa dei hadde mist Spjoti, daa for Torleiv Kimbe mot Garden og sprang upp paa Garden med dreget Sverd, men Arnkel slo med Sledmeiden imot han, og daa kastad Torleiv Kimbe seg ner av Garden undan Hogget, og Meiden raakad i ei frosi Jord-Torva som stakk upp av Garden, og Sledmeiden brotnad tvert av i Fjetre-Holet, og den eine Biten for ut av Garden. Arnkel hadde sett Sverdet sitt og Skjolden ved Høyet, og no tok han upp Vaapni sine og slost med dei, men daa kom han i Berrhogget; daa kom dei upp i Garden til han, at Arnkel fall, og dei gjøymde Liket i Høyet. Dermed for Snorre og hine heim til Helgafell.
           
No skal me fortelja um Trælarne hans Arnkel, at dei gjekk inn, daa dei hadde boret inn Høyet og hadde av seg Skinn-Stakkarne sine. Daa vaknad Fylgjes-Mennerne hans Arnkel og spurde, kor han var. Daa var det, liksom Trælen vaknad upp av Sømne og svarad: Det er sant, segjer han, han held nok paa og slæst inn paa Ørlygsstad med Snorre Gode. Daa sprang Mennerne upp og klædde seg og skundad seg det meste, dei kunne, inn paa Ørlygsstad, og daa fann dei Liket hans Arnkel Bonde, og det totte alle Folk var ein stor Skadedaude, fyr di han var i alle Maatar den gjævaste Mannen, so lenge Heidenskapen stod paa. Dei tok Liket hans Arnkel og flidde det og gravsette det. Han vart hauglagd ved Sjøen ut ved Vadilshovde, og den Haugen er so vid som ein stor Stakk-Gard.
           
Daa Arnkel var drepen, var det berre Kvinnfolk til aa taka Arv og Ettermaal etter han, og difor vart inkje hans Draap hemnt slik som ein skulde ventat med so gjæv Mann, som han var. Men det vart gjort so mykje likevæl, at dei gjorde Forlik paa Tinget, men det vart inkje fastsett større Bøter, enn at Torleiv Kimbe skulde vera utanlands i tri Aar, for dei trudde det var han, som hadde gjevet Arnkel Banesaar. Men daa Folk totte, at detta Ettermaalet inkje var so sømelegt, som ein skulde tenkt med so stor Høvding, som Arnkel var, so gjorde Lagretta no Logi slik, at eit Kvinnfolk aldri meir skulde taka paa seg Ettermaalet ved ei Draapssak, og inkje ein Karmann helder, som var yngre enn 16 Aar, og so hev det voret sidan.
 
1) Den Garden, som var uppsett rundt umkring Høystakken.
 
[ Meir]