Korleids Kyrkja skal møta Vantrui.

(Slutt fraa forr. No.)
           
 
Etter det som eg her hev greidt ut, ser Ein korleids det er eg meiner Kyrkja skal møte Vantrui. Hev Vantrui Magti si i aa auke Upplysning og Fridom so maa au Kyrkja møte fram og taka paa seg same Arbeie. Men det er lettare aa tala um dette hell aa gjera det; det er ei heil kristeleg Samfundsgjerning.
           
Dei kristne maa syne det, at Kristendomen ikkje er ljosrædd. Men det er ikkje nok med det, at dei ikkje ræddest for Upplysningi, men dei skal au vise, at dei hev livande Sans for den. So er au den sanne Upplysning berre te Gagn for Kristendomen. Um det mangein Gong kann sjaa annsleis ut, so veit me visst, at Gud styrer det til det Gode.
           
So gjeld det au aa eigne til seg dei Utvinninganne, som Vitenskapen hev gjort og arbeie dei inn i sin kristelege Tankegang. Det, at alt i Verdi gjeng etter faste Logjer stri ikkje mot Guds Tilvære hell hans frie Styring. Men det gjeld aa greie ut Guds Forhold til dette. Logskipnaen viser berre Maaten, korleids Alt gjeng for seg, men ikkje, korleis det hev vorte til. Um det raar Logjer i Mannslive, so segjer Ingen at Ein er ufri for det, anna han kann gjera det han vil. Soleis kunde ikkje Gud hell vera meir bundenum Live hans gjeng etter Logjer. For Livsmaaten aat den Frie, den gjeng just etter Vit og Logjer.
           
Det er greidt, at ein kristeleg Tankegang og Theologi, som læt desse Nytankanne verke paa seg maa sjaa ansleis ut hell den gamle. Men likevæl tarv ikkje anten Theologien hell Trui skifte Innhald. Sanningi i Guds-Ore maa stande. For slepper Kyrkja noko av i so Maate, daa er det ute med ho straks.
           
Lækfolke hev au sitt aa gjera. Dei hev havt reint for lite Syn for Upplysningi. Men den jordiske Gjerning er au under Guds Vælsigning. (1 Mos. 1,28). Verdsleg Upplysning og Kulturframstige er Midlar, Gud hev gjeve oss til denne Gjerning. Um au Vantrui hev blanda seg inn der, skal Ein ikkje stengje seg burt likevæl. Um Maten er giftblanda so kann Ein ikkje halde seg fraa aa eta for det; men Ein maa reinske ut Gifti og so njote Maten so godi han kann.
           
Eg vil ikkje leggje for høge Ting paa Samvite aat den Einfolduge. Men eg vil minne han um aa tenkje smaat um seg sjølv. Det er mangt godt og tenlegt, han ikkje skynar; di skal han ikkje døme den, som Gud hev gjeve større og viare Syn.
           
Vantrui kann væl kverve Syne paa mang ein Smaamenning og setje han reint fast. Men den kristne er aldri uppraadd. Han segjer (som Blindingen Job. 9.): Um Skapingi veit eg ikkje stort, men det veit eg, at eg, som var fortapt, no hev vorte frelst, og det Ore, som hev verka dette, maa eg lite meir paa hell paa den Visdom, som talar um alle Ting, men ikkje kann hjelpe ut av Vesaldomen.
           
Men det er mange gomeinte Menn, som heller skader hell dei hatar Kyrkja. Dei sviv hit og dit og kann ikkje skilja Vantru fraa Framstig, og dei skynar ikkje at dei helder burde halde seg tilbake. Mot Slike maa Kyrkja verja seg.
           
Likeins maa det sannast, at Kristendom ikkje er imot Fridom. Her gjeld det for Kyrkja aa finne ut, kva Vantrui hev blanda atti av Synd, og vitne imot det. Men dette er vandskelegt av tvo Grunnar. Dei Kristne høyrer sjølve med til Samfundet og er med i den politiske Striden. Dei vil difor so snart samanblande sitt politiske Standpunkt med Kristi Sak. Og det hatar Vantrui, det, at Kristendom vert bruka som Politik. Det riv Kristendom og Kyrkje ned fraa Guddomshøgdi si. Det Andre er det, at det er vanskelegt aa skilja kva som høyrer Fridomen til og kva som høyrer Vantrui til fordi at Vantrui so lengje hev styrt Fridomsarbeie. Her hev Kyrkja for seg eit stort Arbei aa skilja ut, kva Kristendomen kann halde seg til som Framstig og kva den maa motkjempe som moralsk Fall. Men Vantrumennenne vil freiste aa fløkje det ihop, so Framstig og Vantru, Tru og Trældom skal synast aa vera det same.
           
Kyrkja maa au lite seg med den Magti, ho sjølv eig. Ho hev vore hjelpt av Staten; men ho maa ikkje ynskje aa bruke anna hell aandelege Vaapen. Den kristne Fridomen er væl helst innvortes, so den kann blome under utvortes Tvangau; men det Naturlege er at han og skapar seg ein utvortes Fridom i alt sitt Stell. som ei Frukt av den innvortes.
           
Den kristne Kjemparen burde prye seg med Mjuklynne mot sine Motstandarar. Me skulde ikkje vera so sjølvsikre. For det er vanskelegt aa føre Strien retteleg. Er det sjølvnyttige Grunnar hell Standsbate, som driv Ein, daa er det berre det vonde Hjarta. Til Guds Ære og Mannagagn fær Ein fara fram, og etter si beste Tru.
           
Allvist dei som arbeier i Ore, dei maa vera som Salte. Guds Or skal dei bruke, og ikkje spare Domen yver kven det er, anten det so er Motmann hell Samlagsmann. For Gud gjer ingen Mannamun.