Bonde-Politikk.

Kvi skal Kongen hava so stor Løn? 320,000 Kr. um Aaret, det er mykje det, og endaa hev Kronprinsen og dei vaksne Prinsessunne umframt. Han maa visst kunne bergje seg med mykje mindre. Det er Mange, som avundest paa dette, at ein Mann skal hava det so flust, med mangein Annan ikkje veit, kva han skal hava i Gryta til næste Maal, endaa han kann slite og slæpe heile Dagen. Du veit nok, det hev sitt paa seg aa vera Konge au, men um Ein no sette Kongsløni ned til 100,000 Kr., so kunde han endaa vera ein vælhalden Mann, endaa vart det Faae, som hadde Meir enn han, men Stordelen mykje mindre. Um eg skulde hava so stor ei Innkome, daa fæler eg for, at det vilde koma mange Slag Ovmodstankanne paa meg.
           
Eg trur aldri, det vilde meinke Vyrdnaden hans dette, um han vart sett paa mindre Løn. Det vilde vera tvert imot meiner eg. For no er det Mange, som forargar seg paa dette Hofstelle, som stødt fylgjer Kongen med Drust og Dramb. Det føder berre upp ein Hop viljelause og smeikjande Trælar, som stengjer Kongen burte fraa Folke som ein Mur; det kann avle fram mykje List og Lygn og Løynhug, som er til Skade baade for Konge og Land.
           
I so fatikt eit Land som dette maa Ein rette det Eine etter det Andre og snu Skilingen væl, fyrr Ein gjev han fraa seg, allvist daa i slike Tider, som no er. Ein maa inkje gjeva til Faanyttes. Det var Mangt, som kunde trengjast meir til. Um Ein no tok eit Par Hundre Tusend Krunur av Kongsløni og bruka dei til Skular og Upplysning hell andre gagnlege Ting, so trur eg det gjorde ein bedre Mun. For eit upplyst Folk, veit me, er ein betre Studnad for ein god Statsskikk hell alt Anna.                            
 
r.