[Notisar]

Kristiania den 23 December.
 
Attfunni Bok. I 1856 gav Ivar Aasen ut ei Bok med Titel Norske Ordsprog. Det var, som flestalle veit ei reint forvitneleg Bok, og mange kaupte henne og las henne med stor Hugnad. Men so kom ho burt. Um det var fyrdi Intelligensmennerne totte, at ho gav for stor Styrkjing til det Nationale skal me ikkje kunna segja. Ho kom som sagt burt, og spurde ein etter henne, so vart det svarat av Bokhandlararne vaare, at ho var utseld. Dei Menn, som voks upp, og som hadde Hug til aa læra vaare Ordtøkje aa kjenna nokot betre og fullstendigare enn ved aa lesa det stutte Utdraget i Jensens Lesebok, laut anten stela Boki hjaa ein Kjenning elder tøygja paa Taalmodet, til dess det kunde koma ei ny Utgaava. Men no høyrer me, at Boki aldri hev voret heilt utseld, og at det finnst att ein Part av Upplaget hjaa eit Bokhandlarfirma i Kristiania. Dette er underlegt; men Inkje er so galet, at det ikkje er godt fyr nokot. Det viser, at dei norske Bokhandlararne hev so liten Hug paa det nationale, at dei driv med dansk og heime-dansk Literatur endaa til sin eigen Skade. Ein kann fara Norig rundt og spyrja etter norske Bøker, det er paa eit Raam, um dei finst i den fine Bokhandelen. No daa den Boki, me talar um, hev voret saknad so lengje, trur me likvæl, at einkvar Nordmannen kunde ynskja aa kaupa henne; men det er væl ikkje aa vona, at ho vert kringsend til Bokhandlararne. Ein fær difyr skriva til Kristiania etter henne, til Bokhandlararne Feilberg og Landmark: der er Aasens Norske Ordsprog aa faa fyr Kr. 1.50 og Porto, vonleg 15 Øyrur. Me veit, at Aasen hev arbeidt paa ei ny Utgaave i den Tru, at Upplaget var utselt, men det vil venteleg ikkje verta nokot av med den nye Utgaava, fyrr den gamle er seld.
 
           
Advokat Schweigaard er vorten Statsraad etter Selmer. Mange hev no meint, at den siste ikkje hev større Tankar, en at han ataat kunde styra eit Departement, men dei hev vel teke i Mist dei daa.