Um Kyrkja og Vantrui

heldt den teologiske Professoren Fredrik Petersen eit Fyredrag i siste Stiftsmøte for Kristiania Stift, som det hev vortet mykje Strid um. Morgenbladsprestarne likar det ikkje, daa dei tykkjer det er væl frilyndt; men andre hev kanskje funnet at det korkje var so frilyndt elder so klaart som det kunde voret. Ein Mann hev gjort so væl aa gjera eit Utdrag av Fyredraget aat Fedrh. paa Norsk, og her tek me inn dette, daa me tenkjer det er mange av Lesararne vaare, som vil vera glade ved aa sjaa, kva Ein av vaare mest kjende og vyrde Kyrkje-Autoritetar meiner um det store Spursmaalet.
           
Magti aat Vantrui for Tii hev tvo Grunnar. Djupaste Grunnen, det er no Hugen te aa fylgje vaart eige Hjarta, og løyse oss fraa Gud og hans Log. Ser Ein ikkje det, so kann Ein paa ingen Maate forklaare den Arghugen, som dei viser mot Kristendomen, endaa dei segjer, at han er so gamalvorten og utlivd, at han maa falla av seg sjølv. Men det er eit Anna au, Vanturi kjem imote, ein Mannshug som er god: Trongi til Kunnskap og Framstig.
           
Det er Samanheng millom Religion og Kultur.
           
Kulturen treng Religionen: Mannen treng ein Livsstraum av Adelssinn og høge Tankar, han treng aa lata Hugen leike mot det Evige og Uforanderlege; han treng Mynsterbilæte paa Reinleik paa Sjølvgløyming og paa Kjærleik. Og etter kvart, som han røyner Live og vert saar av dess Synd og Nau, so treng han ein Frelsar. So er Live i Kyrkja au bunde til Kulturframstige. Naar Kyrkjelive ikkje aukar Sannkjenningi (Erkjendelsen), so turkast det burt, det trenast upp til daude Læresetningar. Men Voksteren i Sannkjenning er bundi av, um Kyrkjemannen kann eigne til seg Kulturmannens Framstigs Verk; for dette dreg fram nye Maatar aa sjaa baade av Naturen og Mannalive paa. Te betre Ein kjenner dette, te betre kann Ein au sannkjenne dei Sanningar, som er framlagde av Gud. For det gjeld um desse au, at den vaksne Mann kjenner det betre enn Baane; den som er upplyst, skynar dei betre enn den, som ikkje er det, endaa den Eine kann vera from og go som den Andre. Te meir Teologien kann eigne til seg Frukterne av Kulturen, te rikare vert Sannkjenningi og med den au det kristelege Live. Um dei Kristne kunde stengje seg reint burt fraa Kulturstraumen hell stemme den, daa vilde dei og for Aalvor sige atterut i kristeleg Sannkjenning og kristelegt Liv.
           
Kyrkja og Kulturen stend difor jamsies til Hjelp og Studna for kvarandre. Dei skal baae arbeiast ihop til eit fullt og rikt Mannsliv.
           
Men det, som soleis høyrer saman, er altfor ofte sundhavt. Skuldi for dette ligg paa baae Sidunne.
           
Den gamle Kyrkja førte fram baade Kulturstrumen og Trudomsstraumen til dei nye Europafolki, som daa kom upp i Soga. Men daa desse foor til aa vekse og vitrast, turvte dei meir Fridom og daa fysst Fridom til aa granske og tenkje. Forat Daningi skulde verta sjølvstendig, maatte det verta meir fritt baade i det religiøse og det borgarlege og politiske. Fysst Trongi til Sjølvstende er vakna, vil ho au verke i det Religiøse. Det er daa fyrst Formi, det gjeld, og som ho vil fornye. Men inni dette vil au blanda seg Mannshugen til aa løyse seg fraa Gud. Hertil kom, at Kyrkja saag paa alt dette som det berre var Uppreist mot Gud alt saman. Ho bruka Vald og Tvang, som var kje til anna enn til aa auke Mothugen.
           
Soleis hev dei reint skilt seg, men det hev ikkje vore te Bate for nokon av dei.
           
Rett hadde Kulturen til aa krevja full Fridom og Rett til aa skipa seg sjølvstendigt; men Urett hadde han i Vantrui si, naar han vilde løyse seg fraa Guddoms-Krafti. Rett hadde Kyrkja til aa motkjempe Lausrivingi fraa Gud og Trui, men Urett, naar ho ikkje vilde sannkjenne Daningsauken og Fridomskrave.
           
So braut det fram med Mistillit og Vanvyrding paa baae Kantar. Vantrui var det, som vart Beraren for Kunnskapstrongi og Framstige i Kulturen.
           
Av dette kjenner Vantrui seg sigerfast. Ho veit, ho stri for dei Tankarne, som skal eiga Framtidi. Dette skræmer Mangein.
           
Vantrui hev styrt Kulturverke slik, at det no er kome i so sterk Motsetning til Kristentrui, som det er Raad. Alt i Heimen er styrt av visse ubrigdelege Loger, segjer Vitenskapen, Smaatt og Stort, Stjernurne paa Himlen og Steinen i Jori, Storhendinganne i Mannasoga og kvart eit Smaahende i Kvardagslive. Alt gjeng som ein stor Maskin, alt er samanbundet Le til Le, etter sine naturlege Grunnar. Gud vert sett utafor Live; um han væl au ein Gong skal hava sett alt i Veg, so kjem han reint som burt sidan. Men det fell naturlegt for Menneskje aa tru paa ein Gud som Heimsens Styrar og Upphaldar, som skipar Stort og Smaatt. Trui vert uppbyggd ved Tanken paa hans Fadervern, og at me kann bea til han, og han høyrer det. So lenge me enno ikkje veit so mykje um Verdi, so ser me nok her og der mykje Orden og Log i Live. Men me ser ikkje denne evig uforanderlege Log-Orden som er det fast og ubøygjeleg styrande i heile Tilvære, og difor fell det oss daa lett aa tru, at Gud blandar seg inn og styrer, naar og kor han vil, liksom ein Faer i eit stort Hus. Denne Mannens naturlege Tru hev Kristendommen gjort til si, so ingen kann uppgjeva den utan aa uppgjeva Kristendomen. Men no viser det seg, at Log-Tanken raar i heile Allheimen. Og naar so er, kor skal me daa faa Rom aat ein fritt styrande Gud?
           
Alt det, at denne Tanken er framsett paa ein slik Maate, i so skarp Motsetning til Kristentrui, viser den Innverknaden, Vantrui hev havt. Og er ein fyrst komen so langt, at Gud vert sett utanfor Tilvære som ein yrkjelaus Tilskodar, so er der meir enn Grunn til aa tvila paa um han er til. Ein maa mykje meir tru, at det me kallar Gud, er ein Tanke som er uppkomen i Mannen sjølv som so mangt anna. Er Gud nokon Ting, so er han eit barnlegt Namn paa sjølve Allheimen, tenkt i eitt som eit livande heilt.
           
- Unegteleg er det so, at den fulle Sannkjenning av Log-tanken i Tilvære vil vise seg usemjeleg med Trui paa Gud i barnslegare Form. Men kvi skal daa Turi paa Gud einast vera det, som ikkje kann utvikle seg fraa Barndom til Manndom?
           
Dessværre, Stordelen kjenner Gud so lite, at dei kann ikkje ganga gjenom denne Eldprøva. Religionen deires er berre eit Stemningsliv. Aldri hev dei med samla Tanke lese i det Ny Testamente; dei kjenner ikkje Gud av anna enn Umtale. Dei hev inkje Motstandskraft. Men den, som kjenner Gud av personlegt Liv, vil segja det, at eg veit so visst, at Gud er til, som at Logbande gjeng gjenom Verdi. Vil Logtanken sanne, at Gud ikkje er Heimstyraren, hell at han ikkje kann live i personlegt Samfund med eit Menneskje so maa det vera noko gale anten i Maaten, som Logmennenne set fram Tanken paa, hell i den Maaten, som eg hev tenkt det. Han ser det vert Mangt aa tenkje paa og faa Greie paa, men Trui kann han ikkje sleppe for det.
           
Det er Teologen som skal greie denne Uppgaava. Forsømer han dette Arbeie, so vert væl endaa ikkje Kristendomen i seg sjølv gamaldags, men han fær paa den Tidi og i det Lande ei sterk Tilsetning av det utlivde. Det stend mykje att for Teologien aa gjera i so Maate, fyrr han vert likso heimeleg i dette Aarhundra, som han i det 17de og 18de var det for si Ti.
           
Likeins hev Vantrui stempla Fridoms-Utviklingi. Ein kann greidt kjenne, at ein gamaldags Samfundsskipna ikkje høver med den stigande Kulturen, og Ein kann glee seg yver Fridomsverke. Men det hev for ofte set ut so med detta, liksom det berre galdt um aa lausrive seg, som væl er det fyste Stige, men ikkje meir; for det er for aa byggje upp noko nytt, at Ein fyst lyt rive det gamle, men Ein skal ikkje rive berre for aa rive. All slik Riving er faarleg, daa Hugen til Ageløyse snart blandar seg inni. Vantrui vil gjerne rive, og grunne eit Liv, som er løyst fraa Gud; daa vert Fridomsarbeie mykje attihavt av Trass og Sjølvraaing. Det er Vantrui, som er Skuld i at ei slik Ageløyse hev tekje Fridomstanken for seg og mykje gjort han til berre ein Rivingstanke.
           
Til Orsaking for dette vil det altid vera, at Kyrkjemennenne so ofte hev kjennt seg so samanbundne med dei, som hev havt Magti og Vyrnaen etter den gamle Samfundsskikken, at dei hev gjeve seg til dei utan aa tenkje større etter. Kyrkja hev soleis sjølv gjeve Vantrui Høve til aa segja at det er ho, som vil Fridom og Framstig og hjelpe dei Netrykkte, men at Kyrkja vil trælbinde.
           
Vantru-Strien for Kulturen og mot Kyrkja er etter djupaste Grunnen den Strien som det fallne Menneskje strier for aa eigne til seg Jori og løyse seg fraa Gud. Men det er au so, som det no er, at Vantrui hev kome ei ideal Trong til Møtes. Derfor for Ein gale, um Ein vilde tyde kvar Manns Vantru av nokon serleg Vondhug. Det kann vera Vantruande, som ikkje er verre enn andre Menneskje. Det kann vera Dei, som Ein maa segja um: dei veit ikkje, kva dei gjer. Dei maa væl vera Motstandarar for dei Kristne, men det trengst ikkje, at dei er Fiendar. Eg trur Folk gjeng for mykje ut fraa det, at Ein, som ikkje held seg til Kristendomen, maa hava ein vond Vilje. (Her meiner eg ikkje det Vonde, som me alle hev av Naturen.) Det er ikkje stødt sagt, at det er Hjarta som er herda mot Sanningi.
           
Daa fyst trur eg, Ein kunde vaage aa segja at det var den vondfaste Viljen, um Ein ligg med Dødstankar paa si siste Lege og han høyrer Evangelie trugje og einfoldugt, og han daa forkastar det. For daa stend Sjæli framfor dei store Spursmaal: Evigheit, Gud, Rettferd, Dom, paa ein reint endefram Maate. Men eg veit ikkje rett, kor hugheilt me tor døme um desse Tilfelle. Iallfall stend Saki heilt onnorleis, so lengje me er midt uppe i det fulle Livs Arbeid. Væl trur eg, at dei fleste, som hjaa oss segjer seg ifraa Kristendomen, gjer dette i mot sitt eigi Samvit. Men der er og dei, som av Uppgløding for det Ideale hev vorte eit Rov for Vantrui.     
 
(Meir.)