Sogur fraa Island.

[Del 5 av 10. Fyrste delen]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga.)
                                   
II.
                         
 
(Framhald.)
 
Snorre Gode let hogga i Kraakenesskogen like radt, endaa Torolv Bøgifot hadde kjært seg fyr det, men ein kunne merke paa Arnkel Gode, at han totte Snorre inkje hadde logleg Rett til Skogen, og at Torolv hadde gjort Arvsvik. Det var ein Sumar, som Snorre sende Trælarne sine til aa hogga i Skogen, og dei hogg mykje Timber og lunna det, og dermed for dei heim. Daa Timbret heldt paa og torrad, let Arnkel paa det, at han vilde henta Timbret, men det vart inkje nokot av, men han bad Saudegjætaren sin passa paa, naar Snorre let henta Timbret, og segja fraa. Daa Timbret var turt, sende Snorre tri av Trælarne sine etter det og sette Hauk, som høyrde til Fylgjet hans Snorre, til aa vera med og verja dei. Dermed for dei og klyvjad Timbret paa tolv Hestar og gav seg paa Heimvegen. Saudegjætaren hans Arnkel merkad Ferdi deira og sagde det til Arnkel, og han tok Vaapni sine og reid etter dei og naadde dei att millom Svelgsaa og Holar. Strakst han kom etter dei, sprang Hauk av Hesten og stakk etter Arnkel med Spjotet, og det raakad i Skjolden, men han vart inkje saarad. Daa sprang Arnkel ned og stakk etter Hauk med Spjotet og raakad han paa Midten, og han fall der, som no heiter Hauksaa. Daa Trælarne saag, at Hauk fall, tok dei Beini paa Nakken og lagde heim, og Arnkel jagad dei radt utfyr Øksnabrekkurne; der snudde Arnkel og dreiv Timberhestarne heim til seg og tok av dei Timbret, og so sleppte han Hestarne og feste Reipi upp paa dei og styrde dei heim, og no gjekk Hestarne, til dei kom heim til Helgafell. Detta spurdest umkring. Alt var stillt det Aaret, men Vaaren etter lagde Snorre Sak mot Arnkel paa Torsnesthinget, fyr di han hadde drepet Hauk, men Arnkel stod paa, at han skulde inkje bøta, daa Hauk hadde teket paa honom fyrst. Baade tvo samlad mykje Folk, daa dei for til Tinget, men Enden vart, at Arnkel skulde inkje gjeva Bot, og Saki vart spilld fyr Snorre Gode. Dermed reid dei heim fraa Tinget, og no var det fæl Uvenskap millom dei um Sumaren.
           
Der var ein Mann, som het Torleiv fraa Austfjordarne, som hadde vortet fredlaus og kom til Helgafell um Hausten og bad um aa faa vera hjaa Snorre Gode, men han viste han fraa seg, men dei samsnakkad fælt lenge, fyrr han for av. Dermed for Torleiv inn paa Bolstad og kom umKvelden og laag der um Notti. Arnkel stod upp tidleg um Morgonen og neglde ihop Døri til Forstova, og daa Torleiv stod upp, gjekk han til Arnkel og bad han taka mot seg. Arnkel svarad helder seint paa det og spurde, um han hadde raakat Snorre Gode. Eg raakad han, sagde Torleiv, men han vilde ikkje gjera nokor Greida med meg, og inkje hev eg vidare Hug paa aa fylgja slik Mann helder, som jamleg ligg under fyr kvar Mann, han hev nokot Hopehavande med. Eg er inkje so viss paa det, segjer Arnkel, at det vil ganga betre med Snorre, um han gjev deg Kosten. Eg held paa det, at eg vil vera her hjaa deg, svarad Torleiv. Eg er inkje vand til aa taka mot Utanbygds-Folk, sagde Arnkel. Dei snakkad um dette ei Stund, og Torleiv dreiv paa og vilde vera, og Arnkel drog seg undan. Daa borad Arnkel Oken (Labbanken), og medan lagde han fraa seg Øksi. Torleiv tok ho upp og svingad ho fort yver Hovudet sitt og var meint paa aa setja ho i Hovudet paa Arnkel. Men daa Arnkel høyrde Kvinen, smatt han undan, og lufte Torleiv upp paa Bringa paa seg, og daa fekk ein sjaa, kven som sterkaste var, for Arnkel var ein sterk Mann. Han slengde Torleiv ner so hardt, at han heldt paa aa daanad, og Øksi fauk ut or Handi paa han, og Arnkel fekk teket ho og sette ho i Hovudet paa Torleiv og gav han Banesaar. Det Ordet gjekk, at Snorre Gode hadde sendt han til aa drepa Arnkel, men Snorre ansad inkje paa det og let kvar snakka, som han vilde, og soleids gjekk eit Aar.
           
Hausten etter ved Vetternætarne hadde Snorre Gode eit stort Haust-Gjestebod og baud til seg Venerne sine, og dei drakk tett. Daa tok dei paa med Mannjamning og snakkad um kven som var den gjævaste Mannen der i Bygdi og den største Hovdingen. Dei fleste heldt paa Snorre Gode, og andre heldt paa Arnkel. Daa sagde Torleiv Klimbe: Kvifyr trættar de um slikt, som alle kann sjaa? Dei spurde, kvat han hadde aa nemna som Grunn fyr det. Daa sagde Torleiv: Arnkel synest meg aa vera den allerstørste. Han hev ingen Fylgjesmann, som Snorre hev drepet, liggjande ubøtt ved Garden sin, men Hauk, Fylgjesmannen hans Snorre, som Arnkel hev drepet, ligg her ved Garden ubøtt. Detta totte Folk var mykje sagt, men at det likvæl var sant, og no vart det ikkje snakkat meir um detta. Men daa Folk for fraa Gjestebodet, tok Snorre ut Gaavur til Venerne sine. Daa han og Torbrands-Sønerne skildest, gjekk Snorre til Torleiv Kimbe og sagde: Her er ei Øks, Torleiv, som eg vil gjeva deg; eg hev ingi, som er so langskjeft som denne, men ho vil endaa inkje naa til Hovudet paa Arnkel, naar han høyar paa Ørlygsstad, um du stend heime i Aalstafjorden og høgg. Torleiv tok mot Øksi og sagde: Det kann du vera hugheil paa, at eg skal inkje vera sein med aa hogga til Arnkel, fyrst du er ferdig til aa hemna Hauk, Fylgjesmannen din. Snorre svarar: Eg hev Rett til aa krevja av dykk, Torbrands-Sønerne, at de speiar etter, naar me kann faa Tak i Arnkel, og møter eg inkje daa, so kann de lasta meg so mykje de vil, soframt de varar meg um det. Hermed skildest dei, og baade Snorre og Torbrands-Sønerne let so, at dei var reiduge til aa drepa Arnkel, men Torbrands-Sønerne skulde halda Vakt.
                                                           
( Meir.)