Fredrik Stang.

[Del 5 av 6. Fyrste delen.]
 
(Framhald)
 
Som Lektor hadde Fredrik Stang vunnet Ord som Jurist; ved Grunnlogtolkingi si hadde han vist, at han og forstod seg paa Statsrett. Men som Høgsterettsadvokat hadde han vunnet Godkjenning som Talar. Folk, som minnest han fraa hans beste Dagar, segjer, at han var reint framifraa i den Vegen. Klaar, greid og ordhag, med godt Mæle, forvitneleg og tankesterk, ein Meister til aa faa Folk med seg. Serleg kjennd vart den Talen, han heldt (1846) til Forsvar for Statsraad Vogt, som var sett under Tiltale for Riksrett dei brukte Riksretten meir i den Tid enn no -; Talen er trykt. Ein slik Mann maatte kunna verta ein makalaus parlamentarisk Minister. Med hans Kunnskapar, skarpe Vit og gode Talegaavur maatte han kunna gjera Underverk i ei Nationalforsamling. Det var væl og det, han drøymde um sjølv, daa han arbeidde so trottugt for aa faa Riksraadarne inn i Thinget. Og han trudde visst, Thinget skulde verta helder lett aa styra. Bønderne var endaa i det heile ikkje so langt framme i politisk Upplysning, at dei kunde vera faarlege, og Embættsmennerne var enno sterke i Thinget, ikkje berre i Tal, men og ved Kunnskapar og Aand. Og dei fleste av desse vilde sikkert fylja ein Mann som Stang, um han vart Riksraad. Schweigaard, som kom paa Thinget i 1842 og fekk stor Magt der, var soleids just ein av dei gamle Forbunds- og Constitutionelle-Menn og Stangs gode Ven og Felage. Det kunde altso vera god Von til aa faa istand det, Stang vilde: ei sterk Regjering, studd av eit Embætts- mannsstorthing, som skulde hjelpa henne aa styra Landet slik, at det baade gjekk fram i Vælstand og slapp aa koma i Henderne paa Raaskapen. Landet skulde vera fritt, styrt av Folket; men Folket var Intelligensen.
           
I 1845 var det daa, at Stang vart Riksraad (Chef for Judre-Departementet, som just daa var tilskipat). Her fekk Stang nettupp den Plassen, han helst kunde ynskja. Aa verta Styrar av Indredepartementet var aa vera Styrar av Landsens Framgang. Landet laag i alle Maatar langt atterut. Skulde det vera eit europeisk Samfund, maatte det faa ny Skikk paa seg i baade det eine og det andre. Det som det fyrst galdt, var aa faa Kommunikationarne elder Samferdsla skipat paa Kulturvis. Her maatte verta Vegjer, skikkelegt Poststell, Eimskip, Jarnvegjer, Telegrafar. Her var mange store Verk aa utføra for ein dugande og idug Minister. Stang viste seg aa vera rette Mannen. Han visste, kva der skulde gjerast; han var ein Arbeidshest overlag, og han visste aa faa Thinget so vidt med seg at han fekk Rom aa Raad til aa arbeida. I dei 10 Aari, han arbeidde her, var han Landet ein nyttig Mann, vart og væl likad. Ingen skal gløyma det Stang hev utrettat til Landsens Bate i den Tidi. Hadde han berre havt Retten til aa vera med i Thingforhandlingarne, vilde han kunnat gjort endaa meir, og mangt av det, som vart gjort, hadde kann henda vortet betre gjort enn det vart. Men Thinget torde ikkje.
           
I det reint Politiske fekk han ikkje gjort so mykje som i det praktiske. Folk ventad, at han skulde gjort nokot stort her og. Morgenbladet, som den Gongen var frilyndt, meinte paa, at med hans Utnemning til Riksraad vilde det byrja eit nytt Skifte i den indre Politikken vaar. Det var Parlamentarismen, Folk ventad at Stang vilde innføra. Det saag og ut til, at han tenkte paa nokot slikt. I 1848 kom Oppositionsmennerne Riddervold og Foss fraa Thinget inn i Riksraadet, og det var Stangs Verk. Kanskje var det berre for aa temja den Folke-Uro, som den franske Februar-Umstøyten hadde vekkt her uppe og; men det saag ialfall ut som eit Stig framimot Parlamentarismen. Me hadde væl fenget den og, dersom Thinget hadde sagt Ja til Riksraadssaki, kanskje det den Gongen hadde voret faarlegt for Folkeveldet aa faa Parlamentarismen innførd, og at det var best det gjekk som det gjekk. Men visst er det, at um Stang hadde sett Parlamentarismen upp paa Programmet sitt, so fekk han ikkje det Programmet gjenomført. Og den store Vending i Politikken vaar vart det ikkje nokot av med.
           
Etter 10 Aars hardt Arbeid vart Stang so sjuk nerveveik -, at han laut taka Avskil aa fara utanlands. Dei trudde han var feig Mann. Men um eit Aars Tid hadde han komet seg so vidt i den Millomtidsregjeringi som vart tilsett til aa styra Landet, det Bilet Kongen var sjuk. Og i 1859-60 var han Storthingsmann fraa Kristiania.
           
Endaa i den Tidi forsvarad han Riksraadssaki. Den 14de Mai 1860 var Saki uppe i Thinget, og Stang heldt daa ein Tale for henne som inneheldt mykje godt. Han kunde no tala ikkje berre etter det han hadde uttenkt, men og etter det han hadde røynt. Han sagde millom annat dei vælkjende Ordi, at under den Forretningsgang, som hidtil har været brugt, er det intet, som tvinger et Medlem af Statsraadet til at sette sig helt og fuldt ind i en Sag; han vil, naar han modtager en Anmodning fra Storthinget, i Regelen gribe til at nedsætte en Kommission og dermed lade det bero. Ved den foreslaaede Forandring tror jeg overhovedet, at vort Statsliv vil løftes op; Kvæstionerne vil fremtræde klarere og lettere gjennemskuelige; deres Forhandling paa en Gang fra Nationalforsamlingens og Administrationens Synspunkt vil bidrage til, at Diskussionen vil blive sig mere bevidst, hvad der er af blivende Betydning, og hvad der kun er Frugt af forbigaaende Meningsbevægelser. Og naar Sume hadde voret rædde fyr, at Thinget, dersom det fekk Riksraadarne inn til seg, skulde riva til seg for mykje Magt, so meinte Stang dertil at han trudde det norske Folk og Storthing vilde skyna si Uppgaava og ikkje misbruka Magti si. Aa, um Fredrik Stang altid hadde havt so vidt Tru til det norske Folk!
           
Men der var og Sumt i denne Talen hans som viste, at det ikkje lenger var Mannen fraa 1833, som talad. Han sagde beint ut, at han ikkje vilde hava parlamentarisk Regjeringsform. Og Grunnarne til, at han ikkje vilde vita av Parlamentarisme, var og merkjelege. Helst den eine av desse Grunnarne, som var den, at Norig ikkje burde hava Parlamentarisme, fordi Sverig ikkje hadde det. Norig burde ikkje sigla for langt framum Sverig. Laag Sverig tilbake, burde Norig og sagta paa Farti. Det var ein Tanke, som høvde nokso godt for den Mannen, som 11 Aar etter kom fram med Unionsforslaget.
           
Kva var det, - som hadde drivet Stang so langt fram paa Bakstrævarvegjen? Det kunde ingen annan Ting vera en det, at det meir og meir viste seg, at Bonde-Demokratiet so langt ifraa leet seg jaga i Kraa av Embættsintelligensen, at det tvertimod helder vaks og viste seg alstødt fastare og meir og meir norsk-norsk. Mot dette Ufyglet galdt det for Daningi aa verja seg. Og kunde ho ikkje halda seg uppe i Høgsætet paa annan Maate, so fekk ho taka Politikken til Hjelp. Ja Stang gjekk so vidt, at han alt no uttalad den Setningen, som sidan vart Grunnen i det syrgjeleg væl kjende Stangske System; at Kongemagti burde vera Motstandskrafti i Politikken vaar, og at Regjeringi altso skulde vera ikkje eit Uttrykk for Almeenviljen, som han fyrr hadde meint, men eit Uttryk og eit Vern for dei konservative Interessar, d. e. for den intelligente innflutte Minoriteten.
           
Det er den Grunnsetningen, som sidan hev øydelagt Stangs politiske Liv, og som no hev ført oss ut i den verste Ugreida som me hev voret i, sidan Landet vart fritt.
           
So stort var Bakstrævarframstiget hjaa Stang, som no stod som Førar for det yngre Atterhaldspartiet, at dei gamle konservative, som t. D. Assessor U. A. Motzfeldt, fyrr Styrar av den Constitutionelle, ikkje lenger kunde forstaa det elder fylgja med. Motzfeldt stod i 1860 paa det same gamle konservative Standpunktet, der Stang hadde stadet i 1833, og laut difor no stiga upp mot Stang og minna han um at, de bør herske, som af Folket er valgte til at herske, og at Meningen med den repræsentative Forfatning er netop, at Folket skal være herskende.
           
Men Stang og hans Flokk høyrde ikkje lenger paa det Øyrat. For dei galdt det større Ting enn politiske Grunnsetningar; det galdt aa halda sin eigen Race uppe i Herredømet yver Landet, og for denne Sjølvverjingsdrifti laut alt annat vika.                                       
 
(Meir.)