Fraa Kristiania.

(Brev til Fedrh.)
           
 
Det frie Ord er aat med aa vakna. Dei store Tankarne trengjer seg meir og meir inn paa oss. Upplysningssaki kjem med sitt store Spursmaal: Kyrkjeskule elder Statsskule; Arbeiderspursmaali ligg og gjer under seg; Spursmaali um Kvinne-Emancipationen, um aalmenn Røysterett, Parlamentarisme og Fristat er alt meir elder mindreuppe, - og no ser det ut til, at eit sterkare Ordskifte vil koma i Gang um Kyrkja og Fritenkjarskapen og. Beintfram er ikkje Spursmaalet reist. Det er sett upp fraa den teologiske Sida, og daa sjølvsagt paa ein slik Maate, at sjølve Spursmaalet inneheld ein Dom; men Spursmaalet er daa reist, og det kann ikkje dryftast, utan at Ein rett som det er kjem inn paa Grunnspursmaali. Difor vil Ordskiftet kunna verta vekkjande kor som er.
           
Det er Professor Petersen, som hev Æra for aa ha sett Ordskiftet i Gang. Prof. Petersen er ein Mann med vidare Syn og friare Tenkjing enn dei fleste av Teologarne vaare, og alt um det kannhenda ikkje segjer so mykje, so hev det daa gjort, at han ikkje som dei fleste andre trur, at det nyttar aa stengja seg ute fraa Kulturen. Tvertimot, dei Kristne maa fylgja væl med i alt, som Tidi hev uppe, forstaa det, taka upp alt det sanne og gode, som Kulturen avlar fram, og innarbeida det i sitt kristelege Livssyn. Like eins hev han set, at det ikkje er rett av Kyrkja aa leggja seg i Vegen for Fridomsarbeidet, so som ho dessverre ofte hev gjort. 1) At Prof. Petersen hev havt Vit til aa sjaa dette og Mod til aa segja det ende ut, det vil alle ærlege Folk æra Mannen fyre, og for Kyrkja kann det berre gjera godt.
           
 
Desse Petersens Tankar vekkte naturlegvis strakst Strid. Serleg var Morgenbladsprestarne uglade ved aa høyra ein Autoritet tala soleids, og det kom eit langt og helder ublidt Motlegg i Mgbl. mot Petersen. Det vart sagt, at han med dette Fyredraget sitt berre hadde gjort vondt og gjevet Vantrui Vaapen i Henderne. Men andre Prestar hev likat Ordi hans væl, og det hev endaa vortet sagt av ein av dei, at Petersens Ord kom som ei Løysning av det, som mang ein ærleg prest sjølv hev gjenge og tenkt paa, men ikkje rett kunnat gjera seg klaart.
           
No Laurdag og Maandag var, hadde dei Ordkast um dette Foredraget i Studentersamfundet. Det var huglegt aa sjaa, kor stappende full Salen var baae Kveldarne; for det viser, at det enno er Samhug for store Aandsspursmaal millom Studentarne. Mange hadde skrivet seg inn i Samfundet einkom for aa vera med og høyra paa dette Ordskiftet. Det er Trudomsspursmaalet, som er det største og sterkaste av alle.
                                                           
(Meir.)
 
1)